Dei første duellane i finalen er klare, og det er no på tide med knockout-rundane. Superheltane for første gong opp til helt-mot-helt-kampar der taparen nådelaust ryker ut og må innfinne seg til sin plass i superheltrangstigen.

Trykk på knappen for å stemme, eller les meir om Hulken og Captain America lenger nede.

Hulken

Hulken. (Foto: Marvel).

Alter ego: Robert Bruce Banner
Skaper: Stan Lee, Jack Kirby
Første opptreden: Incredible Hulk #1, 1962
Født: ?
Forlag: Marvel Comics

RaaaaAAAAAGE! Trass eiget utsagn er det når doktor Bruce Banner er forbanna at me likar han best.

Etter at han vart utsatt for ei uheldig stor mengde gammastråling frå ei atombombe forvandlast han til Hulken kvar gong adrenalinet slår inn. Og dess sintare han er, dess sterkare vert han!

Intelligensnivået til Hulken kjem litt an på kva versjon ein skal følgje med på, men det varierar frå sint treåring, til doktorens fulle mentale kapasitet. Han er derimot artigast når han er i trassaldermodus.

Hulken er inspirert av både Dr. Jekyll and Mr. Hyde og Frankenstein-monsteret. Stan Lee ville nemleg lage eit monster som innerst inne var ein grei fyr.

Captain America

Captain America (Bilde: Marvel).

Alter ego: Steve Rogers
Skaper: Joe Simon og Jack Kirby
Første opptreden: Captain America Comics #1, 1941
Født: 1917
Forlag: Marvel

‘MURICA, F**K YEAH! Steve Rogers var ei patriotisk pingle som hadde lysta, men ikkje evnene, til å kjempe for sitt fødeland.

Men ved hjelp av det eksperimentelle supersoldatserumet til Operation Rebirth vert han Captain America som ved hjelp av superstyrke og sitt vibranium-skjold.

Når han ikkje kjemper mot aksemaktene – eller gir Hitler og Red Skull ein rak høgre – er han posterboy for «home of the brave, land of the free».

Med tida tok han óg del i Avengers-tiltaket for å samle dei kraftigaste superheltane i eit lag. I teikneseria var han faktisk ikkje med i The Avengers frå starten av, han kom først med i utgåve nummer 4 som erstatning for – nettopp – Hulken.

OMTALE: Captain America: Slik skal en superheltfilm være!

Sinnataggen mot Patrioten

Hulken har sin råe villskap og sitt eskalerande sinne å stole på har, og har nok ein rein styrkefordel. Og dess lenger kampen varar, dess verre vert det for kapteinen å stå mot presset. Men, noko taktisk geni er ikkje akkurat vår grøne ven.

Captain America er ein naturleg leiar med viljestyrke nok til å ta seg av det meste. Han har óg sansen for både taktisk og rask planleggjing, og er nok grei å ha i ei knipe uansett. Men, bak skjoldet og drakta er han eigentleg berre ein vanleg mann – han er på ingen måte usårleg.

Resultatet er opp til deg! Trykk på knappen under for å stemme på denne finalen og dei tre andre finalane denne veka.