Dette må kanskje vere den største samlinga spel nokon gong? Ebay-brukaren collectors_king kan iallfall ikkje vere langt unna då han solgte fleire tusen spel under tittelen «BIGGEST COLLECTION EVER? 22 SEGA / NINTENDO / PC ENGINE FULLSETS,FACTORY SEALED!» for 999.999,99 euro i går.

Berre eitt av dei mange sjeldne spela i samlinga (Bilete: collectors_king).
Samlinga inneholdt blant anna fullstendige samlingar av absolutt alle spel for alle Nintendo-plattformer opp til Gamecube – altså Nintendo, Super Nintendo, Virtual Boy, Nintendo 64, Nintendo 64 DD, Gamecube.

Den inneholdt òg total samling av spel til alle Sega-plattformer nokon gong utgitt – Saturn, Megadrive, Master System, Game Gear og Dreamcast.

I tillegg sel han alle spela til NEC, eit japansk selskap som laga spelmaskiner på 80-talet.

Samlinga inkluderar sjeldne spel, og utgivelsar som kun var tilgjengeleg gjennom konkurransar eller spesialtilbod.

Spelmaskinene for absolutt alle spela er sjølvsagt med i salget. Dei fleste av desse – både maskinene og spela – er i plastikken dei vart kjøpt i opprinneleg.

Dersom du har god tid, og eit siklesikkert tastatur, kan du ta turen innom Ebay for å sjå heile samlinga. Den er nesten latterleg stor!

Hadde du blåse bort sparepengane dine på ei samling som denne?