– Me har kanskje alltid hatt ei kjensle av at hiphop har vore litt oversett, men at dei i år kutta ut sjangeren heilt kom som eit sjokk for mange.
Redaksjonsleiar i strøymetenesta Wimp, Sveinung Rindal, er berre ein av dei som vart overraskadå Spellemann bestemte seg for å fjerna kategorien i desember. No vil Wimp hedra norsk hip-hop sjølv, med hjelp frå folket.
– Samstundes som Spellemann droppar hip-hop frå prisane, spelar Karpe Diem for eit utseld Oslo Spektrum. Folket vil ha hip-hop, legg Rindal til.
Les meir om Spellemann hjå p3.no/musikk
Mykje å ta av
Wimp-redaksjonen har valt ut fire kandidatar til prisen, og bak nominasjonane står Bjørn Hammershaug, Pål Honerød Bentsen, Kristian Amdal og Sveinung Rindal sjølv.
– Spellemann meinte dei hadde for få album å ta av. Me meiner det kom mange glitrande hiphop-skiver frå norske artistar i fjor. Dei fire skivene me har nominert er på ingen måte alt me hadde å ta av.
Då Spellemann bestemte seg for å droppa kategorien, var det nettopp få påmelde som var årsaka.
– Det er sett ei grense på minst tolv påmelde for å halda på ein kategori, men dessverre er det ikkje så mange påmelde hiphop-artister i år. Det sa styreleiar i Spellemann, Marte Thorsby, til Dagbladet då kategorien vart fjerna i desember.
Stem på Facebook
Wimp-redaksjonen har nominert fire album til prisen, som blir delt ut saman med «Nilsen»-aktuelle Don Martin i neste veke. Albuma er presentert nedst i saka, med grunngjeving frå juryen.
Kven som vinn prisen er det du som er med på å bestemma. Avstemminga er i gang på Facebook-sida til Wimp, og vil halda fram gjennom helga.
Legg att di stemme ved å følga denne linken: Wimp på Facebook.
Karpe Diem – Kors På Halsen, Ti Kniver I Hjertet, Mor Og Far I Døden
Chirag og Magdi har gang på gang bevist sin styrke som liveband, hatt utallige hits og markert seg som sterke stemmer i offentligheten. De to første singlene fra guttas fjerde studioalbum var skitne, basstunge «Toyota’n til Magdi» og den nydelige, mer pop-orienterte låta «Her». En sjangerkombinasjon som gjør seg gjeldende på hele albumet.
[youtube http://www.youtube.com/watch?v=INvE0P-pHYA]
Fela -D.U.R.E
«D.U.R.E. er debutalbumet til Breaknecks-medlem og Haugenstua-gutt Fela, produsert blant annet av Jason Dean og belgiske Hi Phats. Med på albumet er Don Martin fra Gatas Parlament, Chino fra Degos, franske Tonto Noiza og selvfølgelig Breaknecks. Breaknecks ble først kjent i hiphop-miljøet med låtene ”Rett ut av Groruddalen” og ”Hold hodet opp”, og selv denne gjengen har sluppet flere populære mixtapes, er dette det første offisielle albumet som kommer ut av miljøet.»
[youtube http://www.youtube.com/watch?v=0uXZCWbnpaE]
Hålogalandslaget – Aggrokultur
«Joddski fra Tungtvann og RSP fra Kompani69 er Hålogalandslaget, et møtepunkt mellom deres musikalske preferanser av hardcore rap, karibisk dansemusikk, britisk grime og dubstep. ”Aggrokultur er et kompromissløst sammensurium av tekstlig og musikalsk inspirasjon som på imponerende vis samles i en rød tråd av nordnorsk fandenivoldskhet.»
[youtube http://www.youtube.com/watch?v=wc8AUMRGG28]
Gode Ord Dør Sist – Svart jord
«Børek (Erik Bruset) og Tfuzz (Trond Wiger) har jobbet sammen i nærmere 15 år, og Svart Jord er deres andre fulle studioalbum. Det er produsert av bandet selv, mikset av Trondheimsartisten Bad Spit og spilt inn på GODSterminalen på Svarlamon, bandets egne lydstudio som ble bygd ut av en gammel arbeidsbrakke. Duoen lager alle beatsa selv, og på albumet har de også lekt seg med omfattende bruk av analoge synther og analog instrumentering.»
[youtube http://www.youtube.com/watch?v=7Ds3ygU_Xa4]