Sabrina Carpenter er kanskje ikkje det namnet ein forbind med julestemning og glede. Likevel har Netflix gitt den 25 år gamle amerikanske popprinsessa si heilt egen julespesial: «A Nonsense Christmas with Sabrina Carpenter».
Artisten, som er kjend for låtar som «Nonsense» og «Espresso» har i år gjort stor suksess med albumet «Short n’ Sweet». Som ei førjulsgåve til det norske folk blei det annonsert at Carpenter tek turen til Unity Arena i mars i 2025 – ein konsert som blei utseld på berre nokre få minutt.
Med ei av verdas mest trendy popstjerner som frontkvinne, har julespesialen fått eit tilsynelatande uendeleg stort budsjett.
Gjestar som sørafrikanske Tyla og amerikanske Chappell Roan, to andre gigantar innanfor popmusikken, dukkar også opp. Om alle duettane er like gode, er eit anna spørsmål.
Forbered deg på kleinheit
Som ein slags «cold opening» framføra artisten den fyrste av til saman ti låtar, alle med live- band og vokal. Ein meir jazzete versjon av «Buy me presents» frå jule-EP-en «Fruitcake» (2023) startar det 50 minutt lange showet.
I det som no har blitt eit slags varemerke for artisten, er låta fylt med seksuelle hint og dobbeltydingar, samtidig som vokalen til Carpenter er silkemjuk som vanleg.
Heldigvis er ikkje alle songane prega av sex og upassande mentale bilete, men det betyr heller ikkje at dette er julefilmen du bør setje på når du er saman med foreldra dine.
Små stikk lurar seg naturlegvis inn, og der dei verkeleg treff er det nok best å enten vere aleine eller med likesinna.
For å offisielt sette i gang julespesialen tek 25-åringen oss med på ein tur gjennom filmsettet mens ho forklarar konseptet og syng ein egen versjon av ein kjent klassikar, som ho så intelligent har kalla «It’s the Most Nonsense Time of the Year».
Det er «halvnakenskap» og tekst om å ha ein lågthengande julestrømpe. Du skjønar teikninga.
Venninner over heile verda
Lista over artistane som Sabrina Carpenter har fått med som musikalske gjestar er stjernespekka. På dei fire duettane som blir framført syng Tyla, Shania Twain, Kali Uchis og Chappell Roan saman med Carpenter for å lage deira versjon av kjende julelåtar.
Talentet er openbert, men dessverre er det tydeleg at fleire av desse artistane møtte opp og song, for så å reise heim igjen. Kjemien er rett og slett ikkje til stades.
Tyla gjestar «This Christmas», og sjølv om framføringa er sukkersøt, er interaksjonen dei imellom tidvis noko bitter.
Vokalmessig er «I Saw Mommy Kissing Santa Claus» med Kali Uchis utan tvil best.
Dessverre verkar det nærmast som om dei to artistane ikkje taklar å vere i same rom. Det er ingenting som seier peiskos og hygge, som ein kald isfront.
Popprinsesser på topp
Heldigvis er det også glede å finne i duettane. «Santa Baby» med Shania Twain er som å sjå ei stolt tante synge saman med niesa si, og gir smått kjensla av korleis Dolly Parton og Miley Cyrus spelte kvarandre gode i «Hannah Montana»-serien.
Men, og dette smertar litt å skrive, Shania Twain syng ikkje noko bra denne gongen.
Tonane er litt overalt, og hennar meir røffe og slitne countrystil skil seg ut som ein sår tommel i forhold til Carpenters meir mjuke og behagelege stemme.
Ein duett som derimot ikkje skuffar er karaoke-versjonen av Wham sin «Last Christmas» med Chappell Roan. Begge artistane har oppnådd superstjernestatus det siste året, og sjølv om dei kanskje ikkje delar akkurat det same publikummet, delar dei fleire av dei same talenta.
Begge treff dei høge og lange vanskelege tonane som George Michael perfeksjonerte, samtidig som dei får det til å sjå ut som verdas lettaste oppgåve.
Det er òg ekstremt forfriskande å sjå ein duett der begge artistane kosar seg, og der det verkar som den eine sette pris på den andre. Denne framføringa er det definitive høgdepunktet, og ein kan berre håpe at desse to artistane har fleire samarbeid på lur.
Både harde og mjuke pakkar
Elles så er «A Nonsense Christmas with Sabrina Carpenter» ei helt okay musikalsk oppleving. Ho syng nokre andre låtar frå den ikkje-så-altfor-kjende jule EP-en hennar, og desse syng ho heilt aleine.
«Santa doesn’t know you like i do» og «Cindy Lou Who» er tru til forma si, og høyrest like pent ut live i studio som dei innspelte versjonane gjer.
Sabrina Carpenter får plusspoeng for å ha med seg liveband og kordamer. Alle dei leverer på eit høgt nivå og det ser ut som dei genuint hygger seg.
Avslutningsvis blir publikumsfavoritten «Nonsense» framført, men med ein liten julevri.
Over storbandmusikk syng Carpenter alle slags moglege upassande tekstar om å få besøk av nissen gjennom pipa si, trimme julebusken si og om å la det snø.
Om du tenker å sjå dette med faren din: Ikkje gjer det.
«A Nonsense Christmas with Sabrina Carpenter» er akkurat det ein forventar frå artisten. Underhaldande og fin musikk, forsøk på humor og ein god dose sex fungerer som regel, til og med så smått når det kjem til jul.
SJÅ OGSÅ: