I romjula fekk me den første kikken på The Walking Dead: Survival Instinct. Spelet skal ta føre seg tida før TV-serien, og skal handle om korleis redneckane Merle og Daryl kjem seg gjennom staten Georgia til Atlanta der Rick vaknar opp i byrjinga av første sesong.

Tidleg biletet av Merle Dixon i The Walking Dead: Survival Instinct (Foto: Activision)
Tidleg bilete av Merle Dixon i The Walking Dead: Survival Instinct. Ser ikkje dette litt «Tony Hawk Underground 2» ut? (Foto: Activision)

Dette er eit heilt anna spel enn Telltale sin episodebaserte peik-og-klikk-variant (som kom inn på vår toppliste for 2012), men kanskje Activision og Terminal Reality burde ha finpussa litt meir før dei la ut sin første trailer?

Oppdatert: Dette viser seg å vere ein trailer redigert saman av ein fan. Traileren vart rett nok delt av Activisions PR-apparat, men er altså uoffisiell – satt saman av klipp frå det uferdige spelet.

Anmelding: The Walking Dead S3: – Et deilig stykke blodig zombiedrama!

Overlever du?

Videoen viser materiale som nok er langt frå ferdig, noko ein ser på både overflatene og dei litt merkelege rørslene. Men spørsmålet er om Terminal Reality likevel klarar å gjere spelet interessant.

I eit intervju med IGN seier produsent Glenn Gamble at dette spelet òg kjem til å handle mykje om val, men då heller i overlevingsøyemed:

– Du kan velje ein 2-seters lastebil, som har mykje lasteplass, men dårleg plass til passasjerar. Om eg då har med meg nokon og treffer på ein tredje overlevande, prøver eg å finne ein større bil eller berre vinker eg farvel til tredjemann?

Dei datastyrte overlevande du plukkar med deg tærer sjølvsagt på dei felles ressursane laget har, men dei kan òg sendast ut på ordre uavhengig av deg, til dømes for å samle inn ressursar. Vil du styre ei større gruppe menneske, eller satse på einsemd?

Ifølgje Gamble er det to typar oppdrag, historieoppdrag og tilfeldig genererte hendingar langs vegen. I den nye traileren får ein derimot sjå lite av historia, og mest sniking og hakking:

Nedsenking i zombieland

Dette blir naturleg nok noko heilt anna enn Telltale-spelet, og heller noko actionfylt i retning av eit meir lineært DayZ – ein stad der ein må rasjonere kraftig, og der bensin er meir verd enn gull.

For at ein skal fordjupe seg nærare i spelet melder òg Gamble at dei aldri kjem til å bryte med førstepersonsvinkelen, sjølv ikkje for videosekvenser mellom bretta.

Terminal Reality Games har tidlegare blant anna laga det middelmåtige Kinect Star Wars, og det heilt ok Ghostbusters: Video Game. Dei siste åra har altså hovudsakleg vore lisensspel, basert på eksisterande franchiser. Ikkje at det er noko gale med det!

Anmelding: Kinect Star Wars: – Midt på treet

Kva trur du om Terminal Reality sine planar? Er zombiespel framleis interessante?