Éin mot éin skal siste halvdel av 8-delsfinalane no utkjempast. Vinnaren går vidare mot kvartfinalane, medan taparen ryker ut og må innfinne seg til sin plass i superhelthierarkiet. Ver nådelaus!

Les meir om Professor X og Iron Man lenger nede, eller trykk på knappen om du alt har bestemt deg.

Iron Man

Iron Man. (Foto: Marvel Comics).

Alter ego: Anthony Edward «Tony» Stark
Skaper: Stan Lee, Larry Lieber, Don Heck, Jack Kirby
Første opptreden: Tales of Suspense #39, 1963
Født: ?
Forlag: Marvel Comics

Mannen med eit hjarte av stål! Ved sidan av å vere playboy, industriherre og mangemilliardær er Tony Stark superhelten Iron Man.

Hans moderne rustning har hatt ulike krefter og former (alt frå ein koffert til at den kjem ut gjennom kroppen hans) gjennom tidene, men stort sett har han superstyrke, flygeeigenskaper, og mogelegheita til å skyte ulike våpen.

For å auke sjansene sine mot motstanden plar han gjerne å spesialisere rustningane sine. Han har drakter for alt frå å spesifikt banke Hulken eller Thor, til å reise i det ytre rom.

Iron Man har kjempa mot mykje opp gjennom åra. Som superhelt har han kjempa mot ulike truslar mot det amerikanske samfunnet, og personleg har han stått i mot alt frå hjartetrøbbel til alkoholisme. Men med pågangsmot – og kanskje ein uheldig dose arroganse – har han komt seg vidare.

Professor X

Professor Xavier. (Foto: Marvel Comics).

Alter ego: Charles Francis Xavier
Skaper: Stan Lee, Jack Kirby
Første opptreden: X-Men #1, 1963
Født: ?
Forlag: Marvel Comics

Professor X, Charles Xavier, er mannen som grunna superheltteamet X-men for å samle mutantane, lære dei å
bruke kreftene sine, og beskytte dei mot utanforliggande farer.

Med sine telepatiske evner kan han lese, påverke og kontrollere det menneskelege sinnet. Slik kan han til dømes plante illusjonar i hovuda til fiendane sine eller gi dei hukommelsestap. Det er ikkje tilfeldig at hans erkefiende går rundt med ein spesiallaga hjelm som sperrar Xavier frå å tukle med hvovudet sitt.

Du kjenner han att på rullestolen og den blanke issa. Som ung mista Xavier håret, som følgje av dei mektige telepatiske kreftene sine.

Han er inspirert av Martin Luther King Jr., som på same måte ville fredeleg samle sine meiningsfeller og skape fred mellom minoriteten.

Kropp og sinn

Det er får som innehar noko som er i nærleiken av hjernekapasiteten til Professor X. Anten det er gjennom sirleg planleggjing eller ei rask mental handling, så har han teke seg av det meste i Marvel-universet. Har han svakheiter? Vel, mangelen på beinkraft er kanskje det einaste.

Iron Man er litt meir hands-on. Med forberedingstid skulle han nok ha klart å smelle saman ein rustning som er vel så effektiv som hjelmen til Magneto mot Professor X sine «mind tricks». Diverre er han litt for arrogant til å innsjå eigne svakheiter.

Resultatet er opp til deg! Trykk på knappen under for å stemme på denne finalen og dei tre andre finalane denne veka.