Spelet GTA V nytta tre dagar på å nå ei omsetjing på 1 milliard dollar – nesten 6 milliardar kroner, og rundt halvanna veke etter har dei, etter prognosar, seld rundt 15 millionar eksemplar verda over.

Ikkje overraskande, om ein skal tru Filmpolitiets Rune Håkonsen, som gav spelet ein seksar, og omtalte det som «antiheltanes triumf» – ei vidareføring av tema som Sopranos og Breaking Bad har vore med å starte.

Men kvar går utviklarselskapet Rockstar, og grunnleggjar Dan Houser, vidare herifrå? I eit nyleg intervju hjå Polygon svarer han framleis «kanskje» når Bully – Rockstars skulebøllespel frå 2004 – kjem opp.

– Eg veit eg vil. Forhåpningsvis, ein veit aldri. Det er mange retningar eg kunne ha trekt det spelet, det er artig.

Han utelukkar at eit spel med ein vaksen Jimmy Hopkins, Bullys hovudperson, er i emning, men seier det er mange ting dei aldri fekk sagt om livet hans.

Dette er omtrent alt me har fått sjå av «Agent». (Foto: Rockstar)
Dette er omtrent alt me har fått sjå av «Agent». (Foto: Rockstar)

Les også: Slik ble GTA verdens mest omstridte spillserie

Noko heilt, heilt nytt?

Rockstar har elles gode namn på blokka, Red Dead Redemption, Midnight Club og til og med Manhunt kunne nok ha vore mogelege oppfølgjarar. Men kva med heilt nye namn? Agent vart lova som Playstation 3-eksklusiv i 2009, men har knappast blitt høyrd frå sidan. På spelets heimeside står det framleis «Coming soon».

I 2008 truga Houser-brørne og delar av Rockstar å ta sin hatt og gå. Då gjorde dei ein avtale om å bli hjå eigar Take-Two Interactive til gjengjeld for eit ikkje-namngitt spel som Rockstar skulle ha fullt eigarskap til.

Likeins som Agent har det vore veldig stille rundt dette i nokre år, men når ein ser på GTA V si utviklingstid på fem år, og ein tenkjer på at ein ny konsollgenerasjon er like rundt hjørnet, så har me kanskje spennande ting i vente frå Rockstar i dei komande månadane.

Ei av ulempene med å ha ein bestseljande spelserie, er at det skal mykje til for å gjenta suksessen. Til dømes Rockstars Max Payne 3, som var eit veldig vellaga spel, men som diverre ikkje selde godt nok med tanke på utgiftene selskapet hadde for spelet (Minecrafts ugjenkallelege suksess er vel eit anna døme for svenske Mojang).

Rockstar vil for alltid vere knytt til GTA-serien, og å satse på fleire GTA-spel er difor det mest logiske for dei.

Anmelding: Max Payne 3: – Strålende underholdning for voksne actionentusiaster

Byen er framleis ikkje uttørka, sjølv for dei som har fullført «GTA V». Vil me få «Stories from Los Santos»? (Foto: Rockstar Games)
Byen er framleis ikkje uttørka, sjølv for dei som har fullført «GTA V». Vil me få «Stories from Los Santos»? (Foto: Rockstar Games)

Men først, meir GTA V

Det første på plakaten er nok meir innhald for Grand Theft Auto V. Til å byrje med er det skissert fleire våpen, fleire klede og fleire køyretøy.

Men dersom det gigantiske, urørte casinoet midt i Los Santos ikkje vert objekt for eit stort, nedlastbart heist, så skjønar eg ikkje heilt kva Rockstar held på med. Og, var det ikkje merkeleg mange alien-hint gøymd rundt omkring? GTA IV to sidespor Stories From Liberty City var iallfall utelukkande gode tilskot til originalspelet.

1. oktober opnar GTA V Online, som gjer det mogeleg å leike seg i Los Santos saman med vener over nettet, anten du vil rane daglegvarebutikkar, delta i billøp, eller berre gå på fjelltur. Dan Houser har uttalt at han vil slutte å lage GTA når det sluttar å vere interessant, i eit nyleg intervju med Guardian lovar han at det er langt fram i tid:

– Sjølvsagt er det éin del av meg som ikkje har lyst til å bekymre meg for GTA lenger, men den andre delen seier: Eg er så spent på å sjå kva folka mine kan kome på, og kva me alle kan gjere når den tida kjem.

Og før nokon spør (igjen): Nei, GTA V er framleis ikkje annonsert for verken PC, PS4 eller Xbox One.

Kva burde Rockstar gjere med det neste GTA-spelet? Burde dei eigentleg lage fleire GTA-spel? Har du eit GTA V-tips du har lyst til å dele med resten av oss?