Sjølv om den nye Viaplay-serien Advokaten er skriven etter ein idé av forfattar og forsvarsadvokat, Jens Lapidus (Snabba Cash-trilogien), i samarbeid med manusforfattarane Hans Rosenfeldt (Broen) og Michael Hjorth (Sebastian Bergman/Den fordømte), manglar serien truverd og gjennomførte karakterar.

Norske Geir Henning Hopland (Frikjent og Lilyhammer) har regissert thrillerserien, som på same vis som Broen er satt i Malmø og København med svenske og danske karakterar som dukkar opp om kvarandre. I søskenparet Frank (Alexander Karim, Zero Dark Thirty) og Sara (Malin Buska) si jakt på å straffe dei som stod bak drapet på foreldra deira, blir søskena dratt inn i ei verd med vald, narkotika og justiskriminalitet, krydra med kinkige kjærleiksforhold, familiedrama og snuskete advokatar.

Men måten hovudpersonane drar oss gjennom denne verda, gjer at sjølve handlingsgangen ikkje heng heilt på greip og ein sit igjen med kjensla av at serien er i overkant konstruert.

SERIEMELDING: Everything Sucks! S01 – Kul, men ikkje heilt den High School-serien som 90-tallet fortener

Malin Buska spelar Sara i Advokaten, ei politikvinne med rusproblem oppslukt av å hemne dei som drap foreldra hennar. (Foto: Viaplay)

Går langt for å hemne foreldra

Utgangspunktet for serien blir effektivt satt i første episode med eit minne frå fortida. Den framgangsrike forsvarsadvokaten Frank Nordling, godt spelt av Alexander Karim, hugsar tilbake til dagen han blei vitne til mordet på foreldra sine.

I tida etterpå blei han og søstera Sara (Malin Buska) plassert i forskjellige fosterheimar. Sara, som no arbeidar som politi, har aldri gitt opp håpet om å finne og straffe dei skyldige. Når ho finne ein feil i rapporten frå då foreldra blei drepne, får ho med seg Frank i å prøve å ta dei som stod bak.

Frank er først nølande, men når mordaren visar seg å vere ein av leiarane i Københavns underverd, som i tillegg er tett knyta til eit dansk advokatbyrå, set han både jobben, kjærleiken og seg sjølv i fare for å hemne foreldra sine.

Mordaren og gjengleiaren, Thomas Waldman (Thomas Bo Larsen, Veni Vidi Vici og Jakten), er portrettert på ein i overkant stereotypisk måte; med solbriller, vinglas i handa, Hawaii-skjorte og eit altfor stort hus med basseng som aldri er i bruk. Dette er rett og slett ein karakter ein har sett mange gangar før, noko som gjer Waldman føreseieleg og litt kjedeleg. Når det som driv serien framover er Frank og Sara sitt mål om å få han bak lås og slå, kunne det gjort seg om verstingen var ein litt meir nyansert type.

FILMMELDING: Lucky – Harry Dean Stanton til ettertanke

Thomas Bo Larsen spelar den svært stereotypiske gangstertoppen, Thomas Waldman. (Foto: Viaplay)

Forhasta karakteroppbygging

Jo lengre ein kjem inn i serien, jo djupare blir òg Frank dratt inn i dobbeltlivet han spelar for å kome inn på Waldman. Trass i at desse hendingane i og for seg er spennande og at det tidvis er god framdrift i serien, skrantar det i handlingsgangen når historia utviklar seg fortare enn vi rekk å sjå at karakterane gjer det.

Denne utviklinga er hovudproblemet i Advokaten. Kvifor er Frank, som først var nølande, plutseleg så villig til å ofre så mykje? Kvifor er det først no Sara finn all den nye informasjonen om drapet på foreldra, etter så mange år? Trass god levering frå skodespelarane, gjer denne forhasta karakteroppbygginga at det er vanskeleg å forstå kvifor Frank og Sara vel å sette så mykje på spel.

Problemet held fram når det i tillegg blir introdusert i overkant mange mindre karakterar som ein ikkje rekk å bli ordentleg kjend med, men som likevel får søskena til å ta store sjansar. Scener som er meint å vere spennande og pirrande mistar difor mykje av drivkrafta. Dette gjer at flyten i serien blir broten litt for ofte til at ein greier å leve seg skikkeleg inn i historia.

Etter seks episodar med handling som ikkje heng heilt på greip, i tillegg til tidvis rufsete produksjon og dialog, er det lite som pirrar meg til å sjå resten av serien.

Advokaten har premiere på straumetenesta Viaplay 26. februar og på Viasat 3 på onsdag 28. februar. Sesongen har totalt 10 episodar, men denne meldinga er basert på dei seks første episodane.

Om SERIEN

Advokaten
  • Advokaten
  • Slippdato: 26. februar 2018
  • Sesong: 1
  • Regi: Geir Henning Hopland
  • Utgiver: Viaplay
  • Sjanger: Thriller