Dei åtte sterkaste står igjen, og det er klart for kvartfinalane i kåringa av Verdas Beste Superhelt. Dei skulle nok fint ha klart å banke vetet ut av kvarandre utan hjelp, men akkurat i dag er det du som skal få bestemme kven som vinn.

I denne kvartfinala finn me to stykker som allereie har møtt hard motstand på vegen opp. Båe har blitt plassert på jorda mot si vilje, og etter kvart blitt veldig glad i den vesle planeten vår.

Trykk på knappen for å stemme på din favoritt, eller les mer om Supermann og Thor først!

Thor

Thor. (Foto: Marvel Comics).

Alter ego: Thor Odinson, Donald Blake
Skaper: Stan Lee, Larry Lieber, Jack Kirby
Første opptreden: Journey into Mystery #83, 1962
Født: I en hule i Norge
Forlag: Marvel Comics

Dersom ein håper på heimesiger er vel Thor det næraste ein kjem i vår kåring. Han er basert på den norrøne tóreguden med same namn, men er på ingen måte karen me kjenner frå åsatrua.

Odin kasta sonen sin til jorda fordi han var barnsleg og hoven. På jorda vart han legen Donald Blake, som til slutt finn sin trufaste ven, hammaren Mjølner og viser seg verdig gudestatusen igjen.

Thor er ein slagkraftig, og med hammeren kan han óg kontrollere véret. Mjølner er hans kraftigaste våpen mot jotnene og alle dei andre fiendane ein bebuar av Åsgard kan ha.

Han er ikkje udødeleg, men innehar ein bråte krefter som superstyrke, superhørsel og ein fantastisk kondis. Dersom han er i ein trykka situasjon kan han óg gå i berserkergang og bli rasande kraftig. Ein ekte viking!

Supermann

Supermann. (Foto: DC Comics).

Alter ego: Clark Kent
Skaper: Jerry Siegel, Joe Shuster
Første opptreden: Action Comics #1, 1938
Født: ?
Forlag: DC Comics

Kal-El kom til jorda fra planeten Krypton som barn. I ein åker vart han funne ar mor og far Kent som tok vare på han gjennom oppveksten.

Men Kal-El var ikkje kven som helst. Han har røntgensyn, kan flyge, er raskare enn ei kule og har overmenneskeleg styrke. Med andre ord, han er ganske super!

Når Supermann ikkje er Supermann er han journalist (kven vil vel ikkje det? – journ.anm.) for The Daily Planet, dette er eit fint påskot for alltid å vere på rett stad når ei ulukke eller ei kriminell handling tek stad.

Supermann er rekna for å vere den første ordentlege superhelten med superkrefter, det krever nesten ein applaus uansett.

Besøkande mot besøkande

Supermann er ein av dei sterkaste i verda, og han kjemper alltid ein kamp til siste strå av vilja hans er vekke. Men han har ei stor svakheit, det sjeldne elementet kryptonitt. Kva om Thor har satt himmel og jord i rørsle – bokstaveleg talt – for å få tak i eit lite stykke?

Thor er ein kraftplugg av dei sjeldne, og med sin trufaste Mjølner får han ekstra mykje slagkraft. Men han er ikkje alltid den mest framtenkte av våre heltar – spesielt når ein tenkjer på at han utan hammeren mister det meste av kreftene sine, medan han samtidig nyttar hammeren som kastevåpen. Kanskje Supermann klarar å hjelpe hammeren vekk og ut i det ytre rom?

Det er det opp til deg å bestemme. Trykk på knappen under for å stemme på din favoritt, og hjelp han til siger i kåringa av Verdas beste superhelt!