Girl In Red er Årets Urørt!

Med ei låt som får hjarterota til å pumpe litt ekstra hardt, er Marie Ulven vinnar av Urørt 2018.

Det blei brassmusikk, latter og høge rop i Marie Ulven si stove då Christine annonserte ho som Årets Urørt med låta «I Wanna Be Your Girlfriend» på direktesendt radio. Ho er no den første kvinna til å vinne Urørt som soloartist sidan Ida Maria vann i 2007.

Som Årets Urørt får Marie Ulven spele på P3 Gull 24. november. Prisutdelingen skjer i Oslo på Tjuvholmen i Skur 13, og vert sendt direkte på NRK 1. Artisten får også sin heilt eigen serie, kor ho blir følgd av eit kamera i vekene fram til opptredenen hennar på P3 Gull. Serien blir å finne på P3.no.

Ropa av glede

Girl In Red sa ho kom til å hoppe på golvet og lage eit «skrik-ansikt» med begge henda på kvar side av ansiktet, skulle namnet hennar bli ropa opp som vinner av Årets Urørt. Reaksjonen blei kanskje litt annleis, men ikkje mindre glad.

– Oi, men skal vi ikkje høyre det på radioen? spurde ein forvirra Marie Ulven, før jubelen stod i taket.

– Faen, P3 Gull, vi skal klikke! ropa Girl In Red lukkeleg, før ho takka familien for all støtte og lova ei stor feiring i kveld.

Høyr heile sendinga her!


Scena er ikkje framand for Årets Urørt, Girl In Red.

Difor vann Girl In Red

Finalistane Girl In Red, brenn. og Company Ink kjempa om plassen til å få spele på P3 Gull med nokon av Noreg sine aller beste artistar. Til slutt blei det klart at Girl In Red var ein soleklar favoritt, både blant publikum og juryen.

Juryen i år bestod av artist og tidlegare Urørt-deltagar, Aurora Aksnes, musikksjef i P3, Daniel Ramberg, og redaktør for 730.no, Janne Monsen Tveit. Juryen var klar på kvifor akkurat Marie Ulven fortente å vinne.

– Marie Ulven har på veldig kort tid vist seg som både eit modent låtskrivartalent og ein strålande live-artist, seier juryen.

Det var den unike evna Girl In Red har til å skrive konkrete og relaterbare tekster, og at ho allereie har blitt ein spanande artist med stor fanskare både innanlands og utanlands som avgjorde beslutninga deira.

Sjå reaksjonen til Marie Ulven når ho vann øverst i saken!

Marie Ulven tek utgangspunkt i verkelegheita og ting ho har oppleve når ho lagar musikk. Foto: Jason Schjerven

P3 og Urørt har den siste tida jobba mot å bli endå betre på å lyfte ny norsk musikk opp og fram.

– Ideen om å ha vinnaren til å spele på P3 Gull var ein såpass god ein, at vi val å ha to Urørt-vinnarar i år, seier Daniel Ramberg, musikksjef i P3.

– Dermed blei det to kåringar av Årets Urørt dette kalenderåret, ein i starten av året kor Jon Olav vann, og ein i slutten. Urørt er jo stadig i endring, og løysinga med eit opplegg tett opp mot P3 Gull er nok slik utdelinga av Urørt-tittelen vil sjå ut framover. Både Jon Olav og Girl In Red er verdige Urørt-vinnarar!

Sjå Girl In Red framføre låta si på P3 Live

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=6Wiraf-2FoQ&w=560&h=315]