Etter to gode spel dei siste åra, har Time Warner gjort det godt både kvalitetsmessig og finansmessig på Batman-serien. Arkham Asylum og Arkham City har vore gode tilskot til mange spelsamlingar.

No kjem òg eit tredje spel til serien. Dette vart meldt i ein finanspresentasjon for Time Warner-gruppa.

– Me har eit knippe sterke spel i år, inkludert den neste utgivinga i Batman Arkham-serien, uttalte John K. Martin i ei fotnote i eit intervju med Yahoo Finance.

Den største skilnaden frå tidlegare spela er at Rocksteady Studios – som tok seg av dei to første i serien – tilsynelatande ikkje skal utvikle dette.

50-talet er Batmans merkelegaste tidsperiode. (Foto: DC)
50-talet er Batmans merkelegaste tidsperiode. (Foto: DC)

Dette melder kjelder til spelnettstaden VG247, som i tillegg viser til fråsegn frå Rocksteady som har sagt at deira neste spel ikkje vert Batman-baserte.

Silver Age-Batman?

Kva spelet heiter er uvisst, men ryktemølla gjekk varm då Fusible meldte at 15 domenenamn med Arkham i tittelen var registrert av Warner Bros.

Blant mogelegheitene var Arkham Universe, Arkham Night og Arkham Origins, noko som sjølvsagt skapar spekulasjonar om både MMO-spel og opphavsspel sett til tidlegare tider i Gotham.

Eit spel sett i fortida er ikkje heilt utenkjeleg heller, ettersom det tidlegare har blitt hinta til eit spel frå 50-talets Gotham med Batmans første møter med Jokeren. I så fall har utviklaren blitt endra, sidan tidlegare rykte har plassert spelet hjå Rocksteady.

Spørsmålet er då om det vert ein form for opplading til den komande Justice League-filmen (som har hatt litt manustrøbbel i det siste).

Kva trur du om litt klassisk Silver Age-Batman i spelform?