Etter å ha kjøpt filmrettane til boka Fifty Shades-serien, saksøker Universal Studios studioet Smash Pictures for å lage ein pornofilm som baserer seg på den populære bokserien. Det melder The Hollywood Reporter.

Universal meiner at pornofilmen utnyttar ryktet til boka for å tene pengar. Dei går no til søksmål.

Selskapet forsvarar seg

Pornofilmen er kalla Fifty Shades of Grey: A XXX Adaption og er laga av studioet Smash Pictures. Produsent Stuart Wall har tidlegare uttala seg om saka i L.A Weekly:

– Sidan Universal studios skal lage ein mainstream film om bøkene også, så vel me å gå mot ein sex-versjon som skal vere tru mot boka og romansen.

Dei legg difor ikkje skjul på at pornofilmen har teke inspirasjon frå bokserien. Men dei hevdar også at dei har laga ein parodi – ikkje ein kopi.

Universal meiner dette er bevis på at studioet har prøvd å lage ein kopi av filmen, og skriv i søksmålet:

– Dei har nytta seg av den same dialogen, karakterar, hendingar, og historia som er i Fifty Shades-triologien. På den måten sikra dei seg at deira pornofilm var så nær originalen som mogleg.

Du kan lese heile søksmålet her.

Universal lagar film

Fifty Shades-serien tronar bestseljar-lister over heile verda. Serien har blitt selt i meir enn fire millionar kopiar berre på Amazon, og slår difor alle Harry Potter-bøkene. Dette gjeld ikkje for det totale salet.

Det gjer forfattar E.L. James til den mestseljande fortfattaren på Amazon nokon sinne. 

Bøkene sentrerer seg rund den 22 år gamle studenten Anastasia Steele og forholdet til den rike og vellukka Christian Grey. Mykje av merksemda til bøkene er knytt til det seksuelle innhaldet, som dominerer store deler av serien.

Les også: Bestselgende erotisk bok blir film

Universal studios har sikra seg rettane til filmen basert på triologien. Førre månad vart det kjend at Kelly Marcel (Saving Mr. Banks) skal skrive manus til den komande filmen.

– Me vart bergtekne av lidenskapen og engasjementet Kelly hadde for karakterane og den verda som E. L. James har laga. Me visste at ho var den rette personen til vår Fifty Shades-familie, sa Dana Brunetti, som er ein av produsentane.

Les også: Nå kommer «Fifty Shades of Grey»-brettspillet

Dei andre som var aktuelle som manusforfattarar var Karen Croner, Dan Fogelman (Biler 2, Bolt), og Veena Sud, ifølgje The Hollywood Reporter.