2012 er litt over halvveges, og etter ein liten tørkeperiode den siste månaden står me no framfor ein ny straum av spel. Tida fram mot jul er høgsesong for spel, og eg har prøvd å samle nokre av spela eg gledar meg mest til utover hausten.

Haustens storspel er prega av oppfølgjarar og vidareføringar av tidlegare serier – som både kan vere bra og dårleg – men innimellom er det eit og anna glimt av nytt håp. Lista mi – som for øvrig er unummerert – har med litt av kvart.

Kva spel gledar du deg mest til? – legg ei liste i kommentarfeltet!

Borderlands 2

Eg var ein av dei som var veldig begeistra for Borderlands sitt knirkete, rustne univers. Blandinga av rask skytefest og ei karakterrik post-apokalyptisk verd fanga meg, og dei eg spelte med (alltid bonus med fleirspelar på delt skjerm).

Sjølv om oppfølgjaren frå 2K Games reklamerar med at det har 87 bazillionar (nei, ikkje eit ekte tal — journ.anm.) skytevåpen, så er det nettopp planeten Pandora eg har lyst til å sjå igjen.

Her kan du sjå Gearbox Software sin lettare Løvenes Konge-inspirerte trailer.

Fem år etter einaren har verda haldt fram. Ein mann kalla Handsome Jack har teke æra for handlingane du gjorde i det første spelet, og er no eineherskar over planeten. Eg overraskar vel ingen om eg tipper at han vert vår hovudmotstander i spelet.

Borderlands 2 har sleppdato den 21. september.

Pokémon Black/White 2

I det som faktisk er den første direkte oppfølgjaren til eit Pokémon-spel nokonsinne plukkast historia opp fem år etter at Pokémon Black/White slutta. Ikkje at det er radikalt annleis, altså:

Pokémon-spela har lenge blitt kritisert for å berre vere det same opp igjen og opp igjen – berre med nye monster – men 3D-verda og problematiseringa av Pokémon-«slaveriet» som vart innført i dei førre spela, samt ei kontinuerleg historie, kan kanskje blåse nytt liv i franchisen.

Kanskje dette kan vere det som gjer til at eg vert verkeleg engasjert i Pokémon-verda igjen, nokre år etter at eg gav opp FireRed? (Eg innrømmer glatt at eg ser episodar av TV-serien innimellom.)

Og Nintendo, når gir de oss Pokémon-MMO-et i ei sandboks-verd som eg har drøymd om så lenge?

Pokemon Black/White 2 har sleppdato den 12. oktober.

Assassins Creed 3

Det kan vere vanskeleg å halde ein serie i gang over lenger tid, men Ubisoft verkar å ha eit aktivt forhold til dette.

Sjølv om Assasins Creed: Revelations – det fjerde i rekka – ikkje holdt seg like godt som dei tidlegare spela, så har ikkje forventningane til serien blitt lågare. Spesielt når Ubisoft slepp videoar som dette:

Borte er den italienske renessansen, no er det den amerikanske revolusjonen Desmond skal ta del i – med semi-indianeren Connor Kenway som sin avatar. Nye våpen, som ei tomahawk-øks, vert ein del av verktøyskassa til spelaren.

Som alle forteljingar med konspirasjonar i botn pensar sjølvsagt også Assassins Creed 3 innom at verda skal gå under i 2012, lat oss berre håpe på ein «happy ending».

Assassins Creed 3 har sleppdato den 31. oktober.

Dishonored

Dishonored kom – passande nok for eit spel om snikmyrding – veldig overraskande på spelverda. Arkane Studios er folka som stod for utsjånaden til vidareutviklinga av Bioshock-serien.

Med tanke på den fengslande undervassbyen Rapture, augnar eg iallfall håp om noko minst like iaugnefallande i Dishonored.

Spelet verkar å fokusere på spelarens eigne valg og ifølgje forhåndsomtaler er det mogeleg å spele det både som ein hardtslåande motstander, og ein skuggesnikar som knappast drep nokon som helst. Denne nylege traileren visar ulike måtar ein kan angripe eit problem på:

Med ei verktykasse som inneheld ei blanding av magi, akrobatiske triks og steampunk-teknologi kjempar – eller sniker – du deg fram i enkeltbaner for å løyse oppdraga du får.

Hovudpersonen er Corvo, ein tidlegare vakt i den rojale garde, som har no søkjer hemn etter å – urettmessig(?) – ha fått skulda for mordet på dronninga.

Dishonored har sleppdato den 21. oktober.

Prison Architect

Til slutt, eit spel som neppe vert heilt ferdig i 2012. Dette er eit tilbakekall til business-simulatoren – ein sjanger som var særs populær på 90-talet med spel som Rollercoaster Tycoon og Theme Hospital, men som diverre døydde litt ut.

I Prison Architect styrar du derimot ikkje noko så streit som eit transportselskap eller eit sjukehus, men eit fengsel. Og det som gjer til at eg gledar meg mest er det at ein kan styre det på fleire måtar.

Det verkar ikkje å vere ein litt fastlagt sti, som til dømes i The Sims, men fleire ulike styremåtar – som til dømes ein ondskapsfull tyrann, ein rehabiliterande bestefar, eller ein utspekulert mellomting. Om du vil vite meir om spelet og prosessen bak kan du sjå skaparane sin 46 minutters-presentasjon frå årets Rezzed-konferanse.

Prison Architect har ingen sleppdato, men er meldt å kome i alfaversjon i løpet av året.

Kva spel gledar du deg til i haust?