Overwatch er Blizzard sitt nyaste online-førstepersons skytespel, eit slags svar på Valve sitt Team Fortress-univers, ein kaotisk og vilt FPS med tjukke lag av humor. Men dei har også teke inspirasjon frå MOBA-verda: i staden for eit relativt standard utval av ein handfull ulike klassar, er det 21 heltar å velje mellom – nesten som i dei klassiske slåssespela.

Desse 21 heltane er alle på ulike måtar tidlegare agentar i den no nedlagde fredsbevarande styrka Overwatch, som var laga for å stå opp mot robotrevolusjonen. Plottet i spelverda – som strengt talt kan minne litt om Civil War – bryr ikkje Overwatch seg eigentleg så mykje om, anna enn at det skapar nokre kule kortfilmar å sjå på Youtube, og nokre teikneseriar og artiklar å lese, for dei som interesserer seg for slikt. Hovudvekta er på raske kampar i ulike modusar, seks mot seks spelarar – med mål om å utføre eit enkelt oppdrag.

Og det er kjempegøy.

Heltane er rikfoldige, og fleire kjennest som om dei kunne ha løfta eit eiget spel på skuldrane utan særleg endring – såpass mykje karakter og skaparglede kjem fram. Det vilt breie spekteret av evner og eigenskapar fører til ei nesten overveldande masse i starten. Kven skal eg velje?

Anmelding Heroes of the Storm: – Kaster MOBA-konvensjonene overbord

Dei fleste vil nok – som i MOBAs eller slåssespel flest – finne seg ein favoritt eller fire. Og dei som investerer tid i dette vil nok fordjupe seg nok til å vite akkurat kva figur ein bør bruke til ei kvar tid. Sjølv har eg falt veldig for apekatten Winston – ikkje berre på grunn av dei snasne brillene, men fordi han passar min spelestil.

Spelarar som kjem frå Call of Duty eller liknande vil nok kjenne seg mest igjen i Soldier: 76, men folk som er vand til ulike FPS vil finne sine typar figurar. Widowmaker er ein snikskytar med gripetau som i Quake eller TF2, og så vidare. I utgangspunktet er alle figurane tiltenkt éi av fire roller – offensivt, defensivt, tank, eller helbredar – og spelet oppfordrar deg stort sett til å danne eit balansert lag av desse. Du kan, og bør, endre figur undervegs i ein runde.

Utviklarane i Blizzard, som elles står bak storseriar som Diablo, Starcraft og Warcraft (og dermed også Hearthstone), kan balansering. Kompliserte variantar av stein-saks-papir er det som gjer til at nettopp Starcraft og Hearthstone fungerer så godt. Overwatch er i prinsippet eit stein-saks-papir-spel med 21 ulike handteikn.

Anmelding Hearthstone: – Et genitrekk av et spill fra Blizzard

Overwatch. (Foto: Blizzard)
Soldier76 vil vere kjend for fans av moderne skytespel. (Foto: Blizzard)

Overwatch har tre grunnmodusar. Assault – der dei to laga skal forsøke å halde to punkt på kartet. Control – der dei to skal forsøke å vere førstemann til å halde eitt punkt ei viss lengde. Og Escort – når eit fartøy på skjener skal eskorterast til eit visst punkt før tida går ut. Menyane er enkle, og du kan hive deg rett inn i ein tilfeldig kamp – eller lage din eiga spesialtilpassa variant, med eller utan vener. I tillegg har ein den smågale Arcade-delen, som endrar nokre variablar kvar veke – dobbelt så mykje liv, raskare opplading av Ultimate, og så vidare – for å skape ny dynamikk.

For min del gjer det eigentleg ingenting at det i utgangspunktet er få kampmodusar. Karta er nydelege – i prinsippet ei samling set-pieces innanfor eitt tema som gjer alle kampane dynamiske – hovudsakleg basert på kva figurar som er med i kampen. Her er det lagt mykje tanke i å gjere alle banene morosame for alle typar figurar.

Heltane har eit utval evner, dei fleste med ei avgrensing på tid. Dess kraftigare, dess lengre tid går det mellom kvar gong dei kan nyttast. Den beste av desse er Ultimate – som utløyser ein kraftigare evne. For Soldier: 76 er det auto-aim innanfor eit område på skjermen, for Winston er det eit raserianfall som gir han meir liv og kraftigare nærangrep, for Widowmaker er det moglegheita til å sjå omrisset av motspelarar gjennom vegger i rundt 20 sekund.

Men det kjennest aldri for kraftig – det er tydeleg at det har gått arbeid inn i å gjere det så likt som mogleg.

Anmelding: Titanfall: – En usedvanlig polert og balansert opplevelse!

Overwatch. (Foto: Blizzard)
21 heltar – noko for einkvar smak. (Foto: Blizzard)

Hearthstone-påverknaden viser seg også i loot boxes – små pakkar med fire kosmetiske endringar du kan gjere på figurane dine – som også kan kjøpast for pengar.

Til forandring frå dei fleste FPS-spel er det ikkje kor mange du tek knekken på som er fokuset etter kvar kamp. Det er forfriskande med ein sluttskjerm som i tillegg trekk fram spelarar som har gjort gode ting for oppdraget – ikkje berre kven som drap flest, og døydde færrast gonger.

Overwatch har på sett og vis håpa på å ta seg inn i e-sportsverda, men Ars Technica skreiv tidlegare i år at spelet er «for morosamt for e-sport». Det fråsegna kan eg stille meg bak.

Dette er eit blankpolert kaos. Til trass for eit reindyrka fokus på skyting og action er det forfriskande sjelfullt, og eit endå friare supplement til folk som er glad i Team Fortress.

Spelet er testa på Playstation 4.

Om SPILLET

Overwatch