Phil Fish, utviklaren av perspektivleik-indiespelet Fez, er kanskje minst like kjend for å slenge med leppa utanfor spelets verd. Etter lanseringa av den komande oppfølgjaren Fez 2 har han gått ut i eit av få intervju (han smell stort sett på Twitter) der han snakkar om spelet, og hans reaksjon på Microsoft sin komande Xbox One-konsoll til Polygon.

– Spelet eksisterer. Og Rich Vreeland gjer musikken, det er omtrent det, seier Fish.

Stor skilnad mellom «The Legend of Zelda» og «Zelda II: The Adventure of Link». (Foto: Nintendo)
Stor skilnad mellom «The Legend of Zelda» og «Zelda II: The Adventure of Link». (Foto: Nintendo)

– Det er eit heilt nytt spel! Fez 2 er til Fez 1 det Zelda 2 var til Zelda 1, men endå meir ulikt.

Utviklaren uttrykkjer kjærleiken til universet som drivkraft, men er usikker på om det kjem til å dele så mykje reint mekanisk.

Det første spelet i serien vart tidleg oppdaga på indiespelfestivalar, men Fish nytta mange år i ein forseinka utviklingsprosess. Spelet skulle eigentleg ha kome i 2010, men dukka ikkje opp før 2012 etter både tekniske og kreative problem.

Prosessen vart rikt dokumentert i den nydelege indieutviklardokumentaren Indie Game: The Movie.

Anmelding: Indie Game: The Movie: – Phil Fish: Ung, svolten kunstnar 2.0

Artikkelen held fram under trailer for filmen

– Eg er ikkje interessert

«Ikkje Xbox» er svaret han gir til kva plattformer spelet vil kome til, trass at det var der det første spelet kom eksklusivt. Han er misnøgd med støtta Microsoft gir til uavhengige spelutviklarar.

– Eg håper det er ein spøk. Eg håper Microsoft tek ein «New Coke» (berømt katastrofal ny cola-smak på 80-talet – journ.anm.), annonserer ein dritkonsoll som ingen vil ha, før dei så viser fram «Xbox Classic» og vinn attende alles hjarter. Microsoft lagar ein konsoll for seg sjølv. Ikkje for spelarar. Ikkje for utviklarar. Eg er ikkje interessert.

Fez. (Foto: Polytron Corporation)
Gomez, hovudpersonen i «Fez». (Foto: Polytron Corporation)

På Twitter utdjupar Fish i etterkant at han absolutt hadde vore interessert i å utvikle for Xbox-maskina, om dei hadde støtta sjølvpublisering – noko Sony har fokusert på med sin komande Playstation 4.

– Det er synd, seier han.

– Ein av konkurrentane har ein gigantisk orgie for alle, medan den andre lanserer endå ein jævla versjon av Minecraft.

Spelutviklaren meiner at me er på veg inn i ei tid der «indie» byrjer å miste si opphavlege meining:

– Det hadde ein funksjon, men eg trur me har vakse ut av omgrepet. Spel er spel er spel. Eg vil ikkje at folk skal døme spela mine basert på antalet utviklarar eller budsjett. Det burde ikkje vere det viktigaste for spelaren.

Les også: Anmelding: Fez: – Nostalgisk spill med en moderne vri

Kva synest du om Fez? Kva synest du om Phil Fish?