Ubisoft vil gå Rockstar og GTA-serien i næringa med Watch Dogs. Spelet, som vil ta føre seg ei moderne verd der ein har tilgang til å hacke det aller meste, skal på same måte som GTA-spela gå føre seg i ei open og fri verd, men ifølgje Ubisoft-sjef Alain Carre skal det bli meir enn berre eit tilsvar:

– Ja, Grand Theft Auto er ei av dei største merkevarene i industrien og alle respekterer merkevara, og me kjem til å ha det morosamt å spele den neste òg, forklarer han for magasinet Edge.

– Men eg trur Watch Dogs tanke på neste generasjon, nye funksjonar – samankopling, interaktivitet, samspeling og så vidare – fører noko friskt til sjangeren.

Corre trur at konkurransen frå GTA berre er positivt, at det aukar merksemda rundt denne type sandkassespel. Om Ubisoft ender opp med å pisse i sandkassa til Rockstar må ein nesten vente med til båe spela kjem ut.

Les også: Tre hovedpersoner i «GTA V» – Rockstar vil overgå sine tidligere spill i sitt neste storbyepos

Watch Dogs. (Foto: Ubisoft)
Bruk mobilen din til å undersøke medborgarar i Watch Dogs. (Foto: Ubisoft)

Utvikla for neste generasjon

I motsetning til spelet Ubisoft ser som sin hovudmotstandar er nemleg Watch Dogs utvikla først for Playstation 4 (og den eventuelle Xbox 720, eller kva enn Microsofts neste maskin vil heite). Dette seier Ubisoft-sjef Yves Guillemot i eit intervju med nederlandske Inside Gamer (via CVG).

– For tida arbeider utviklarane våre hardt med å sleppe til den neste generasjonen konsollar og PC. Så tek andre lag over og ser korleis dei kan få spelet til den noverande konsollgenerasjonen. Kanskje me kan vise båe to på årets E3, seier Guillemot.

Ubisoft har tidlegare fått spørsmål av Sony om korleis dei ville at den komande Playstation 4 skulle bli, svaret dei fekk var at konsollen måtte bli mindre «konsollete». Dette har endra måten Ubisoft utviklar på, ifølgje Guillemot.

– Før utvikla me først spel til Xbox 360 før me omsette dei til PS3. Det tok mykje tid og pengar for å lage den porten. No utviklar me frå PC, og så vidare til konsollar som Playstation 4.

På Playstation 4-møtet i førre veke viste Ubisoft fram video av spelet, spelt frå ein PC. Gjennomregissert av Ubisoft og Sony, sjølvsagt, men framleis eit lovande frampeik.

Trass at dei sjølv insisterte på at videoen som dukka opp på nettet etterpå var den same videoen, skilnadene mellom dei to var store nok til at det er lett å sjå at det ikkje er nøyaktig den same videoen.

Les også: Slik blir Playstation 4

Watch Dogs har planlagd utgivingsdato i slutten av året, GTA V vart nyleg utsett til 17. september (mest sannsynlegvis for å klargjere det for neste generasjon spelkonsollar).

Kva er inntrykket av Watch Dogs så langt?