Microsoft sin presentasjon på E3 gjekk forbi utan dei heilt store spel-nyheitene. Generelt sett var det faktisk ikkje særleg fokus på spel i det heile teke. Noko småinteressant stoff var det derimot likevel. Du kan sjå heile den halvanna time lange presentasjonen i botnen av saka, eller lese oppsummeringa vår her.

Fleirskjermsopplevingar

Der Nintendo har valgt å lage sin Wii U Gamepad som ein innebygd del av systemet sitt, tek Microsoft eit steg utover med sin SmartGlass. SmartGlass skal gjere skjermopplevinga djupare, ved å gi meir informasjon og interaktivitet mellom sjåaren og det som skjer på skjermen. Dette skal vere tilgjengeleg for både Windows-, iOS- og Android-devices.

Direktør Don Mattrick presenterte nyheiter for Microsoft. Dette var hans 17. E3 (Foto: Afp).
Ikkje så mykje er kjend rundt sjølve teknologien enno (om det er ei abonnementstjeneste eller enkel app, og så vidare), men poenget er at produksjonsselskap på seriar som til dømes Game of Thrones kan tilføre meir informasjon til serien, til dømes ved å vise kart over kvar ein er i serien.

Ny teknologi, utan nye innkjøp

Andre eksempel dei viste til var å velgje taktikkar i Madden frå iPaden, eller ved å nytte Android-telefonen din som touchpad for mediasenterløysinga til Xboxen. Dette skal i utgangspunktet vere tilgjengeleg utan å kjøpe meir hardware:

— TV-en du allereie eig, Xboxen du allereie eig, tableten du allereie eig og telefonen du allereie eig. SmartGlass gjer ein kvar TV til ein smart-TV, seier Marc Whitton, direktør for Xbox Live.

Ved sidan av å gjere det mogeleg å streame NHL (ikkje tilgjengeleg i Skandinavia) og NBA (tilgjengeleg i Noreg med LeaguePass), har Microsoft fått avtalar med 35 tenester. Mellom desse finn me Telenor-eigde Comoyo og svenske Headweb.

For dei teknisk innvidde har delar av denne teknologien vore tilgjengelege i fleire år, men med større inntog frå dei store maskinprodusentane, kan dette bety at underhaldningssenter som dette får ein stadig lågare terskel for nye brukarar.

Les også: Test av filmleie på nett, del 1 (del 2 kjem på laurdag)

Tomb Raider – Microsoft sitt svar på Uncharted

Det vart óg vist eit gameplay-klipp (let’s face it, det er ingen av dei som faktisk spelar på scena, sjølv om dei står der med ein kontroller) frå det komande Tomb Raider-spelet. Det kan sjå ut som franchisen tek ein meir hardbarka vending, og vert meir modent enn seriens tidlegare spel.

Faktisk var klippa me såg ikkje heilt ulikt Uncharted-serien, med actiondrivne og cinematiske «scener» midt i det heile. Ein skal ikkje sjå vekk frå at denne dreiinga av serien er inspirert av Nathan Drake sine Playstation-eksklusive eventyr.

Les også: Ingen Lara Croft i 2012

Call of Duty: Black Ops II

I det som omtrent kan verke som ein akutt mangel på fiendar (no er til og med nord-koreanarane oppbrukt), har Black Ops-serien retta sin militærsponsa finger mot robotane. Historia dreier rundt å beskytte den amerikanske presidenten mot ein armé av droner og robotar som den amerikanske hæren har mista kontrollen over.

Traileren viste mellom anna bruk av ei panserbrytande sniper-rifle som kan skyte gjennom betongveggar. I tillegg til ein heil drøss anna dronebasert teknologi, har Treyarch med andre ord endeleg innført avansert wallhacking i spelet sitt.

Omtale: Call of Duty: Black Ops – Actioneventyr med historiske overtoner

Halo 4

Spelet verkar å ta opp tråden der Halo 3 la den att. På den korte sniktitten – som minte ein del om Metroid Prime – vert blikket retta mot ein ny dødeleg fiende.

I tillegg til den nye fienden utad, kan det sjå ut som om det vert problemer innad óg, då din velkjende hjelpar Cortana innrømmer å byrje å bli utdatert og gammal. Der Master Chief i dei tidlegare spela berre har vore eit skal av ein spelar, gir dette kanskje potensial for å byggje bakhistoria hans i større grad.

Les også: Ny Halo-serie får namnet «Reclaimer Trilogy»

Alt i alt var ikkje Microsoft sin presentasjon den heilt store. Noko av dette kan nok skuldast avventing på ein ny konsollgenerasjon, men dei gjekk overraskande raskt forbi sine tre store spelfranchiser, og nytta alt for lang tid på å vise Usher danse for å promotere Dance Central 3. I staden låg fokuset på underhaldningssenteret og enklare streaming av nye tenester.

Kanskje er det fordi bransjen må rette seg mot ein stadig breiare andel av befolkninga – ikkje berre nerdane – men det kjennest ikkje ut som om presentasjonen hadde den same raude tråden som eg har sett tidlegare år. Når nyheitene dei så presenterer i tillegg ikkje er så fantastiske, må eg ærleg talt innrømme at eg er litt skuffa.

Sjå heile presentasjonen her

Spol fram til 36.40 for starten av pressekonferansa her:

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.