Eg har Lego verd meir enn 5000 kroner ståande i stova mi (endå meir i hyller og boksar andre stader i huset). Eg sit og ser på den no, medan eg skriv dette. Eg har ingen born. Meir grunnlag enn det trur eg ikkje at eg treng å legge for mi anmelding av Lego Worlds.

Du er ein astronaut på reise gjennom det ytre rom, der skipet ditt råkar noko romskrot og kræsjlandar på ein piratplanet. Med eit fartøy i dårleg fatning innser du at kun gullbrikker –av den magiske gylne sorten – kan byggje skipet ditt opp igjen.

Det er Travelers Tales som står bak spelet, utviklaren som blant anna har laga den lange rekkja av Lego-parodiar basert på ulike filmseriar – ei lang rekkje spel basert over same lest. Lego Worlds plukkar frå nokre av dei same oppskriftene, men finn også nytt blod.

Spelmelding: Lego City Undercover: – Viser at Lego-spillene ikke trenger drahjelp fra Hollywood!

Andreas sitt Lego-skip. S/S Kråka. (Foto: Andreas)
Andreas sitt Lego-skip. S/S Kråka. (Foto: Andreas)

Algoritmisk bygde planetar

Den første piratplaneten og nokre andre førehandsplanlagde område fører deg varsamt gjennom spelets mekanikkar, der du får eitt og eitt av verktøya du kan manipulere den brikkelagde verda rundt deg med. Det viktigaste er utforskingsverktøyet som samler brikker du kan bygge med, men også byggeverktøy, landskapsverktøy, fargeverktøy og andre blir tilgjengelege.

Etter dette får skipet ditt moglegheita til å reise til andre planetar, denne gongen tilfeldig skapt frå spelets prosessuelle kode – generert frå algoritmar som plasserar hav og landmasser, fjell og holer, byar, innbyggjarar og andre konstruksjonar på firkanta kartområde. Når du når 100 gullbrikker vert alle funksjonar tilgjengelege.

Ein kan seie mangt om No Man’s Sky, fjorårsspelet som deler mange grunntankar med Lego Worlds, men det er utan tvil ei mindre einsretta visjon skaparane har hatt for legoverda.

Lego Worlds balanserar ikkje på ei line, men står så godt det kan med eitt bein på kvar sin stol – og fell tidvis mellom dei. Det er tydeleg at utviklarane har hatt lyst til å gjere alt, utan heilt å klare å fokusere på nokre av detaljane.

Det artige finst først og fremst i å finne hemmelegheitene som matematikken har skjult blant millioner av brikker, men vegen dit er blokkert av fleire hinder.

Filmmelding: Lego-Batman-filmen: – Morsom sjangersatire som underholder!

Lego Worlds. (Foto: Warner Bros)
Samtidig er spelet akkurat ei så sakleg blanding som du forventar at eit Lego-spel skal vere. (Foto: Andreas Opsvik/Filmpolitiet)

Gjentakande oppdrag og uheldig kontrollsystem

Oppdraga for å skaffe større brikkeutvalg, fleire gullbrikker eller andre verktøy og våpen er enkle å finne, men diverre for gjentakande. Hovudsakleg er dei basert på å gjere ein enkel operasjon med eit av verktøya, eller å forsøke å forsvare ein figur mot skjelett, bandittar, eller andre skurkar.

Desse kan vere småmorosame første gong – men vert ikkje artigare av å bli gjort om igjen dusinvis gongar.

Oppdrag kan bli enklare ved at du også kan samle figurbrikker til kostymet ditt – astronauten slepp å tenkje på å puste under vatn, bonden kan plystre for å raskt skaffe eit ridedyr, og så vidare.

Nokre slike figurar har artige idear, men er ikkje gjennomtenkte. Ei monsterkvinne kan omgjere seg til ein liten edderkopp, men kan av ein eller anna grunn ikkje klatre på veggar – slik absolutt alle andre figurar i spelet kan.

Spelet er også plaga av sakte innlasting. Om du benyttar deg av eit av dei raskare fartøya blant spelets overraskande store og underhaldande motorpark, står du i fare for å bli bremsa av at verda rett og slett ikkje klarar å laste seg inn raskt nok rundt deg, og du blir ståande i eit tomt intet til spelet klarar å produsere brikkene rundt deg.

Spelmelding: Lego Marvel Super Heroes: – If it ain’t broken, don’t fix it!

Lego Worlds. (Foto: Warner Bros)
Tusenar av brikkar som lastast inn samtidig gjer til at spelet bremsar heilt opp om du røyver deg raskt, til dømes med eit syrefly. (Foto: Andreas H. Opsvik/Filmpolitiet)

Når ikkje Lego-potensialet

Då eg var 10 år gamal var sandkassespelet Lego Creator mitt foretrukne tidsfordriv, og eg nytta altfor tid på å byggje store underverk… som eeeh… Oslo Rådhus, og ulike pyramider. Minecraft har dei siste åra teke plassen det spelet hadde.

Eg har ikkje hatt heilt den same skapargleda i Lego Worlds, dels fordi brikkeoversikta er like oversiktleg og sexy som eit excel-ark, men også fordi eg mistenkjer det er primært laga for PC og ikkje Xbox One-versjonen eg spelte.

Det same kan seiast om spelets kampsystem, som ikkje er utvida nok frå dei lineære franchise-spela – spesielt våpensiktinga er ille på konsoll.

Det artige ligg i dei bokstaveleg talt uendelege verdene spelet lagar, utforskinga av holer, slott og landsbyar – men det må kranglast fram mellom keisamme oppdrag og eit kronglete kontrollsystem.

Inntil vidare er Lego-spela framleis betre i konsentrert form – det enkle kamp- og kontrollsystemet kjem til si rett i pastisjar som Star Wars og Indiana Jones, og fribyggjinga kan like greit gjerast i det kliniske spesialverktøyet LDD.

Moglegvis kan prosjektet fullendast med dei planlagde utvidingspakkene, men akkurat no er ikkje Lego Worlds spelet det kunne ha vore. Eg får byggje med legoen eg har i stova i staden.

Lego Creator, lego-spel anno 1998.  (Foto: Lego Media)
Lego Creator, lego-spel anno 1998. (Foto: Lego Media)

Om SPILLET

Lego Worlds
  • Lego Worlds
  • Slippdato: 10.03.2016
  • Utgiver: Warner Bros. Interactive Entertainment, utvikla av Traveller's Tales
  • Plattformer: PC, Playstation 4, Xbox One
  • Sjanger: Barn