Funcom-logo(Foto: Privat)

  • Lett blanding
  • Storbyferie eller strandkos?
  • — Eg er Batman
  • Grillmat eller iskrem?
  • — Eg er Batman
  • Sandaler med eller utan sokker?
  • — Eg er Batman
  • Sumarflørt eller tur med gutta?
  • — Eg… er Batman?
  • Toyota’n til Magdi eller Euphoria?
  • — …

I anledning kåringa av Verdas beste superhelt møtte Birger Vestmo éin av dei fire semifinalistane – Batman – i Gotham, byen han kjenner som sitt eiget utstyrsbelte.

Sjå intervjuet øverst, sjå det på Youtube, eller les utvalgte deler av intervjuet her.

Me finn han på eit hustak, sitjande berrføtt i ein campingstol med tærne i takmosen. Men kva trur eigentleg sjølvaste Batman om ei konkurranse som dette?

Han plukkar opp koppen sin, fiklar ei stund med den, tek ein slurk te, før han set blikket i Birger og seier:

— Kva trur du?

Éin kamp om gangen

Batman er ein mann med mange plager, både indre og ytre, men at han skulle kome så langt i konkurransa var overraskande for han. Kva trur han om eigne sjansar?

— Det er ikkje kven er eg under maska, men kva eg gjer, som definerar meg, seier den kappekledde helten.

Batman, som nett slo ut Iron Man i kåringa, har potensielt to duellar igjen. Men han er glad han slepp å ta båe samtidig:

— Eg klarar ikkje å ta to av lakeiane dine!

Heldigvis held det med éin om gangen!

Han er Batman

Den maskerte hemnaren har eit djupt forhold til eigen identitet som superhelt. `

I samtale med Birger viste han stor innsikt om eiget image og personlegdom, noko denne djupe kommentaren spesielt viser:

— EG ER BATMAN!

Han kan sanneleg få sagt det, han Batman.

Batman eller Wolverine? Supermann eller Spiderman? Du bestemmer! Stem fram din favoritt i kåringa av Verdas Beste Superhelt.