Gamescom, Köln: – Når me snakkar om The Crew snakkar me om tre ting – som komplimenterar kvarandre, seier Julian Gerighty – kreativ sjef på MMO-bilspelet The Crew.

Han viser til ei massiv, open verd – heile USA gjenskapt som ein «road trip»-fantasi. Han peiker på alle dei ulike fartøya for alle dei ulike miljøa ein kan køyre gjennom – med kraftige oppgraderingsmogelegheiter. Og det tredje er verda dette skapar, med motstandarar og medspelarar, som kan vere anten person- eller datastyrte. «Next-gen» gjer dette mogeleg, slår Gerighty fast:

– Neste generasjon vil alltid vere på nett, og eg ser ikkje på det som ein dårleg ting. Det gir oss så mange ekstra mogelegheiter for spelopplevingar! Folk på PC veit dette – dei har leika med slikt i årevis – men konsollane har vore litt bakpå. I spel som The Crew er ikkje AI-en statisk, men du er i ei verd der folk kan utfordre kvarandre på ein augneblink.

Fra Gamescom i fjor: Alltid på nett – spillopplevelsen som aldri slutter

Intervjuet held fram under denne ferske videoen frå Ubisoft

90 minutt frå kyst til kyst

Verda Gerighty skisserer vert sjølvsagt ikkje like stor som heile USA, men eit kontinent det vil ta halvanna time å køyre på tvers av. Det vil ikkje vere mogeleg å spele spelet utan å vere tilkopla nett. Ifølgje Gerighty stansar ikkje det deg frå å spele åleine, men den rike verda skal – forhåpentlegvis for han – vere eit trekkplaster å ta del i.

– Historieframdrifta – å reise frå Detroit, til New York, til Las Vegas – hindrar deg ikkje i å spele åleine, men det gjer det meir interessant.

Ubisoft verkar å satse stort på den komande generasjonen, og har lyst til å ta innpå fleire store namn i spelverda. Deira lovande Watch Dogs siktar seg mot GTA-trona, medan The Crew augnar førsteplassen framfor namn som Need for Speed– og Gran Turismo-serien. Førebels er berre 18 bilar bekrefta (og sikkert mange fleire på veg), men Gerighty lovar at mogelegheitene er talrike:

– Kvar bil i spelet er eit puslespel med 19 brikker, som du kan setje saman slik du vil.

E3 2013: Ubisoft utfordrer Rockstar og GTA

Som «World of Warcraft» – med bilar

I tillegg til bildelar gir kvar løyste oppgåve eller løp du gjer i spelet deg pengar og erfaringspoeng du kan nytte på ulike ferdigheiter i spelet for både spelarane og dei individuelle bilane.

Spelarane har 50 erfaringsnivå å utforske, medan bilane kan oppgraderast med kraftigare delar. Som i MMO generelt skal det vere aktivitetar for ulike typar spelarar.

«The Crew» lovar mange ulike miljø å spele seg gjennom. (Foto: Ubisoft)
«The Crew» lovar mange ulike miljø å spele seg gjennom. (Foto: Ubisoft)

– Eg veit at andre likar å berre køyre, konkurrere utan å samarbeide med nokon – sjølv har eg sansen for utforskinga og å samarbeide, seier Gerighty.

– Det er rikskapen i spel som World of Warcraft og MMO-ar på PC me siktar etter, spel som betyr ulike ting for ulike typar spelarar.

Frå det me har sett her nede så langt verkar det lovande. Vår MMO-ekspert Marte kjenner att nokre element frå spel som nettopp World of Warcraft, og synest det er ein kul tanke at ein når som helst kan utfordre dei andre trafikantane langs vegen.

Uansett kor mange gonger Microsoft seier at Xbox One har gått vekk frå alltid online-krav, og Playstation hevdar at maskina fungerer fint utan, verkar det som om stadig fleire spel tillegg kravet uansett.

Det har kanskje ikkje så mykje å seie for eit land med så brei breibandsdekning som Noreg, men det vert interessant kva det har å seie for land utan den same spreiinga.

The Crew er venta å dukke opp tidleg 2014, for PC, Playstation 4 og Xbox One.

Kva trur du om at stadig fleire storspel krev tilkopling til internett?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.