Neste jul kjem kanskje tidanes største norske filmsukess, Flåklypa Grand Prix, ut i ny form. Denne gongen blir det i juleinnpakning.

No kan publikum sjå dei aller fyrste bileta av den nye Flåklypa-filmen.

Regissør Rasmus A. Sivertsen understreker at dette berre er ein teaser til filmen – ikkje traileren.

Dyr dukkefilm

Filmen får namnet Solan og Ludvig: Jul i Flåklypa, og skal ha ein prislapp på 25 millionar kroner.

Det gjer filmen til tidanes dyraste norske dukkefilm. 

Sivertsen, som også var animatør i filmen Solan, Ludvig og Gurin med reverompa, lovar eit kjært møte med dei gamle karakterane Solan, Ludvig og Reodor Felgen.

Han fortel også at karakterane Friman Pløsen og Melvin Snerken får større plass enn i dei førre filmane Flåklypa Grand Prix og Solan, Ludvig og Gurin med reverompa.

Ekte Aukrust-ånd

Sivertsen seier dei ønskjer å vere tru mot Flåklypa-universet, utan å lage kopiar av dei førre filmane. Dei går heller tilbake til bøkene og teikningane av Kjell Aukrust.

– Me har lagt vekk filmane. Me har ikkje sett dei på nytt eingong.

Han seier at dei har tilpassa både figurane og universet til teikningane. I tillegg har dei har studert dialogen i bøkene.

– Det blir meir dialekt i den nye filmen. Me har gått tilbake til språket karakterane nytta i bøkene.

Under innspeling

Filmen skal produserast som ein klassiske dukkefilm med stop motion-animasjon. Inspirasjonen bak filmen er boka Solan og Ludvigs jul, som kom ut for tre år siden.

Dei har skote rundt to tredjedelar av filmen allereie, og lovar fleire smakebitar frå filmen om ikkje lenge.

Etter planen har filmen premiere 8. november 2013.

Kva tykkjer de om Solan og Ludvig: Jul i Flåklypa så langt?