Året er 2002, mobilspelet Snake har så vidt komt i fargar, og 80-talet har aldri vore så karikert, og så fantasifullt og satirisk skildra som i GTA: Vice City. Kven hadde for ti år sidan trudd at ein skulle kunne vandre rundt i neonsterke Vice City på mobiltelefonen sin?

I 2012, for å feire tiårsjubileet til spelet, har Rockstar sluppe ein versjon for mobilplattformar. Med litt oppdaterte modeller, men ellers det kjære universet me kjenner, er det lett å falle tilbake til gamle vaner.

Det eg irriterar meg mest over er dei same tinga som eg gjorde då. Nei, eg kan ikkje symje, og det er ikkje så mange figurmodellar – men stemninga, radiomusikken og ikkje minst fargane, er framleis like gode som dei var.

Les også: Slik blir GTA V

Kontrollene er lett tilgjengelege på skjermen vha. enkle ikoner – GTA: Vice City. (Foto: Rockstar Games)
Kontrollene er lett tilgjengelege på skjermen vha. enkle ikoner – GTA: Vice City. (Foto: Rockstar Games)

Oppdatert for berøringsskjermen

Kontrollarane er lett oversiktlege på skjermen, men kan krevje litt spissfindigheit.

Nokre irritasjonar er det framleis, du kan til dømes risiker å svinge til høgre når du i staden vil finne din favoritt-radiokanal (VCPR, for alltid), men våpensiktinga er klokt oppdatert til berøringsskjermens beste.

I tillegg til det du hugsar har spelet i iOS-versjon fått skylagring, så du kan flytte spelet ditt frå telefon til telefon. Ein har òg mogelegheit for å legge inn eigne låtar – sånn i tilfelle du har dårleg smak og ikkje finn noko bra i det nesten eitt døgn lange 80-talssoundtracket.

Men ei lita åtvaring: Spelet konsumerer batteri og lagringsplass på telefonen som om eit søtsugent born med ein termos toddy på ein kald desemberkveld. Spelet nytast best med telefonen konstant kopla til ladekontakta.

Pris: 35 kroner i Apple Store, 35 kroner i Google Play.

Om SPILLET

GTA: Vice City Tenth Anniversary
  • GTA: Vice City Tenth Anniversary
  • Slippdato: 6. desember 2012
  • Utgiver: Rockstar Games (Wardrum Studios)
  • Originaltittel: Grand Theft Auto: Vice City
  • Plattformer: iPad, Mobil
  • Sjanger: Action