Torsdag kveld amerikansk tid stadfesta regissør Michael Bay at Mark Wahlberg får hovudrolla i Transformers 4. Dette kjem fram på heimesida hans. Etter tre Transformers-filmar gir altså Shia LaBeouf frå seg stafettpinnen.
Bay er svært entusiastisk med å få med seg den Oscar-nominerte skodespelaren, og meiner han kan styrkje filmen:
“An actor of his caliber is the perfect guy to re-invigorate the franchise and carry on the Transformers’ legacy,» skriv Bay.
Rykteflom
Wahlberg har blitt knytt til Transformers 4 tidlegare, noko Bay avkrefta på heimesida si: «The Mark Wahlberg T4 rumor is just a rumor. Mark and I are talking about another film project. -Michael».
Her snakka Bay truleg om Pain and Gain, action-komedien som har premiere april 2013.
Wahlberg speler her den eine hovudrolla som kroppsbyggjar, saman med Dwayne Johnsen. No syner det seg likevel at rykta var sanne – at Wahlberg tek over etter LaBeouf.
Kassasuksess
Bays første Transformers tente inn meir enn 700 millionar dollar på verdsbasis, medan nummer tre i rekkja, Transformers: Dark of the Moon, tente over ein milliard dollar. Totalt har Transformers tent inn over 2,6 milliardar dollar på verdsbasis.
Innspelinga byrjar neste vår, og har premiere 27. juni 2014.
Kva meiner de om Wahlberg i Transformers 4? Kan han ta over etter LaBeouf?