Funcom-logo

  • Funcom
  • Etablert i 1993
  • Vart kjend med eventyrspelet Den lengste reisen i 1999
  • Har sidan 2000-talet fokusert på MMO, deriblant: Anarchy Online, Age of Conan og det nært foreståande The Secret World

Lego er i vinden, og det er sanneleg Funcom óg. I ei pressemelding i dag kjem det fram at Lego og Funcom har starta eit samarbeid om eit nytt online-spel.

E24 melder at spelet vil vere «i typisk Funcom-stil» der: — Mange spillere kan spille med eller mot hverandre samtidig.

Eller eit MMO som me gjerne ville ha kalt det.

Om det er ein variant av eit rollespel med handling, eller meir ein form for sosial byggjing som Minecraft veit me enno ikkje noko om.

Tar over for Lego-MMO lagt ned i januar

Legos førre MMO-spel – Lego Universe – fekk aldri oppslutninga dei hadde håpa på. Utviklar NetDevil og Lego tapte store pengar på spelet, og det var lagt ned i januar i år.

Men med tanke på den aukande trenden med større spel for yngre spelarar er dette absolutt noko som kan bli populært, dersom dei klarar å skape nok oppstuss om det. Funcom-direktør Trond Arne Aas er positiv til tidens krav:

— Marknaden for familievenlege onlineopplevingar retta mot born og unge har veldig stort potensial.

Han legg heller ikkje skjul på at dette er ein stor mogelegheit for Funcom:

— Mogelegheita til å arbeide med ei verdsberømt merkevare som Lego, og å lage eit spel for Legos brukarar, er utruleg spennande for oss som utviklarar og Funcom som selskap.

Les også: Lego Batman 2: DC Super Heroes – Flott Lego-fest med superhelter

Fokus på tilgjengeligheit

Han legg til at Funcom og Lego har vore tett på kvarandre i fleire år, og at dette no har resultert i eit samarbeid om det nye spelet. Lego-spelet skal ha regi både frå Funcom og Legos side, og fokuset skal vere på tilgjengeligheit.

I følgje pressemeldinga er dette det første i rekkja av mindre og meir fokuserte MMO som Funcom vil lage fleire av i tida som kjem.

Så gjenstår det berre å sjå om dette – i kombinasjon med The Secret Worlds nærtståande utgiving – kan spytte liv i Funcom.

Les også: Sniktitt på The Secret World – Lovende norsk spill

Trond Arne Aas reknar med ei utviklingstid på 18-24 månader. Spelet ventast med andre ord å kome i 2014 ein gong.