Andre halvdel av 8-delsfinalane er no i gang, og dei siste deltakarane til neste vekes kvartfinalar skal no velgjast ut. Taparen ryker ut og må innfinne seg til sin plass i superhelthierarkiet, og vinnaren stig stadig nærare toppen. Ver nådelaus i utvelginga!

Les meir om Supermann og Blade lenger nede, eller trykk på knappen om du alt har bestemt deg.

Supermann

Supermann. (Foto: DC Comics).

Alter ego: Clark Kent
Skaper: Jerry Siegel, Joe Shuster
Første opptreden: Action Comics #1, 1938
Født: ?
Forlag: DC Comics

Kal-El kom til jorda fra planeten Krypton som barn. I ein åker vart han funne ar mor og far Kent som tok vare på han gjennom oppveksten.

Men Kal-El var ikkje kven som helst. Han har røntgensyn, kan flyge, er raskare enn ei kule og har overmenneskeleg styrke. Med andre ord, han er ganske super!

Når Supermann ikkje er Supermann er han journalist (kven vil vel ikkje det? – journ.anm.) for The Daily Planet, dette er eit fint påskot for alltid å vere på rett stad når ei ulukke eller ei kriminell handling tek stad.

Supermann er rekna for å vere den første ordentlege superhelten med superkrefter, det krever nesten ein applaus uansett.

Blade

Blade. (Foto: Marvel Comics).

Alter ego: Blade
Skaper: Marv Wolfman, Gene Colan
Første opptreden: The Tomb of Dracula #10, 1973
Født: 1929
Forlag: Marvel Comics

Då Blade vart født vart mora teken hand om av ein doktor som viste seg å vere vampyr. Vampyren drap mora før fødselen, og nokre av ensyma i blodet hans vart overført til Blade.

Den vaksne kvasi-vampyren har overmenneskeleg styrke, uthaldenheit, snøggleik og skjerpa sansar. Og i motsetning til fullverdige vampyrar, så brenn han ikkje opp i sola (og nei, han glitrar ikkje heller!).

Han er ein meister i kampsport og fekting, og er dyktig med handvåpen og kasteknivar.

Blade har kjempa mot dei fleste vampyrar i Marvel-universet, og teke knekken på dei fleste. Men som med udøde flest er det vanskeleg å halde dei i grava, så jobben hans tek aldri slutt.

Frelsaren mot jegeren

Supermann er mektig, og av dei sterkare superheltane i verda – og har ei sterk viljestyrke for å redde menneskeheita. Men hans openbare svakheit er grønkryptonitt, eit radioaktivt materiale som svekker kreftene hans og kan – i verste fall – drepe han.

Blade er vant til å kjempe mot sterke fiendar, og også motstandarar som i utgangspunktet er sterkare enn han. Men etter kvart som tida går må han innta eit spesielt serum for å mette blodtørsten sin.

Om dette ikkje er i nærleiken vert han nødt til å bite eit menneske – og det ser Supermann neppe med blide auger på…

Resultatet er opp til deg! Trykk på knappen under for å stemme på denne finalen og dei tre andre finalane denne veka.