Gira på ein deit? På direktesendt radio?

Siste sjanse til å få datehjelp av kjærleiksdoktorane i Spleiselaget denne helga.

Kan åtte radiosendingar bli til åtte par?


Det er iallfall det me håper på når P3-programmet Spleiselaget går på lufta 13 februar klokka 12.
Men me blir også lukkelege dersom me klarar å spleise eitt! Kvar laurdag og sundag til og med 6 mars
vil Christine Dancke og Ken Wasenius-Nilsen prøve å spleise håpefulle og kjærleikslystne lyttarar.

Christine meiner sjølv at ho er over gjennomsnittet flink til å spleise folk. Ken derimot er meir skeptisk til om kjærleiken i det heile eksisterar. Men me har trua! Og akkurat derfor inviterar me deg (eller dine single venner) til å få hjelp frå giftekniven Christine og skeptikaren Ken, til å finne kjærleiken.

Kvar sending vil Spleiselaget plukke ut ein lyttar dei skal finne ein date til. Til å vurdere kandidatane til speed-date har Christine henta inn Ulla Kristine Rafaelsen, romantikar og evig singel. I tillegg vil Trond Aukland, som er på date minst ein gong i veka, bidra med topp-tre tips i diverse dating-kategoriar.

Lenge leve kjærleiken!

Påmelding skjer i skjemaet under. Du kan også melde deg ved å sende ein sms med kodeord P3 til 1987, MEN det må skje medan programmet er på lufta.