Det var nok ikkje mange som trudde at skodespelaren i Gigli og Jersey Girl ein gong skulle bli sedd på som ein av Hoollywoods mest framgangsrike regissørar.

No slår Ben Affleck tilbake som regissør og skodespelar i ein av haustens største snakkisar: Argo.

Sjå Filmbonanzas intervju med stjerneregissøren over.

Anmelding: Operasjon Argo: — Tredje fulltreffer på rad fra Ben Affleck!

Frå topp til botn

Ben Affleck fekk ei lysande start på karrieren som manusforfattar i Good Will Hunting, saman med bestekompis Matt Damon. Begge vart lønna med Oscar for beste manus.

Men medan Damon fekk høgståande roller i filmar som Saving Private Ryan, The Talented Mr. Ripley, og ikkje minst: karakteren Jason Bourne, gjekk det ikkje like bra for Affleck.

Han var nærast meir kjend for kjærleiksforholdet til popstjerna Jennifer Lopez (under namnet Bennifer), enn han var for filmrollene sine. Og dei filmane han gjorde, vart som regel ikkje godt mottekne.

Faktisk vann han, og vart nominert seks gonger, Golden Raspberry Award i kategorien Worst Actor.

Men i 2007 snudde det. 

Ben Affleck og Jeremy Renner i The Town. (Foto: Sandrew Metronome)
Ben Affleck og Jeremy Renner i The Town. (Foto: Sandrew Metronome)

Dette var året Affleck prøvde seg som regissør for fyrste gong, noko han gjorde med stor suksess.

Etter filmen Gone Baby Gone, som han både regisserte, skreiv og produserte, blomstra interessa rundt han. Han fekk fleire prisar, mellom anna for most promising filmmaker. 

Tre år seinare regisserte han også The Town, filmen som verkeleg gjorde Affleck kjend som regissør.

Affleck har snudd karrieren og opparbeidd den respekten han hadde etter Good Will Hunting. Som Matt Damon uttala til The Hollywood Reporter:

– Han har gått til toppen, så til botnen, og no til toppen igjen.

Mogleg Oscar-kandidat

Argo tek utgangspunkt i den utrulege, men sanne, historia om korleis CIA redda seks amerikanske diplomatar frå eit revolusjonsherja Teheran ved å late som om dei skulle spele inn ein science-fiction film der.

Sjå trailer her:

http://youtu.be/w918Eh3fij0

Filmen har motteke strålande kritikk, og har blitt spådd som ein sterk Oscar-kandidat.

I tillegg til dette får Affleck får Modern Master Award, den mest respektive prisen på Santa Barbara International Film Festival, melder The Hollywood Reporter.

Tidlegare vinnarar er mellom anna James Cameron, Christopher Nolan, og Peter Jackson.

Argo-regissøren blir rosa av skodespelar John Goodman, som skildrar Affleck som «ein av dei beste regissørane eg har jobba med».

Affleck trekker fram det han meiner er hans beste sider som regissør:

– Styrka mi er at eg let folk jobbe slik dei ønskjer, og slik dei jobbar best. Eg oppmodar folk til å kome med innspel. Dette gjer at folk jobbar hardare og gir meir av seg sjølv, seier han til Filmbonanza.

Skulle regissere Homeland

Etter planane, skulle eigentleg Affleck regissere piloten av fyrste sesong av Homeland. Den kritikarroste serien vart den soleklare Emmy-vinnaren i fjor, og tok med seg pris for beste dramaserie, beste mannlege og kvinnelege hovudrolle, samt beste manus.

Etter å fyrst ha takka ja til regissørjobben, måtte han seinare leggje det frå seg, fordi det var hans tur å vere heime med borna.

Han trudde dessutan ikkje at Homeland ville slå an:

– Eg var sikker på at det ikkje kom til å bli noko stort av showet.

Det kan verke som Affleck angrar litt på dette no:

– No hatar eg det j—-a showet. Eg har aldri sett det. I år skal eg låse meg til 14 pilotar,» sa han under ei prisutdeling i haust.

Argo har noregspremiere 23. november. Sjå resten av Filmbonanza på NRK 2 torsdag klokka 21.30.