24 superheltar er slått ut, og dei resterande åtte kjemper om å bli kåra til Verdas Beste Superhelt. Kvartfinalane er i gang, og du kan vere med å bestemme kven som vinner konkurransa vår.

I denne kvartfinala finn me to smidige superheltar, som på kvar sin måte har bestemt seg for å beskytte byen sin mot farer.

Trykk på knappen for å stemme på din favoritt, eller les mer om Spider-Man og Fantonald først!

Spider-Man

Spider-Man (Bilde: Marvel).

Alter ego: Peter Parker
Skaper: Stan Lee
Første opptreden: Amazing Fantasy #15, 1962
Født: ?
Forlag: Marvel

Til vanleg er han fotojournalisten Peter Parker, men etter å ha blitt bitt av ein radioaktiv edderkopp utviklar han edderkoppliknande krefter og kan svinge seg frå hustak til hustak gjennom New York.

I teikneserieuniverset er Spider-Man i tillegg like rappkjefta som han er smidig, noko som gjer kampane hans desto meir underhaldande.

Parker følgjer sin avdøde onkels prinsipp, «Med store krefter kjem stort ansvar». Dette står ekstra sterkt sidan onkelen døydde fordi han sjølv oversåg ei kriminell handling. Han bar lenge skuldkjensla av det.

I si tid vart han skapt for å vise at sjølv superheltar kan ha fullstendig vanlege problemer som sitt alter ego. Når han ikkje bekjemper ondskap må han slite med dei same kvardagslege kjærleiksproblema som alle andre.

Fantonald

Fantonald (Bilde: Disney)

Alter ego: Donald Duck
Skaper: Guido Martina og Giovan Battista Carpi
Første opptreden: Paperinik il diabolico vendicatore, 1969
Alder: ?
Forlag: Disney

Etter at italienske teikneseriefans klaga over at Donald alltid var taparen i historiene sine, skapte Martina og Carpi eit alter ego for han – Fantonald.

I starten var han ein djevelsk anti-helt som hevna seg på samfunnet for urett gjort mot han, men etter kvart har han blitt ein meir tradisjonell superhelt.

Fantonald har – på same måte som Batman – ingen superkrefter, men er heller utstyrt med det som kan verke som botnlause utstyrslommer og eit kjapt intellekt.

Mange kjenner han kanskje best frå enkeltståande historier i Donald Pocket-bøkene, men han har óg hatt eit eiget teikneserieblad der han i større grad får utforske verda rundt seg, og får litt meir seriøse fiendar å kjempe mot. Denne serien har óg eit eiget PS2-spel frå 2002.

Swinger mot Vralter

Kven skal gå av med sigeren i denne kvartfinalen? Er det den rappkjefta Spider-Man svinger seg frå bygning til bygning for å forvirre og omgå fienden? Er er det Fantonald som nyttar sine teknologiske nyvinningar til å finne motstandarens svake punkt? (Eller er det berre rett og slett den du tykkjer er kulast?)

Det er det opp til deg å bestemme. Trykk på knappen under for å stemme på din favoritt, og hjelp han til siger i kåringa av Verdas beste superhelt!