152 000 nordmenn såg Skyfall i opningshelga. Det er tett oppunder storsatsinga Kon-Tiki, som trakk 164 000 vitjande under premierehelga i august i år.

Kan ta rekordtal

Filmen har gjort det svært godt i utlandet, og har allereie henta inn 77,7 millionar dollar. Det ser difor ut som Skyfall kan bli den mest innbringande James Bond-filmen gjennom tidane, melder The Hollywood Reporter.

Enno er ikkje filmen synt i alle land. I USA blir ikkje den 23. James Bond-filmen i rekkja vist før om to veker.

Den mest lønsame Bond-filmen til no er Casino Royale, som spelte inn 599 millionar dollar på verdsbasis. Dette var Daniel Craigs fyrste film som 007-agenten.

Les filmmelding her: James Bond søker fornyelse i egne røtter.

 

Rett under Harry Potter

I Storbritannia hausta Skyfall inn 32,4 millionar dollar, og hadde den nest største filmopninga i historia, rett bak Harry Potter og dødstalismanene – del 2melder Totalfilm.com.

Opninga er 30 prosent betre enn den førre Bond-filmen, Quantum of Solace frå 2008, ifølgje Los Angeles Times.

 

Meir «Bondsk»

Den tredje Bond-filmen med Daniel Craig i rolla har hausta god kritikk. Både Dagbladet og VG trilla terningkast fem, medan P3s filmmeldar Birger Vestmo gav Skyfall ein firar. Han rosar den oscarvinnande regissøren Sam Mendes, og skriv: «Med Skyfall greier han kunststykket å søke tilbake til agent 007s røtter, samtidig som han gir en følelse av fornyelse».