– Eg er veldig glad for at eg ikkje sitter i juryen, seier Hans-Jørgen Undelstvedt i Heroes & Zeros – For det hadde vert veldig vanskeleg å velje kven som er best.
Det er 3 år sidan han og resten av bandet vann Årets Urørt 2006, og i år er dei eit av innslaga under Urørtfinalen. Dei har allereie rekt å gi ut plata «Strange Constellations», blitt Spellemann-nominert i kategoriane «årets nykommar» og «årets video» i 2007 og dei har gitt oss hittar som «City Lights» og «Oslo fadeout». I mars kjem oppfølgaren «Simian Vices Modern Devices».
Korleis blir det å kome tilbake å spele på Urørtfinalen etter så lang tid?
– Det blir veldig fint å kome tilbake til Urørt, seier Hans-Jørgen, vi satar på ein skikkeleg hyggeleg aften. – Det blir første gang vi framfører vårt nye materiale så dette blir eksklusivt, no må vi berre øve til det sitter, ler han.
Les Vi har sjekka nervane til alle finalistane før den store kvelden
Humor lizm
I tillegg til Heroes & Zeros, kjem fjorårets vinnar, Matias Tellez, for å spele og for å gi stafettpinnen vidare til éin av våre ti finalistar. Vi er enormt glade for å ha han tilbake hos oss. Det siste året har Matias blant anna spelt på Norwegian Wood, Iceland Airwaves og i Japan. Han har hatt fleire låtar lista på P3 og i feburar kjem debutalbumet.
Sjå mini-dokumentar om Matias Tellez
I tillegg skal humorgjengen i Blymandag få deg til å le undervegs. Folk som har opplevd det sketsjete showet seier det er flaut, rart og hysterisk morsomt på ein gang. Du møter kjente fjes som Morten Ramm (Torsdagsklubben, Manshow, Rikets Røst), Else Kåss Furuseth (P3) og Odd-Magnus Wiliamson (ICA-reklamen ho, ho).
Stort gratis liveshow
Vi er totalt avhengig av at du går inn å stemmer fram din favoritt på nett eller via sms:
Kodeord U (nummer på finalist) til 1987 (1,- per melding). Du kan stemme så mange gangar du vil.
Du er også hjartleg velkomen til å gjere dette til tidenes fest. Møt opp på Samfundet i Trondheim, vi skal løfte taket i manesjen og startar kl. 18.30. Fårspill og sjølve finalen får du med deg på radio fra kl 18, og du kan sjå alt i P3tv fra kl 19.30.
Urørtfinalen er sjølvsagt gratis og aldersgrensa er 18 år.
Lydverkets Ingerid Stenvold skal lose oss gjennom kvelden med god hjelp frå Urørtprogramleiar Amund Grepperud.
Årets Urørt blir avgjort ved hjelp av din stemme, i tillegg skal ein samansett jury beståande av P3s musikksjef Håkon Moslet, bransjebølle og plateselskapssjef Christer Falck, Dagbladets Sigrid Hvidsten og Turbonegers Thomas Seltzer avgi sine stemmer som tel 50 %.
Les meir om juryen her
Alle er dei opptekne av ny norsk musikk og har sterke meiningar om korleis og kva band eller artist som fortener å bli Årets Urørt.
STEM HER!
Velkomen til Urørtfinalen 2009!