Det er litt vanskeleg å anmelde Pokémon. På den eine sida er det ei av seriane eg har nytta mest tid på i mi spelhistorie, på den andre sida er det ein serie som lenge kjennest ut som den har stått stille.

Pokémon Black 2 (og dens kompanjong, White 2) er no på plass, og eg fekk ein koseleg tur gjennom velkjend farvatn med flammegrisen min, Bacon, i front.

«Jeg har fått et kall»

Med dei førre spela i serien, Black og White vart auka fokus på historie, samt ei bøtte nye Pokémon introdusert. Toaren plukkar opp historia to år etter, og vert slik den første direkte oppfølgjaren i franchisens 14 år lange karriere. Heilt nyskapande er det likevel ikkje.

Som vanleg er du ein purung Pokémon-fan som får velge sitt første beist av ein Poké-professor med etternamn frå ein tresort.

Mora di sender deg av garde med eit kyss i panna for bli den beste i verda på å «fange noen rare dyr, som bor inni en ball».

Kjende konsept som eit skurkelag med eit teknisk basert namn, ein langtstrekkande sykkelsti og «til slutt» ein liga der du bekjemper fem Pokémon-veteranar er framleis med, og kjem nok aldri til å bli vekke. Forteljinga er òg gjort på same måte, med nokre tredimensjonale tablå for å piffe opp mellomsekvensar. Her har det heller ikkje vore den heilt store utviklinga sidan 90-talet.

Anmelding: New Super Mario Bros 2: — Både fiender og brett er stort sett ting vi har sett flere ganger før

Landet Unova, slik det ser ut i Black og White 2 (Foto: Nintendo).
Landet Unova, slik det ser ut i Black og White 2 (Foto: Nintendo).

«Se det går an, å bruke deres makt»

Speklutviklaren Gamefreak har så smått starta ei brubygging mot dei meir taktisk djuptgåande Pokémon-spelarane (dei finst, absolutt!).

Nokre av dei mest elementære er lagt inn i spelet, så du kan sjekke kva krabatane dine sine styrker og svakheiter er med ein «telefonsamtale».

Samanlikna med dei eldre spela er òg den teknologiske framdrifta meir effektiv, slik at du får fokusere på historia og oppbygging av laget ditt.

Litt meir 3D og finare fargar, men ellers ganske likt som i 1998 (Foto: Nintendo).
Litt meir 3D og finare fargar, men elles ganske likt som i 1998 (Foto: Nintendo).

Nye funksjonar som å lage minifilmar inni spelet som ein kan dele med venene sine er ein spelmekanisk blindtarm – dersom Pokémon-guden Gamefreak ikkje hadde teke det med, så hadde heller ingen sakna det.

Anmelding: Pippi Langstrømpe: — Lite som knyter spelet opp til Lindgrens fantastiske univers

«Fanger alle nå, jeg blir så lei»

Pokémon-seriens forbanning og velsigning er det avanserte stein-saks-papir-kampsystemet. Det fungerer like godt som for eit tiår år sidan og fungerer ypparleg både på eit overflatisk og djuptgåande nivå.

Samtidig er dette spelet hovudsakleg berre kulare animasjonar, fleire figurar og større kart unna å vere det same Pokémon Blue eg spelte på tidleg 2000-tal.

Når fansen har venta så lenge på frie onlinefunksjonar at det etter kvart finst eit par nesten fullgode hobbyprosjekt-MMO på nettet, så har Nintendo gått glipp av ein sjanse.

Misforstå meg rett, eg har alt nytta mykje tid, og kjem til å nytte meir tid på Pokémon Black 2, men Pokémon-franchisens fokuspunkt har snart krav på ei reell oppdatering.

Kva tykkjer du om Pokémon-serien?

(Meldinga er basert på Pokémon Black 2, skilnaden mellom spela er hovudsakleg kosmetiske med eit par monster som er eksklusive for kvart av spela.)

(Sjå den animerte traileren frå Nintendo – som ser kulare ut enn sjølv spelet.)

Om SPILLET

Pokémon Black & White version 2