Fotballstjerna får endeleg hemn over Markus

Banneorda kunne høyrast lang veg då Markus Neby blei straffa med tre skudd i ræva.

Den meget sjølvsikre Markus Neby blei audmjuka då han måtte stå i mål under ein heftig runde med «sviræv».

Under P3aksjonen for i 2018knuste Markus Rosenborg-spelaren Pål André Helland i tverrliggerkonkurranse på Lerkendal. Eit år seinare er han framleis ubeseira.

Men i år fekk Helland moglegheita til å ta hemn. Midtbanespelaren kan skyte ein fotball i over 140 kilometer i timen, og dersom folket klarte å samle inn 1.350.000 kroner skulle han få skyte på rumpa til Markus.

Markus vann då han utfordra Rosenborg-stjerna i fjor. No får Pål André Helland hemn. (Foto: Mattis Folkestad, NRK P3)

– Han kjem mest sannsynleg ikkje til å treffe rumpa mi, sa ein eplekjekk Neby før målet var nådd.

Heldigvis ville P3 sin lyttarar sjå ein av Norges beste fotballspelarar straffe Markus, og den totale summen enda på heile 1.390.464!

«Rævaknuser»

Forsvarsspelarane Gustav Valsvik og Even Hovland var også med, og alle tre fekk kvart sitt skudd.

– Fader ass. Eg er så forsvarslaus, for eg må jo berre stå der med rumpa. Det er urettferdig. I fjor så vann eg, og no skal eg straffast!?

Markus var ikkje veldig høg i hatten då han innsåg at det blei «sviræv» på han. (Foto: Marte Hedenstad, NRK P3)

Markus måtte grave djupt i seg sjølv før han stilte seg opp inne i målet. Og fotballane låg berre tre meter bak.

– Okei, skal eg berre stille meg opp med ræva? Vent! Vent! Okei, no står eg her! Fucking hell! Rasshøl!

Banneorda tar aldri slutt. Det var nesten litt vondt å sjå på kor fortvila Markus var. Og det blei altså 3/3 knallharde treff!

Med knekk i knea og ei hand bakpå ryggen kavar Markus seg ut av målet.

– No går eg på ein måte som gjer at det ser ut som eg held på å drite på meg. No har eg ein blå venstre-rumpeball, og ein blå høgre-rumpeball, seier Markus før han drar ned buksa for å vise merka.

Markus fekk eit signert bilete av Helland. (Foto: Marte Hedenstad, NRK P3)

Kanskje må han ha ei donut-sitteputte resten av dagen? Som endå eit stikk i sida får Markus ein karikatur av Helland, med teksten «heng den i taket, så fruen din har noe pent å se på når dere har sex:)».

Vil du vere med å bidra til meir sprell? Klikk her for å gi pengar til årets P3aksjon.