I årevis har Rolf førebudd seg på pandemi – på ein hemmeleg plass står kriselageret klart

I 11 år har Rolf venta på pandemien. No er han sjokka over krisehandteringa i Noreg.

I eit hus på ein stad me ikkje får oppgje har Rolf og familien på fem kriselageret klart. Det var i 2017 at P3 Dokumentar først fekk eit intervju med han, etter månader med førespurnadar på forum for prepparar – altså dei som er førebudd på det verste.

Prepparar flest held låg profil, sjølv om dei er sjeldan og etterspurt journalistisk vare. Sidan dokumentaren i 2017 har fleire titals journalistar kontakta oss for å intervjue Rolf. Han har takka høfleg nei. Fram til no.

– Kvifor vil du vere anonym?

– Eg sit på ein del ressursar. Eg er redd for om det skulle gå tomt i matbutikkane. Da kan folk bli desperate, og desperate folk er farlege folk. Dei skal ikkje vite kor våre ressursar er.

Medan folk for tre helger sidan fekk panikk og hamstra i butikkane, sat Rolf med huset fullt av hermetikk og tørrvarer.

– Kor freistande er det å seie: «Kva var det eg sa?»

– Hehe, ein skal sjølvsagt ikkje hovere over noko så alvorleg. Men eg har fått mange kommentarar dei siste vekene: «Nå kan ikkje folk le av deg lenger!». Det har sikkert vore nok av dei som har ledd av meg bak min rygg. Akkurat no kjenner eg det er veldig godt å vere førebudd, og at barna føler seg tatt hand om.

HERMETIKK OG HYGIENE: Det meste klart for isolasjon i månader. Trondhjems «Erter, kjøtt og flesk» er ein av favorittane. Foto: Privat

Har opna kriselageret

Det var i 2009 at Rolf frå Halden vakna. Han var mistenkt smitta av svineinfluensa og måtte isolere seg heime i ei veke. Mora måtte komme med mat på døra.

– Eg var ikkje førebudd i det heile. Sånn kunne me ikkje ha det. Eg følte meg ikkje som ein ordentleg familiefar.

Trebarnsfaren bygde seg eit kriselager som skulle halde i minst tre månader.

Ved trappa ned til evakueringsrommet står 12 fullstappa banankasser. Hermetikk, toalettartiklar, medisinar, dopapir og stearinlys. Eit par av kassene har no blitt opna.

– Kva anna har de fått mest bruk for så langt?

– Dopapir. Me hadde tre månaders forbruk klart før folk begynte å hamstre! Og dei 24 flaskene med handsprit har kome godt med.

– Kva er favoritt-hermetikken?

– Barna sin favoritt er utan tvil Spaghetti à la Capri. Men enn så lenge har me frysaren full av anna mat, så me ventar lengst mulig med hermetikken. Ertesuppe, «Erter, kjøtt og flesk» og hakkebøff er enkelt og godt.

Kva om det blir svekka matleveransar?

– Er det noko i planlegginga du føler du har bomma på?

– Nei, faktisk ikkje. Bortsett frå at me burde hatt større dagsrasjonar, det er jo fem år sidan eg bygde ferdig lageret, og ungane har blitt større.

– Men da eg opna kassene i går fann eg bind, deodorant, såper og tannbørste. Da blei eg faktisk litt imponert over meg sjølv: «Har eg tenkt på alt dette?»

– Men føler du ikkje at du har overdrive litt? Etter tre veker med nedstenging er butikkane framleis opne og hyllene fulle?

– Heldigvis er det foreløpig sivilisert i samfunnet. Men kva om matleveransane etter kvart begynner å bli svekka? Da kjem folk til å begynne å hamstre. Da vil butikkane gå tomme. Kanskje vil ein del slite med tom konto akkurat da – og da vil dei bli desperate. Eg trur ikkje me hamnar der denne gongen, men …

LESESTOFF: Fantomet er klar i tilfelle internett ryk. Foto: Webjørn S. Espeland

Innetid er kosetid

Rolf tok ungane ut av skulen tre dagar før alle skulane blei stengde. Og han kjem ikkje til å sende ungane tilbake skulen før til neste haust. Sjølv om det kan vere utfordrande med tre særs aktive barn heime.

– Kva er det viktigaste å ha i hus no?

– Kjærleik! Og tolmod, omsorg og forståing for at folk reagerer ulikt på situasjonen, særleg barn.

– Av materielle ting da?

– Nok drikke. Altså ikkje alkohol, men væske. Fyll opp panteflasker med vatn og lagre i kjellaren. Tenk om vassforsyninga ryk no.

Østfoldingen meiner det er viktig å kose seg litt ekstra om dagen. Eit par kjeks eller ein dessert etter middagen.

– No er ikkje tida for å vere strenge og disiplinerte. Ikkje spar på kjærleiken og komplimenta til ungane. La dette bli ei kosetid!

Kosetid og innetid. Prepparen er opptatt av å hindre smittespreiing. Den same dagen som skulane stengde kom det naboungar og ringte på døra.

– Eg blei nesten sjokkert, og måtte fortelje dei at dei måtte holde seg unna nå som det er karantene.

IKKJE RING PÅ HOS EIN PREPPAR: Det var her Rolf budde da P3 Dokumentar besøkte han i 2017. Da som no stod hengaren klar for eventuell evakuering, og ekstra antenner til kommunikasjon i krevjande tider. No har Rolf flytta til ein anna, hemmeleg stad. Foto: Webjørn S. Espeland

Håpar på nedstenging av Noreg

Rolf vurderer å kutte ut butikkhandling no, sidan han trur det kjem ein smittetopp i påska. Særleg fordi folk begynner å bli leie, slitne og slurvete med smittetiltaka. Han håpar på full nedstenging av Noreg etter påska, og at to veker av fellesferien blir flytta fram, så alle får høve til å halde seg heime.

– Eg ser at ungar leikar saman ute, på Facebook og butikken ser eg at vaksne ikkje held avstand. Eg må innrømme at eg er veldig skuffa over at svært mange ikkje er flinke til å vere med på denne nasjonale dugnaden.

– Korleis synest du Noreg har takla koronakrisa til no?

– Vi var ikkje klare. Det var ikkje ein gong nok smittevernsutsyr. Heldigvis er ikkje pandemien verken relativt smittsam eller dødeleg. Tenk om smitta hadde vore luftboren, eller like dødeleg som ebola. Eller sjå for deg at mobilnettet eller internett kollapsar. Da blir det krise.

Det er slike kriser Rolf og andre prepparar har førebudd seg på. Uttrykket «when the shit hits the fan» er av dei mest brukte på dei såkalla «survivor-foruma».

TILFLUKTSKJELLAR: Mor og bror har fått tilbod om å bu i tilfluktskjellaren. Men da må dei ha med forsyningar sjølve! Foto: Webjørn S. Espeland

Fryktar landstrykarar og plyndrarar

Ei anna vanleg førestilling er at det da, under krisa, vil dukke opp landstrykarar og liknande rundt husa som sit på ressursar. Da gjeld det å ha ein evakueringsplan klar, og komme seg unna tettbygde strøk til ein enda tryggare tilfluktsstad.

– Ja, kor skal me dra da? Det var nok ein vekkar for mange at me ikkje kan dra til hytta utanfor kommunen. Eg har sett meg ut teltplassar som ikkje er synlege frå veg. Og å besøke familie på andre stadar i landet har jo ikkje blitt forbode.

Rolf, kona og ungane er i alle fall klare. Dei har evakueringsplanen og pakkelista lett tilgjengeleg, og har øvd seg på å pakke bilen og hengaren ved nødstilfelle. No er dei nede i ein halvtime i effektiv pakke-tid.

– Eg trur ikkje det kjem til å skje, men kven veit?

Ja, kven veit. For tre månader sidan var nedstengde skular og arbeidsplassar utenkeleg for dei aller, aller fleste. Eller for å sitere statsminister Gunnar Knudsens utsagn frå februar 1914: «For tida er den politiske himmel verdenspolitisk sett skyfri i ein grad den ikkje har vore på mange år».

Fire månader seinare var første verdskrig i gang, og seks år seinare var opp mot 100 millionar menneske døydde av krig og spanskesjuke.

UTSTYRSLAGERET: Det er mykje som skal med ved ei mogleg evakuering. Metallkassa i forgrunnen tåler også solstormar. Foto: Webjørn S. Espeland

Prepparens beste tips

 


Stay home – stay safe!


Vask henda. Hugs hudkrem ved behov.


Lag kos og gøy heime med familien. Ikkje la barna leike med andre ungar.


Dra på butikken rundt opningstid. Da får du den for deg sjølv!


Kast eingongshanskar! Har dessverre observert at enkelte har på seg hanskar i butikken, handlar, og set seg i bilen med hanskane på!! Da har du jo berre tatt med mogleg virus inn i bilen.


Har du nok vatn om forsyninga stansar no? Fyll på panteflasker og sett i bod/kjellar. Tørt, kjølig og mørkt held vatn lenge.


Kva om internett fell ned? Eller tv? Me har blad og brettspel klare, men det er avgrensa kor mange teikningar ungane gidd å teikne.


Kva om ein ikkje får tak i drivstoff om tre veker? Pass på å ha full tank!


Ring dei du er glade i.

Les også saka frå 2017: