I karantene på 32 kvadratmeter oppdaga Mia kva sambuaren hadde gjort

Utruskap tek ei ny form i koronaens tid.

Ein illustrasjon som viser tomme snakkebobler. Ein samtale pågår mellom to personer.

Pulsen dunkar i rekordfart. Alt fokuset til Mia er på kva som står på skjermen framfor ho. Smådesperat prøver ho å komma seg til toppen av Facebook-samtalen. Men kvar gong ho har skrolla seg eit stykke opp, blir ho dratt ned til botnen att. Han chattar med den andre kvinna på mobilen, samtidig som Mia er inne i samtalen på Mac-en hans.

La oss spola nokre dagar tilbake i tid. Til dagane då Mia har ein dårleg magefølelse som ikkje forsvinn. Ho greier ikkje setja fingeren på kva som er gale.

– Eg greidde ikkje å forstå om eg var stressa på grunn av korona, eller om eg hadde ei vond kjensle på grunn av han.

Mia si historie

«Han» som Mia pratar om, er kjærasten hennar, Peder. Dei har vore eit par i snart to år. Begge er i 20-åra, og bur i ei lita leilegheit i ein by på Austlandet.

P3 møter Mia i eit grøntområde på Austlandet. Sola skin, men vinden bit kjølig frå seg. Ho har på seg ei lang jakke, høghalsa genser og New Balance-joggesko. Håret er knytt opp i ein laus ball i nakken.

Mia skal fortelja om noko personleg, som skjedde no nyleg. I verkelegheita heiter «Mia» og «Peder» noko anna, men dei har fått nye namn i denne artikkelen. P3 kjenner identiteten deira.

Dette er hennar versjon av det som skjedde den dagen i midten av mars.

Det er noko som ikkje stemmer

Det er eit par dagar før pandemien tar grep om Noreg. Korona er det store samtaleemnet, men styresmaktene har ikkje innført dei strenge restriksjonane endå. Både Mia og Peder har akkurat kome heim frå utlandet.

– Eg hadde vore på jobbreise, og han på ferie med kompisane sine, forklarar Mia.

Om berre nokre veker skal dei overta leilegheita som dei har kjøpt saman. Det var Peder som foreslo at dei skulle kjøpa ein plass å bu saman.

Illustrasjonen viser Mia og Peder som smiler. Dei ser mot bygget der dei har kjøpt seg leilegheit.

– Eg tenkte at dette var omtrent den største kjærleikserklæringa ein kan få. Ein kjøper ikkje leiligheit saman med nokon som ein tenker at ein ikkje skal vera med, seier Mia.

Heilt sidan Peder kom heim frå ferien har stemninga vore rar. Kunstig. Mia spør om noko er gale, men Peder fortel at han berre er sliten etter turen. Mia går bort til Peder, for å setja seg på fanget hans og gje han ein klem. Det er den fyrste nærkontakten dei har hatt på lenge.

– Det var som å setja seg på ein kald stein. Han tok ikkje rundt meg, han var heilt stiv.

Etter å ha vore heime eit par dagar kjem meldinga om at Noreg skal stengast, og paret må i to vekers karantene. Mia skal ha heimekontor og Peder permitterast.

 – Faen, faen, faen

Nokre dagar seinare set Mia seg ved kjøkkenbordet for å jobba. Været er fint, så Peder går ut ein tur. Mia er åleine i leilegheita. Heile kroppen hennar skjelv når ho startar denne delen av historia, men det er ikkje på grunn av den kjølige vinden.

– Eg prøvde jobba, men eg var for distrahert. Eg klarte ikkje å slutta å tenkja at det er noko som ikkje stemmer, fortel ho med ei dirrande stemme.

Medan ho sit der får ho auga på laptopen til Peder. Mia stirrar på den i nokre sekund, før ho plukkar den opp og legg den i fanget.

– Eg opna laptopen, med ein følelse av at dette burde eg ikkje gjera. Hjarte hamra og eg var full av adrenalin.

Det er no ho ser det. Peder har fått melding av ei jente, på Facebook. Mia kjenner ikkje att namnet, så det kan ikkje vera ei av veninnene hans. Hendene hennar dirrar når ho går inn på samtalen.

– Eg tenkte berre: «faen, faen, faen. No er han utru. No har han øydelagt alt.»

– Eg visste at ting vil aldri bli det same igjen.

Illustrasjonen viser at Mia grin mens ho les det som står på skjermen framfor ho.

Mia prøver å finna fram til starten av samtalen. Ho må sjå korleis dette starta, kven denne jenta er, kvar ho kjem frå. Ho skrollar og skrollar, men samtalen er endelaus, og meldingane held fram med å komma!

– Mitt einaste mål var å komma meg til toppen, men fleire gonger vart eg dratt ned til botnen att. For Peder prata med ho, mens han var ute på tur.

Sexta frå same rom

Endeleg når Mia til toppen. Chatten viser seg å ha starta mens Peder var på ferie med kompisane, for om lag ei veke sidan. Det er då han har møtt ho.

– Dei sendte berre et par meldingar til kvarandre før det blei svært seksuelt, og det var tydeleg at dei hadde hatt sex. Dei prata om natta dei hadde hatt saman, kva dei hadde gjort, og kva han ville gjera med ho ved neste møte, fortel Mia.

Illustrasjonen viser ein aubergine-emoji, ei snakkebobla, og ein fersken-emoji i andre enden.

Ho sitt framleis framfor laptopen. Tårene renn. Mia veit at det ho gjer ikkje er lov, men ho greier ikkje å stoppa. Ho ser ikkje så mykje på kva kvinna har skrive, fokuset er på meldingane som Peder har sendt.

– Dei hadde ringt kvarandre på Messenger. Eg skjønar ikkje korleis han fekk det til, sidan me var saman i karantene heile tida, i ei leilegheit på 32 kvadratmeter. Han hadde sendt ho selfies og utfordrande bilete av kroppen sin. Nokre av desse hadde han tatt på badet, samtidig som eg var i leilegheita!

– Det var for det meste sexting. Han skreiv at han skulle ønske han kunne ta ho opp etter veggen, og at det var digg å komma i munnen hennar. Slike ting.

Avslørt

Ytterdøra går opp. Peder er heime igjen. Mia sit på sengekanten med laptopen på fanget. Peder spør kva ho gjer på. Mia svarar ikkje, berre ser på skjermen.

Illustrasjonen viser at Mia ser på laptopen med eit trist blikk. Peder kjem inn i rommet.

– Då trur eg han skjønte at no var han avslørt. Då vart han sur, sa at laptopen var hans, og at eg hadde ingen rett til å lese meldingane hans. Han gjekk rett i forsvar, fortel Mia.

Peder prøver å få tak i laptopen, men Mia skubber han vekk. Mia spør i sinne, kva meldingane betyr? Peder svarar ikkje, han vil berre ha tilbake laptopen. Ho opplever han som kald og apatisk.

– Han sa ikkje unnskyld, eller at han hadde gjort noko dumt.

Mia gret. Ho går fram og tilbake i leilegheita. Ho slår i veggen. Ho spør gong på gong «Kva er det du har gjort?». Peder svarar berre at han ikkje veit.

– Eg omtrent skreik for å få han til å sjå på meg. Men han gjorde ingenting, sa ingenting.

Til slutt får Mia nokre korte svar på spørsmåla sine:

– Kva er det ho kan gje deg som ikkje eg kan gje deg?

– Ingenting, men ho er den eg vil at ho skal vere. Ho er ein fantasi.

– Kva med meg? Tenkte du ikkje på meg?

– Eg valde å ikkje tenke på deg.

– Kva følte du då du vakna opp saman med ho?

– Eg var glad. 

Peder blir til slutt sint, og går. Då sender Mia ei melding til ei veninne og fortel at Peder er utru. Veninna ber Mia pakka kofferten, så skal ho komma for å hente Mia og køyra ho heim til foreldra hennar.

Mia:Peder var utro på guttetur
M
Mia:Har snakket med jenta siden
V:Hva?????
V:Har han sagt det?
V
V:Jeg holder på å spy nå

Mens Mia pakkar kofferten kjem Peder heim att. Han seier framleis ingenting, men no gret han. Denne gongen er det Mia sin tur til å gå. Ho tar med seg kofferten, lukkar ytterdøra bak seg og set seg i bilen.

Illustrasjonen viser eit knust hjarte med piggar slik som koronaviruset har.

Å oppleva utruskap under ein pandemi

Mykje har skjedd sidan den dramatiske dagen. Mia og Peder har slått opp. Leilegheita dei ein gong kjøpte saman, er seld. Dei rakk aldri å flytta inn i den, og no pratar dei ikkje lenger saman.

– Det at han var utru fekk meg til å føla meg ubetydeleg. Eg følte meg så dum. Burde eg sett det komma? Fortente eg dette?

Mia har flytta heim til foreldra. Det har vore ei mellombels løysing fram til no, når samfunnet er i ferd med å opnast meir att.

– Eg er redd for korleis dette vil påverka meg seinare, når ting har roa seg ned. Når eg flyttar tilbake til byen, og skal finne meg plass å bu åleine. Det er eg spent på.

Illustrasjonen viser Mia som er inne og ser ut vindauga. Det kjem ei svart tenkeboble frå hovudet hennar.

Det å oppleva utruskap under i ein pandemi gjer ein spesiell situasjon, enda meir spesiell. Isolasjonen har ført til at ho er meir åleine med tankane sine. Mia trur det kunne ha hjulpe å hatt meir å gjera på. Alle distraksjonar frå kva som har skjedd, er velkomne.

– Eg har heile tida tenkt at det blir bra når kvardagen begynner att, men det er kanskje då at det som har skjedd blir ein realitet.

– Eg er lei meg for at det skjedde og eg skulle ønska at det aldri hadde hendt, men eg saknar han ikkje. Ein innser i ettertid at forholdet kanskje ikkje var så bra.

Tanken på å skulle begynne å date igjen, etter at pandemien har roa seg, fristar ikkje.

– Eg veit det er tidenes klisjé, men framover skal eg bruke tid på meg sjølv. Bli kjent med meg sjølv, og gjera ting eg likar å driva med, fortel ho og ler forsiktig.

Ein fjerdedel er utru

Utruskap reknast framleis som eit tabu tema. Det blir ikkje snakka så mykje om, men det skjer. Også i ei tid der verda er lamma av korona.

I ei undersøking om nordmenns sexliv, gjennomført av Aftenposten i 2019, kom det fram at 1 av 4 har hatt sex med andre enn partnaren sin, medan dei er i eit forhold. No brukar dei fleste meir tid heime, og ein har ikkje den same anledninga til å møte menneske på fest eller i sosiale lag. Men det betyr ikkje nødvendigvis at folk er mindre utru.

– Eg trur at utruskapen til veldig mange menneske har inntatt ei anna form, enn det den hadde før korona, meinar sexolog Siv Gamnes.

Biletet viser sexolog Siv Gamnes. Illustrasjonen bak bildet viser ein aubergine-emoji.
FRAMLEIS UTRU: Sexolog Siv Gamnes trur at utruskap har inntatt nye former under korona. Foto: Privat

Ho trur at no for tida er det mange som byter ut fysisk utruskap, med seksuelle og flørtande meldingar.

– Sexting, eller såkalla mikroutruskap, kan vere like øydeleggjande for ei parforhold som fysisk utruskap. Å bli hekta på et anna menneske på den måten gjer at ein del av energien din går til utsida av parforholdet. Og dermed blir det mindre igjen til partneren, forklarar ho.

Å oppleva utruskap eller samlivsbrot i desse tider kan vere ekstra utfordrande, ifølge Gamnes.

– Med den isolasjonen som er no, kan det vere vanskelegare å møte nokon ein kan prata med. Det viktig at ein finn nokon som ein kan stole på, og som ein kan opna seg opp for. Det å sitte isolert med slike vanskelege tankar er sikkert ekstra utfordrande, så det er viktig å få prata med ein ven eller ein fagperson.

Illustrasjonen viser to auger som ser nysgjerrig rundt seg.

Er det lov å snoka?

Om ein mistenkjar at partneren er utru, kan det vere fristande å sjekke kven dei pratar med på sosiale medium. Men er det lurt?

– Eg rådar ikkje nokon til å snoka i mobilen eller på PC-en til partneren, men det er ofte der ein kan få bekrefte eller avkrefte om det er tilfellet.

– Når ein får ein følelse av at noko ikkje stemmer, søkjer me bevis på om magefølelsen er riktig. Dei fleste som sjekker partneren sin telefon føler skam over å ha gjort det, fordi det vitnar om at ein ikkje stolar på vedkommane. Men samstundes er det mange som erfarer at dei hadde ein grunn til å ha den følelsen, seier Gamnes.

Nøyaktig kva som reknast som utruskap, er vanskeleg for sexologen å gje eit fasitsvar på. Ho meinar ein må gå i seg sjølv, for å finne ut kvar deira personlege grense går.

– Er den emosjonelle utruskapen, like ille som den fysiske? Er den spontane utruskapen verre, enn at ein bevisst har brukt tid på å jobbe seg inn mot eit utruskap?

Dersom ein sjølv tek seg i å flørte med andre en partnaren sin, rådar sexologen deg til å tenkje over kvifor ein gjer det.

– Kva er det ein saknar i forholdet? Kva behov er det ein ikkje får dekka? Det er ofte det som gjer at ein søkjer nokon anna.