Freddy Kalas sleit med angst: – Trudde aldri eg skulle bli frisk

«HAIK»: Artisten opnar opp om ei tung tid der han blei redd for egne følelsar og tankar.

Namnet Fredrik Auke lét kanskje ikkje så kjent, men kanskje låtar som «Pinne for landet» og «Jovial» får det til å ringe i ei bjelle?

Artisten og låtskrivaren, best kjent som Freddy Kalas, har sidan 2014 fått folk til å frivillig (og ufrivillig?) nynne på strofer som «Vi tar en pinne for Hemsedal» og «er jo bare jovial».

Men det var ikkje alltid sjølvsagt at Freddy Kalas skulle bli kongen av party-musikk.

Då musikaren frå Drammen var 17 endra livet seg brått.

– Det heile byrja med at eg og ein kompis var ute og gjekk ein heilt vanleg tur. Heilt plutseleg fekk eg hjartebank og blei svimmel, og kjente ei sånn kraftig sorg bli kasta over meg.

Det tok mange dagar før smertene forlot kroppen, men dei vonde følelsane vart verande.

– Eg blei ramma av depresjon og angst. Eg fekk meg ein skikkeleg knekk rett og slett, og etter det var eg ikkje Fredrik lenger. Eg følte meg mykje redd og utanfor, og blei liggande mykje i fosterstilling, fortel han.

Kjempa for lykka

I dag angrar 29-åringen frå Drammen mykje på at han aldri tok kontakt med lege eller psykolog for å få hjelp. I staden vart fysisk aktivitet redninga i den tunge tida.

– Eg byrja med symjing og merka at hjernen sakte, men sikkert byrja å jobbe igjen, fortel han i NRK-programmet «Haik».

Lykke kjem ikkje gratis, men er viktig å kjempe for, meiner Kalas. Det går også igjen i musikken han lagar.

RØRT: Freddy Kalas og mora blir overraska av Christine Dancke med eit veggmaleri av Kalas.

– Eg vil beskrive meg sjølv som ein slags sirkuspsykolog. Målet med musikken er å spreie positive vibbar, glede, styrke og kjærleik.

Freddy Kalas trur han har arva den måten å tenke på frå mora.

– Blir noko vanskeleg eller ikkje er som eg vil ha det, må eg gjere noko med det.

Ein splitta søskenflokk på åtte

Freddy Kalas har sju brør og kan skilte med ein litt annleis oppvekst enn folk flest.

– Eg er oppvaksen i «Smiths venner», men då eg var 12 valde eg å forlate det kristne trussamfunnet.

SØSKENFLOKK: Freddy Kalas er blant dei yngste i ein søskenflokk på åtte. (FOTO: NRK)

Det skjedde like etter at foreldra gjekk frå kvarandre.

– At eg valde å forlate dei kan nok ha hatt mykje å gjere med skilsmissa, men eg syntest også det var vanskeleg å tilpasse seg tankesettet deira. Men det var ei tung avgjersle, eg mista jo mange venner då eg forlot «Smiths venner».

Kalas fortel at det også var utfordrande å vere så mange i ein slik situasjon.

– Me er jo ein søskenflokk på åtte, så det var jo ein merkeleg følelse å skulle splitte gjengen. Det enda med at dei fire eldste i søskenflokken flytta saman med pappa, medan dei yngste, inkludert meg, budde med mamma.

Sjå heile episoden av «HAIK» med Freddy Kalas i NRK TV.