Hadde så sterke menssmerter at kompisen ville ringe ambulansen

Tamanna Agnihotri (23) blir programleiar for «Mensen», eit nytt TV-program som skal gjere det mindre kjipt å ha mensen.

– Eg kunne ikkje møte opp på skulen, eg låg heime og kasta opp. Det finst ikkje noko anna ord for det enn at det var heilt jævlig, grøssar Tamanna over telefonen. 

Ho var 13 år då ho fekk mensen for første gong. Midt i musikktimen på skulen gjekk ho på do og oppdaga noko raudt i trusa.

Ho skjønte med éin gong at det var mensen, men Tamanna blei plutseleg usikker på om ho i det heile tatt ville fortelje om det til mor si.

– Eg syntest rett og slett at det var flautt. Det var eigentleg ikkje noko anna enn det. Det var ikkje noko eg hadde lyst til å ta opp med henne.

Skal lære av andre sine erfaringar

Med minitalkshowet «Mensen» skal Tamanna prøve å endre på dette. Gjennom å snakke ope om livet med mensen og alt det byr på, skal det bli litt lettare å få menstruasjon.

Kvar veke inviterer Tamanna nye, kjente folk til studio, gjestene deler av sine erfaringar og kjem med tips og triks for korleis du kan ta vare på deg sjølv når du har mensen.

Målet er å skape eit fellesskap slik at unge jenter som ser på, ikkje må finne ut av alt om mensen sjølve og i einsemd, konstaterer Tamanna.

Og så skal vi le litt av det også. For det skal jo ikkje vere ein så seriøs ting å få mensen.

Flautt å snakke om menssmerter

Heime fekk Tamanna ein klem av mor si då ho omsider fortalde om blodet i trusa. Så snakka dei ikkje så mykje meir om det.

Men for Tamanna var dette berre starten på noko som i årevis skulle fortone seg som eit mareritt.

Etter kvart som eg hadde hatt mensen eit par gonger, grudde eg meg ikkje til å blø, men eg grudde meg til å få så sterke menssmerter at eg ikkje kunne fungere. 

Det var alltid den første dagen med mensen i kvar månad som var verst.

– Eg fekk hetetokter, feber og sveitta. Av og til kunne eg vere på nippen til å svime av, fortel ho. 

Tamanna snakka ikkje med nokon om kor vondt ho hadde det. Ho syntest det var for flautt å ligge heime med så sterke menssmerter i ein alder av 13 år.

Ho var sikker på at ingen ville forstå.

Sjå smakebit av den første «Mensen»-sendinga med gjestene Vicoria Skau og Sara Høydahl:

Kompisen ville ringe ambulansen

Smertene tok fullstendig over livet hennar i periodar. Ho kunne ikkje planlegge feriar eller andre sosiale aktivitetar. Eksamen blei også eit problem, for det var garantert at mensen ville kome i løpet av eksamensperioden. Då ville ho ikkje klare å møte opp.

Smertene var så sterke at livet mitt stoppa opp kvar gong eg fekk mensen, fortel ho.

Eit skrekkscenario der ho fekk mensen midt i skuletida, kjem ho aldri til å gløyme.

– Kompisen min skjønte ikkje kva som skjedde, for eg kunne ikkje snakke. Då spurde han: «Skal eg ringe etter ambulanse?» 

Når ein venn spør om han skal ringe ambulansen, då ser det ganske ille ut for den personen, seier Tamanna.

Og så er det jo ikkje slik at eg treng ambulanse heller, ler Tamanna litt oppgitt. 

Skummelt med p-pille og gynekolog

LIVMOR: Tamanna har allereie spelt inn éin episode av «Mensen». Her viser ho fram livamora i neonlys. FOTO: privat

Ho tok kontakt med legen igjen som tidlegare hadde fortalt henne at det var heilt normalt at unge jenter opplevde smerter knytte til mensen.

Tamanna var også redd for at smertene kunne vere teikn på endometriose, ein diagnose knytt til sterke menssmerter og som kan føre til vanskar med å bli gravid seinare i livet.

Det einaste ho fekk tilbod om, var p-piller. Men det hadde ikkje Tamanna lyst til å ta. Ho hadde for lengst søkt opp menssmerter på nett og lese at det kunne vere risikabelt å tilføre kroppen hormon.

Eg var redd for kva det skulle gjere med kroppen min. Eg likte ikkje tanken på å få i meg piller i så ung alder. 

Første møtet med gynekolog var heller ikkje enkelt. Ho var 16 år og synest det var skummelt. Ho turte ikkje stille for mange spørsmål medan ho blei undersøkt.

Hjelpte å snakke med andre jenter

Smertene viste seg ikkje å vere endometriose, men ekstremt sterke mensplager, noko mange unge jenter kan oppleve i sine første år med menstruasjon.

Og sjølv om smertene er blitt mildare med åra, er Tamanna livredd for at plagene skal kome tilbake, noko som av og til skjer.

– Eg fekk plutseleg kjempesterke smerter sist eg hadde mensen, eg blei kjempelei meg og begynte seriøst å gråte.

For henne var det berre éin ting som verkeleg hjelpte henne med å takle smertene til slutt.

Å snakke med andre jenter.

– Jo eldre eg blei, jo meir komfortabel blei eg med å snakke om mensen. Eg begynte å spørje andre om dei hadde smerter, og eg forstod at det var vanleg for dei også. 

Nesten halvparten av verdas befolkning blør ein gong i månaden, og opplevinga av å få mensen er ulik for alle. Nokre gler seg, andre gruar seg.

Likevel er det ikkje slik at kvinner nødvendigvis deler med kvarandre korleis livet med mensen kan vere.

– Ingen av vennene mine snakka om det på skulen. Eg kan ikkje hugse at vi tok opp mensen som ei greie eller snakka om menssmerter eller korleis ein brukar tampong. 

 – Når det ikkje var ein vanleg ting å snakke om mensen, så ville jo ikkje eg heller gjere det, reflekterer Tamanna.

SMITTEVERN: Tamanna og kollega Stine Marie Holme passar på at det er god avstand til gjestene i sofaen. FOTO: Marie Kinge/NRK

Alle treng lære meir om mensen

Tamanna kjem frå Prinsdal i Oslo. Ho er skodespelar og har spelt i Erik Poppe sin film «22. juli» og TV-serien «Skitten snø» på NRK.

Ho var blant dei 254 personane som sende inn ein søknad om å bli programleiar for eit nytt program på NRK TV om mensen.

Ikkje synest ho det er vanskeleg å snakke om det lenger heller, og ho synest det er rarare at andre blir overraska over at ho tør snakke så høgt om det.

 – Eg synest det er litt morosamt at folk blir overraska, og det er det vi må forandre på. 

 – Når eg høyrer andre seie: «Tammi, eg hadde også dritsterke menssmerter», så får eg ei ro inni meg. Då veit eg at det ikkje berre er eg som har hatt det vanskeleg, fortel ho. 

Det viktigaste for henne er å vere med å skape ei plattform der ein kan snakke om mensen, slik at unge jenter kan sjå folk dei ser opp til dele sine historier i håp om at alle kan kjenne seg litt meir komfortable. 

Tamanna hugsar sjølv korleis ho reagerte då bestevenninna fekk mensen eit halvt år før henne.

Plutseleg fekk ikkje Tamanna vere med henne på do lenger, dei to som alltid gjekk på do saman.  

– Eg måtte tvinge det ut av henne, seier Tamanna. 

– Kva gjorde du då ho sa at ho hadde fått mensen? 

Eg berre lo. Eg lo fordi eg ikkje visste heilt korleis eg skulle reagere på det, seier Tamanna og ler litt.

«Mensen er for alle»

Ho meiner «Mensen» er eit program alle kan ha nytte av å sjå, også dei som ikkje har eller vil få mensen. 

Lær om andre, lær det du ikkje veit. Du har sikkert ei søster eller ei venninne som har sterke menssmerter, eller ikkje veit korleis ein brukar tampong, eller korleis ein set på eit bind.

 Kunnskap er aldri negativt, slår Tamanna fast.

Pressebilde Tamanna Agnihotri
PROGRAMLEIAR: Før Tamanna Agnihotri blir programleiar i «Mensen» blir ho å høyre i «P3sommer» på P3. FOTO: Maria Olivia Rivedal/NRK.

«Mensen» har premiere i spelaren til NRK måndag 24. august 2020 og skal gå i ti episodar.