Kjøttkrokar, tatoveringar og forvandlingar: Dette er høgdepunkta frå P3aksjonen

Ei skummel jenta i nattkjole, «trampstamps», Shrek-skodespel og henging frå kjøttkrokar. Dette har skjedd på årets P3aksjon!

100 timar for havet er over. Programleiarane Ingrid Simensen, Tete Lidbom, Adelina Ibishi og Martin Lepperød har gått igjennom mange smertefulle, morosame og intense augneblikk, til støtte for ein god sak.

Innsamlinga for året gjekk til WWF Verdas naturfond og til deira kamp mot plast i havet. Pengane som kom inn er øyremerka til tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinane og Thailand.

I år samla me inn 7.869.925.

Pengane går blant anna til å få på plass gode avfallssystem for søppel og gode politiske løysingar på plast-problemet.

Tete får tatovering

Torsdagen starta friskt for tatoveringsglade Tete. Ved hjelp av givarglade nordmenn vart det bestemt at han skulle tatovere inn slagordet «Get in» på korsryggen, i ekte «tramp stamp»-stil.

TRAMPSTAMP: Tete fekk eit nytt tilskot i tatoveringssamlinga si. Foto: Kim Erlandsen

– Eg har jo ei kvinne i mitt liv. Min kjære «Vinsjan» er jo det stiligaste mennesket på denne planeten, og no skal ho surra rundt på diverse strender med ein fyr som har «Get in» over ræva, spurte Tete oppgitt.

Lyttarane fekk stemma fram sitt favorittdesign. Det stod mellom fire alternativ, men til slutt var det hjarteskrifta som vann fram.

– Det er rart med det, men eg er tilbake med betre sjølvtillit og med meir glede for livet! Denne tatoveringa er starten på eit fantastisk eventyr, sa Tete entusiastisk.

Martin vart sitt største mareritt

Den same dagen vart me vitne til den fyrste forvandlinga for året. Martin skulle bli si største frykt: Jente med nattkjole. Rettare sagt jenter som liknar på karakterane i skrekkfilmane «The Ring» og «The Grudge».

Etter å barbert skjegget, farga håret svart, fått hårforlengingar og ein kvit kjole, var forvandlinga komplett. I blafrande lys avslørte Martin sin nye «look».

– Dette såg verre ut enn eg trudde. Sjå kor stygg eg er, sa Martin då han endeleg fekk sjå seg sjølv i spegelen.

– Det ser ut som du har sete deg fast i ein evig black metall sketsj, kommenterte Tete.

Det ferdige resultatet likna faktisk skummelt mykje på Stønnestina, spøkelset frå Harry Potter-filmane.

Ingrid vart forvandla til songaren ho var forelska i

På dag tre var me vitne til kanskje den mest underhaldande forvandlinga. Ingrid skreik av glede då ho fekk beskjeden om at ho skulle bli forvandla til vokalisten i Tokio Hotel, Bill Kaulitz.

– Eg har vore forelska i dette mennesket, og no skal eg bli han, sa Ingrid og peika på bildet av Bill mens ho skalv litt.

Etter ein piercing i augebrynet, farging og klipp av håret, mangla berre klede og sminke. Ein god runde med svart kajal rundt augo, og Ingrid likna meir på Bill Kaulitz, enn Bill Kaulitz likna på seg sjølv.

Men det var ikkje alt. Plutseleg dukka sjølvaste Bill opp på skjermen framfor Ingrid, og Adelina røpte hemmelegheita om Ingrid si tenåringsforelsking.

– Eg har kjærast no, men du var ein stor del av livet mitt ein gong i tida, stotra Ingrid fram.

Adelina vart Adeladdin

Ingrid var ikkje den einaste som fekk kjenna på korleis det var å vera mann. Adelina elskar «RuPaul’s Drag Race», og no fekk ho endeleg prøva seg som drag sjølv.

– Eg har vore med på P3aksjonen tre gongar no, og eg har alltid blitt stygg. Endeleg skal eg bli digg, sa Adelina.

Ein dragking har mykje personlegdom og skal gjerne vera litt «over the top». Det var absolutt Adelina, då ho dansa og mima til «It’s Raining Men» av «the Weather Girls».

– Det som skjedde der ute på golvet var så latterleg bra! Det såg ut som om du har øvd heile livet, ropte Tete etter showet var over.

Martin fekk oppfylt draumen sin

Obs: Me åtvarar om sterke bilde!

Laurdag kveld vart me vitne til kanskje den sjukaste hendinga i P3aksjonen si historie. Martin kunne avsløra til dei andre programleiarane at dersom dei fekk inn 200.000 kroner, ville han få oppfylt ein ganske sær draum.

– Å bli verdas fyrste person som sender liveradio hengande frå taket… Eg har lyst til å seia at eg gjer det for havet, men eg gjer det for meg sjølv, sa han og lo nervøst.

Målet vart nådd, og under kontrollerte omstende fekk Martin to krokar festa i huda. Med vide auge og eit konsentrert drag over ansiktet, vart Martin dratt opp frå golvet.

– Det er vondt på ein rar måte eg ikkje har kjend på før. Kan me setta på noko Kings of leon?

Mens Martin gynga fram og tilbake over bakken, song han «Sex on fire» for full hals.

Draumen om å vera fyrste person til å senda liveradio hengande frå taket, var komplett! Etter at låten var over, sat Martin beina på bakken att.

– Eit nytt nivå av idiotskap

På den siste dagen venta ein siste forvandling. Tete fekk æra av å bli gjort om til sjølvaste Shrek.

– Du har mange tatoveringar og singlet. Du ser litt hard ut rett og slett. Og dette har vi lyst til å hjelpe deg med, Tete. At innsida skal matche utsida, fortsette Martin Lepperød, som sikta til at Tete var ganske lik Shrek på mange måtar.

– Eg har gjort mykje dumt her i livet mitt, men det å skulle bli Shrek, det er eit nytt nivå av idiotskap, sa Tete mens Martin barberte av han håret.

Etter å ha fått på seg øyreprotesar, augebryn og masse grønnmaling, var forvandlinga komplett. Adelina vart beint fram stum då ho fekk helsa på sjølvaste Shrek.

GRØNN GLEDE: Tete som Shrek, saman med sin nye kamerat Ponny Brede Aase. (FOTO: Kim Erlandsen / NRK P3)

LES MEIR FRÅ ÅRETS P3AKSJON: