Andre halvdel av 8-delsfinalane er no i gang, og dei siste deltakarane til neste vekes kvartfinalar skal no velgjast ut. Taparen ryker ut og må innfinne seg til sin plass i superhelthierarkiet, og vinnaren stig stadig nærare toppen. Ver nådelaus i utvelginga!

Les meir om Thor og Super-Langbein lenger nede, eller trykk på knappen om du alt har bestemt deg.

Super-Langbein

Super-Langbein. (Foto: Disney).

Alter ego: Langbein
Skaper: Dell Connell, Paul Murry
Første opptreden: The Phantom Blot #2, 1965
Født: ?
Forlag: Disney

Meteorbestrålte peanøtter er ei litt uvanleg kjelde til superkrefter, men så er Super-Langbein óg ein litt uvanleg superhelt.

For å vere forberedt på kriser går Langbein alltid rundt med peanøtter i hatten sin, slik at han kan bytte til sin superheltidentitet til ei kvar tid.

I kappe og lange underbukser flyg han rundt og beskyttar Andeby mot skurkar og naturkatastrofer. Han har superstyrke, supersyn og ultrahørsel – Super-Langbein er Disneys eigen Supermann!

Første gongen Super-Langbein gjorde eit innhopp var det rett og slett Langbein som lata som han var ein superhelt, men med tida har han blitt den figuren me kjenner han som.

Thor

Thor. (Foto: Marvel Comics).

Alter ego: Thor Odinson, Donald Blake
Skaper: Stan Lee, Larry Lieber, Jack Kirby
Første opptreden: Journey into Mystery #83, 1962
Født: I en hule i Norge
Forlag: Marvel Comics

Dersom ein håper på heimesiger er vel Thor det næraste ein kjem i vår kåring. Han er basert på den norrøne tóreguden med same namn, men er på ingen måte karen me kjenner frå åsatrua.

Odin kasta sonen sin til jorda fordi han var barnsleg og hoven. På jorda vart han legen Donald Blake, som til slutt finn sin trufaste ven, hammaren Mjølner og viser seg verdig gudestatusen igjen.

Thor er ein slagkraftig, og med hammeren kan han óg kontrollere véret. Mjølner er hans kraftigaste våpen mot jotnene og alle dei andre fiendane ein bebuar av Åsgard kan ha.

Han er ikkje udødeleg, men innehar ein bråte krefter som superstyrke, superhørsel og ein fantastisk kondis. Dersom han er i ein trykka situasjon kan han óg gå i berserkergang og bli rasande kraftig. Ein ekte viking!

Gud mot dude

Thors gudekrefter er kraftige, men han kan bli for hovmodig i kampsituasjonar. Dersom han skulle miste Mjølner vil óg mange av hans krefter bli betydeleg svakare.

Likeins er Super-Langbein avhengig av å ha peanøttene sine, kreftene hans går vekk utan tilgangen på dei. Men dersom han har ein god rasjon av super-peanøtter er han ei kraft ein bør rekne med.

Resultatet er opp til deg! Trykk på knappen under for å stemme på denne finalen og dei tre andre finalane denne veka.

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.