Metal Gear Survive er eit survivalspel basert på Metal Gear Solid V: The Phantom Pain, eit av 2015s desidert beste spel. Der forgjengaren gav deg stor fridom til å takle den opne verda akkurat slik du ville, byr Metal Gear Survive på ei langt meir avgrensa og gjentakande oppleving.

Med ei særs svak forteljing, lite variasjon i fiendetypar og tøvete mikrotransaksjonar, er eg noko usikker på kvifor dette spelet eksisterer.

Dei grunnleggjande spelmekanismane frå Metal Gear-serien er på plass, så det kan vere morosamt til tider, men spelet hadde passa betre som ei utviding til originalen enn som eit eige spel.

Spillanmeldelse: «Metal Gear Solid V: The Phantom Pain» – Føles ikke som slutten, men begynnelsen på noe stort.

Floskelfylt sci-fi-vas

Kjernen i spelet er konstruksjonen av basen din og vern av innbyggjarane frå vandrande døde. Det betyr at du må samle inn ressursar til å forbetre forsvaret ditt, byggje nye hus, sette opp åkrar, lage reinseanlegg for vatn, og ikkje minst myrde alt av zombieutøy som kjem din veg.

Metal Gear Survive opnar med eit angrep på «Mother Base», og du er ein av soldatane som forsvarar basen. Eit ormehòl materialiserer seg i himmelen, før det sluker heile området. Deretter brukar spelet den første timen til introduksjonen av ein ny dimensjon, Diter, ein slags versjon av helvete.

Rollefigurane i Metal Gear Survive er nett like oppgitte over forteljinga som meg. (Foto: Konami).

Denne helvetesdimensjonen er fylt opp av zombieliknanade skapningar, Wanderers, som er infiserte av ei ukjend livsform. Du ser kanskje mønsteret her. Forteljinga er ikkje heilt det store. Dei gongane spelet prøver å formidle noko, blir det gjort via lange, keisame filmsekvensar med elendig dialog, presentert av eindimensjonale figurar. Absolutt alt er rein, naken eksposisjon.

Metal Gear Solid-serien har alltid hatt eit litt laust forhold til historieformidling, men forteljingane har i det minste hatt mykje sjarm. Det finst det ingenting av her. Det kjem seg litt uti spelet, men då snakkar me femten timar inn.

Held deg i handa

I byrjinga får du absolutt alt inn med t-skei. Utviklaren har tydelegvis fått det for seg at spelaren har null hjernekapasitet, og ikkje klarar å finne ut av noko sjølv.

Du blir haldt i handa mens spelet viser deg korleis du skaffar mat ved å jakte, hente vatn i flasker, og drepe zombiar med ulike våpen som du må lage på ein arbeidsbenk.

Hovudbasen ligg midt på eit stort, tilsynelatande ope kart. Det finnast derimot berre små område du kan bevege deg fritt, for mesteparten av verda er dekkja av ein giftig støvsky.

Då må du på med oksygenmaske for å utforske. Når du trekkjer maska over ansiktet, kan du snike deg gjennom dei dystre ørkenområda, som er tettpakka av Wanderers. Det er på same tid viktig å følgje med på oksygen, mat og drikke. Spelet har nemleg eit aggressivt system for overleving, slik at du heile tida må vere på utkikk etter ressursar.

Er du svolten nok, kan du ete det meste. (Foto: Konami).

Altfor lineært

Den mest minneverdige opplevinga eg hadde med spelet var turen der eg fullstendig ignorerte oppdraget mitt, og berre vandra fritt med spyd på ryggen og plaffa ned Wanderers med pistolen min.

Problemet oppstod då eg byrja å få lite mat og drikke. Eg hadde gått meg bort. Plutseleg måtte eg forte meg for å finne ein ny base ute i støvet, og eg hadde faktisk kjensla av å vere stressa. Det var kjekt og utfordrande, men då eg endeleg kom fram til ein base, fann eg ut at eg ikkje kunne aktivere den. Det viste seg at du berre kan bruke basar som spelet har gitt deg eit oppdrag knyta til.

Altså er Metal Gear Survive langt meir lineært enn det burde vere. Utforskinga og overlevingssystemet er spelets sterke sider, men utviklaren har dessverre lagt ein stor dempar på dette.

Dette er tendensar som går igjen. Eg ser det same med snike- og kampmekanismane, som var aldeles meisterlege i The Phantom Pain. Her er det dimma ned til eit minimumsnivå. Det hjelper heller ikkje at alle oppdraga rundt på kartet berre er variasjonar av det same; aktivering av ein ny base, reddeoperasjon for ein hjelpelaus sekk av eit menneske, eller konstruksjon av eit nytt ormehòl for å hauste energi.

Kampsystemet blir du fort lei av, på grunn av at du berre kjempar mot dei same fiendane om og om igjen. Spesielt vanskeleg er det heller ikkje. Det kan rett nok gi deg ein times tid med god underhaldning i fleirspelaren, der du får invitere tre vener til klassisk tårnforsvar. Ein maskin står og spinn for å opne eit ormehòl, mens de må halde bølgjene med Wanderers unna. Men ærleg talt – alt kan vere morosamt viss du har med deg andre.

Den kunstige intelligensen til fiendane i Metal Gear Survive er elendig. Sett du opp eit gjerde, eller går oppå ein stein, er det ingenting dei kan gjere. (Foto: Konami).

Det blir heldigvis fleire typar fiendar å bryne seg på i den siste delen av spelet, men om eg ikkje skulle skrive ei omtale er eg ganske sikker på at eg hadde lagt frå meg Metal Gear Survive lenge før eg kom dit.

Hadde dei kutta dei første femten timane av spelet kunne me hatt noko langt meir interessant her. Spelet byrjar å gi meg ei viss utfordring når dei introduserer nokre nye fiendar, men det tar alt for lang tid.

Du vil ha ein ekstra figur? Det blir ein hundrings, takk!

Mikrotransaksjonar har vore ein del av Metal Gear-universet ei stund – men aldri slik som dette. Her må du faktisk betale nesten hundre kroner per nye figur du lagar ved sia av den du har. Vanlegvis pleier eg å ha fleire figurar i slike spel, for å teste ulike spelestilar. Elles vil ein kanskje ha meir enn ein profil dersom det er fleire som brukar same PC. Vel, det får du ikkje.

Og som ikkje det var nok, har utviklaren lagt inn eit system som lar deg kutte ned på tida det tar å samle inn ressursar med ekte pengar. Altså vil utviklaren at eg skal betale for å ikkje spele eit spel eg allereie har betalt for å spele.

Litt bakvendt, kanskje. Ein skulle tru at spelindustrien ville vere forsiktig med dette i einspelarspel etter fiaskoen med Star Wars: Battlefront II. Men, nei.

Er du svolten nok, kan du ete det meste. (Foto: Konami).

Kunne like godt vore ei utviding

Det er ikkje nokon løyndom at utviklar Konami Digital Entertainment har vore i hardt vêr i det siste. Etter at dei kvitta seg med bakmannen for Metal Gear-serien, Hideo Kojima, har populariteten deira hos spelarane stupt. Eg trur ikkje Metal Gear Survive kjem til å endre på dette.

Spelet er morosamt i små dosar, og systema for mat, drikke og basebygging er givande, men eg blei fort lei. Berre det å kome seg gjennom den første timen verka mest som ei plikt. Fans av sjangeren vil kunne hente ein del viss dei ignorerer forteljinga og fokuserer på den middelmåtige basebygginga, men mikrotransaksjonar som legg slike avgrensingar på spelaren er ein «deal breaker» for meg.

Tretti timar inn i Metal Gear Survive tenkjer eg at dette burde enten vore gitt eit nytt namn eller gjort om til ei utviding til det førre spelet i serien. Eigentleg får eg mest lyst til å berre laste ned The Phantom Pain og spele det igjen. Absolutt alt blir gjort vesentleg betre der.

Om SPILLET

Metal Gear Survive