Gløymde hobbyar frå barndomen

Hugsar du alt det gøye du gjorde som barn? No er det på tide å børste støv av dei gamle hobbyane!

Har du nokon gong lurt på kvifor du slutta med for eksempel Pókemon-kort, «pogg» og klinkekuler (eller heilt andre ting)? ?

Mulig det forsvann i kvardagens kjas og mas, eller vart erstatta med nye og kulare ting. Men i desse dagar har me ein unik sjanse til å grave fram dei gløymde hobbyane frå fortida!

?‍♀️ TA TILBAKE UTELEIKEN ?‍♂️

Det er lett å gløyme i desse tider, men folkens, det er faktisk vår!!!

Det går bokstavleg talt mot lysare og varmare tider, og det kan me allereie merke, både ute og inne. Blomane blømer. Sola skin litt meir enn før. Det tek lengre tid før sola går ned. Deilig! ?

No må me komme oss ut. Litt, iallfall. Og med god avstand til andre, sjølvsagt. Men heldigvis for oss er naturen stor og fin.

Dette er ting eg gjorde som barn/ungdom, som eg synest me burde finne fram igjen:
⭐️Krabbefiske/eller krabbeleiting i vasskanten.
⭐️Bygge hytte i skogen.
⭐️Pinnekrig! Kan bli rimeleg intenst om du har syskenborn (eller anna familie) med utprega konkurranseinstinkt i umiddelbar nærleik.
⭐️Lage seljefløyte.
⭐️Bygge ein miniatyr-by av alt du finn – begynn med ei elv eller liknande, og lag for eksempel små trehus rundt.
⭐️Spele klinkekuler (som er til forveksling likt kulespelet boccia, berre i mini-format).

KRABBEFISKE: Mange hugsar nok den tomme bøtta som blei med til stranda, for å mellombels bli fylt opp av eit yrande dyreliv. Før ein drog frå stranda blei sjølvsagt alle dyra slopne fri igjen. (FOTO: NRK)

? HABBO HOTEL ?

Eit virtuelt hotell. På internett. Finst det noko som er meir perfekt enn det i desse dagar?

Prinsippet er rimeleg enkelt. Du lagar deg ein profil med din eigen «figur», og får tildelt ditt eige rom på hotellet, som du fyller med møblar (eller «møbz» som det vert kalla på Habbo-språket). Du kan få besøk av venner på rommet ditt, eller du kan møte dei i andre rom – enten deira private, eller dei «offentlege» romma.

HABBO HOTEL: Slik ser eit hotellrom ut på Habbo Hotel. (FOTO: Skjermpdump Habbohotel.com)

Eg trur ikkje eg er den einaste som kjenner nostalgien boble når eg tenkjer på Habbo hotel. Første gongen eg fekk spørsmål om eg ville vere kjærasten til nokon, det skjedde faktisk der inne. ? «Forholdet» varte dessverre ikkje lenger enn ein time.

Og eg kjem aldri i verda til å gløyme følelsen eg hadde den dagen eg sjekka inn på Habbo hotel for første gong, eller dagen eg kjøpte min første Habbo-mynt. Eg og bestevenninna mi drog til sentrum eins ærend for å kjøpe desse virtuelle pengane, slik at me kunne kjøpe oss virtuelle møblar og sånt. Merkeleg å tenkje på at me frivillig brukte veke-pengane våre på det der. På eit tidspunkt gjekk det så langt at me hacka kontoen til ei venninne, og stal alle møblane hennar. ?

Den norske versjonen av hotellet var på sitt største rundt 2008, med omlag 200.000 brukarar i månaden. Hotellet vart etterkvart nedlagt, men den internasjonale versjonen finst framleis i beste velgåande! Spelet kan derimot vere litt kronglete å spele på datamaskina, sidan det krev Flash (som berre fungerar ut året). Alternativt er det også mogleg å spele Habbo på telefonen. ?

? PUSLE ?

TUSEN BITAR: Puslespel kan vere frustrerande greier, men er på samme tid overraskande underholdande. (FOTO: Hanne Våge / NRK P3)

Puslespel var aldri det heilt store i min oppvekst, men det fortenar ein plass på denne lista fordi pusling har vist seg å vere gøy i vaksen alder.

Gleda er å opne ein boks med tusenvis av brikker som eigentleg passar saman, men no ligg hulter til bulter. Sjølve puslinga er både frustrerande og beroligande på samme tid. Og av ein eller anna merkeleg grunn går tida latterleg fort når brikkene kjem på bordet.

Sjølv er eg halvvegs inne i mitt andre puslespel på under to veker. Bestilling av eit tredje med 5000 brikker er oppe til vurdering. ?


?? THE SIMS ??

I den sosialt begrensa kvardagen me lev i akkurat no er det éit spel frå barndomen som har meldt sin tilbakekomst i livet mitt: ❤️The Sims❤️

Sidan spelet gjorde sitt inntog i verda på starten av 2000-talet, har eg spelt både Sims 1, 2, 3 og no 4. Det er nesten som eg vurderar å titulere meg sjølv som Sims-ekspert. Men berre nesten, altså. ?

Eg meiner spelet er perfekt i ein kvardag der ein ikkje får fylt på sosial-kontoen i like stor grad som før. Iallfall ikkje fysisk.

I Sims kan du nemleg gjennomføre den «vanlege» kvardagen. For eksempel møte og henge med venner, feste, dra på treningssenteret, dra på hytta. Sistnevnte er perfekt no i desse påsketider. ?

Eventuelt kan du gjere som meg. Sidan eg har heimekontor for tida får eg ikkje møtt redaksjonen min fysisk. Derfor har eg no eit spel gåande der alle eg jobbar med bur i samme nabolag. ? Litt rart, tenkjer du kanskje, men veldig hyggeleg å dele oppdateringar om korleis det går i liva våre, med kollegaene mine.

SIMS: Sims er eit spel der ein blant anna kan bygge hus og styre liva til folka som bur i huset. (FOTO: Skjermdump frå The Sims, EA Games).

? FINN FRAM DIN INDRE KUNSTNAR ?

No kan me endeleg koste støvet av dei gamle teikne- og malesakene me har liggande! Og kanskje endeleg få til den forhatte(?) perspektiv-teikninga.

Ikkje minst er dette også ein gylden sjanse til å utforske det episke PC-programmet Paint. Det finst uante moglegheitar i dette enkle, men underholdande programmet.

Dette er også eit perfekt tidspunkt til å nevne eit par bortgløymde kunstformer: glassmaling, lysdrypping, fingerhekling, fingermaling, trolldeig. Tenk all den fine kunsten me kan fylle hus og heim med no! Moglegheitene er mange her, altså.

KUNST: Diverse kunstverk henta frå mitt personlege arkiv. Desse stammar frå då eg var rundt ti år gammal. (FOTO: Hanne Våge / NRK P3)

? GRATIS-SPEL PÅ INTERNETT ?

Hugsar du den tida då alle satt og spelte gratis-spel på 123Spill.no og 1001spill.no? Med mindre du aldri slutta med det, har eg ein gledeleg nyheit til deg: dei er der enno. Og dei er framleis gratis. ?

Det finst uendeleg mange spel å velje mellom: alt frå sjakk til «Bubble Shooter». Men la oss for alt i verda, aldri, ALDRI gløyme klassikaren Mujaffas BMW. «Kom inn i Mujaffas BMW» og «Dropp det, du hakke gummi» var begge velkjende sitat i min skulegård.

POPULÆRT: Då eg gjekk på ungdomsskulen spelte alle «Mujaffas BMW». (FOTO: Skjermdump)

✍️ GJENOPPTA GAMLE SKRIVEKUNSTAR ✍️

KREATIV: Bilete henta frå mitt personlege arkiv. Det låg vel alltid i korta at eg skulle bli journalist, så kreativ som eg var. ? (FOTO: Hanne Christin Våge / NRK P3).

No skal eg ikkje bli ein sånn person som klagar over korleis ting var betre før internett… fordi internett er «BeZt». ?

Men det er ikkje til å stikke under ein stol at det gjekk meir i penn og papir før.

Det fanst fleire brevvenner. Det fanst fleire analoge dagbøker. Kanskje dette er tida for å endeleg få masse post igjen? For å igjen kjenne på den der spenninga ved å sjekke postkassa kvar dag. Eller kjøpe seg ei dagbok med hengelås, sånn at ingen andre enn deg får snoke i diverse hemmelegheiter. ?

Er du ikkje av den analoge typen er det sjølvsagt mogleg å utforske moglegheitene for å skrive dagbok eller brev (også kjend som e-post) på datamaskina. ? Sjølv om dagbok ikkje blir heilt det samme utan den der sinnssjuke hengelåsen… ?

? INSPIRERANDE SITAT ?

I lang tid er det den meir vaksne delen av befolkninga som har tatt eigarskap til denne hobbyen: vakre bileter (gjerne soloppgang eller liknande), med pålimte inspirerande sitat. Reknar med dei fleste har ei gammal tante eller bestemor som aktivt deler desse i diverse sosiale medium.

Men ikkje gløym at inspirerande sitat ein gong i tida var ein stor hit – også blant oss unge.

For å hedre denne megaharry internett-trenden har me laga vår eigen «inspirational quotes»-generator, som gir oss passe «tacky» og delbare bileter herfrå til månen.

Putt inn namnet til ein venn, kjæledyr, fiende, eller deg sjølv, lagre biletet og send på melding (eller mail) til nokon. ?? Eller gjer som di gamle tante – del det på Facebook. ❣️ Spre litt glede til dine gode FB-venner. ?

Det kan være vanskelig å finne motivasjon i en annerledes hverdag, og derfor har P3 laget denne generatoren! Skriv inn navnet til noen som trenger litt ekstra inspirasjon – og send bildet til dem eller del det i sosiale medier.
🙂 💝
.

.

? ALTERNATIVE KJÆLEDYR ?

Elskar du dyr, men kan av diverse grunnar ikkje ha det? Då har eg to meget nostalgiske alternativ til deg.

Til min store sorg hadde eg aldri ein sjølv, men eg hugsar veldig godt at storesystrene mine hadde Tamagotchi. Eg var blå av misunning. ? Heldigvis fekk eg lov til å sjå på når «datadyret» skulle få mat, eller leike. Kjedeleg var det når dyret skulle sove. ? Men ellers ein særs fascinerande hobby. Heilt innafor å skaffe seg i desse heimakontor-tider, tenkjer eg. ?

Og for dei som hugsar det: Sea Monkeys. Små frø (eller egg) som du legg i vatn, og på magisk vis blir dei til bittesmå, rekeaktige dyr! Det er framleis eit sårt tema, men mine Sea Monkeys fekk ein brå og tragisk slutt på livet. Eg skulle stolt vise fram kor store dei var blitt til venninna mi, men snubla og tryna på vegen. Falt nokre modige tårer over dyra som var så mikroskopiske små, at det var umulig å plukke dei opp frå teppet igjen. ? Men det var i det minste spennande å følgje reisa frå frø – til sprell levande dyr. ?

? PERLING ?

Spør du meg finst det få ting her i verda som er like beroligande som bittesmå perler av plastikk, som ein forsiktig danderar på eit brett. Og på desse bretta har ein uendeleg mange moglegheiter til å sleppe fantasien laus. Er ein ikkje nøgd er det berre å slenge perlene tilbake i boksen – og byrje på nytt. Er det ein kunstverk som ligg på brettet framføre deg er det fritt fram å forevige dette, under eit strykejern. Med bakepapir mellom, sjølvsagt.

Denne nydelege hobbyen fekk nytt liv då eg gjekk på vidaregåande. Plutseleg sat heile vennegjengen heime på laurdagskvelden, med fullt fokus på perlebrett og perlesortering, som om det var det viktigaste i heile verda. Mulig det berre var eit lokalt fenomen der eg er frå, men eg kan iallfall skrive under på at perling også fungerar i vaksen alder.