Ida Cathrine går med 80 år gamle klede: – Det triggar fordommar

Ida Cathrine Holme Nielsen (30) kler seg for det meste i klede frå 1930–40-talet. Sjølv om ho opplever fordømming for stilen sin, nektar ho å kle seg annleis.

Dei siste åra har vintageklede gått frå å vere noko som nokre få er interessert i, til å bli allemannseige. Dei fleste av oss har eit kjærkomme plagg kjøpt på loppemarknad, Fretex eller små vintagebutikkar. Men samanlikna med Ida Cathrine Holme Nielsen (30) sin garderobe vert alt anna amatørmessig.

Bruker 80 år gamle klede

Ida si leilegheit i København har ein moderne skandinavisk stil. Kvite vegger og minimalistisk interiør blir brote opp av kjolar i duse pastellfarger, som heng på kleshengarar i alle rom.

Som Ida Cathrine seier så er ho ikkje på «bestemorbølga» når det kjem til interiør. Klesstilen, derimot – den er hardcore bestemor. Kanskje til og med oldemor. For Ida frå Oslo går nesten utelukkande i vintageklede.

– Eg samlar mest på klede frå 1937 til 1942, men eg har noko som er frå tidlegare på 1900-talet og noko som er frå litt seinare. Men alt passar inn i same estetikk, forklarer Ida med ein fornem Oslo-dialekt.

Som om det ikkje er eit smalt nok shopping-vindauge kjøper Ida for det meste ballettinspirerte klede i pastellfarger.

– Dersom ein skal ta eit freudiansk perspektiv på det, så er heile garderoben min i same fargespekter som leikene mine frå 1990-talet. Eg har mange av dei i leilegheita mi her, og dersom ein stiller leikene ved sidan av garderoben min, er det ein saumlaus overgang i estetikken frå leikene til stativet med klede. Det er ei litt pinleg innrømming, fortel ho og ler.

Vart «Tatt av vinden»

For å forstå korleis det heile starta, må me tilbake til då Ida Cathrine var ni år. Ho var heime på Sankt Hanshaugen i Oslo. I VHS-spelaren var filmen «Tatt av vinden» frå 1939.

– Handlinga foregår under borgarkrigen i USA på 1860-talet, men filmen har ein 30-tallsestetikk som eg fall veldig for. Dette har mest sannsynleg lagt seg bak i hovudet og blanda seg med fleire andre referansar.

Interessa for gamle dagar tar opp mykje av barndommen. 13 år gammal kjøper ho sin fyrste vintage kjole på ein loppemarkand, og i 16-årsalderen byrjar ho å inkorporere stadig fleire vintageelement i garderoben sin.

– Eg var fasinert av at det fanst ei tid der ein kledde seg radikalt annleis. Der reglane var nokre heilt andre.

Då ho flytta frå Oslo til København som 19-åring for å gå på folkehøgskule, såg Ida Cathrine sitt snitt til å ta den unike stilen sin fullt ut. Ho klipte håret slik som skodespelaren Mia Farrow sin karakter frå 1974-versjonen av «The Great Gatsby», og gradvis fyltest garderoben opp med vintageklede.

Mote som er «fritatt for fordømming»

Om lag ti år seinare har Ida Cathrine funne si hylle i moteuniverset. Ho definerer sjølv stilen som «ballettinspirert 1930–40-talsstil». Ho meiner at med den særeigne stilen, hamnar ho utanfor reglene i samfunnet.

BALLETTINSPIRERT: Ballett inspirerer Ida Cathrine (30) i klesvegen. Ho driv med dansen sjølv og anmelder ballettførestillingar i København. Foto: Privat

– Det gjer det vanskelig for folk å ta stilling til, og det er ein måte å kunne kle seg heilt utanfor spekteret. Ein kler seg uansett som ein filmkarakter frå slutten av 30-talet, så ein slepp ikkje vekk frå den daterte looken. Derfor kan du gjere akkurat det du vil, fordi du ikkje treng å følgje med på motebiletet.

Motevalet er ikkje berre eit frirom. For Ida Cathrine er det ingenting som kan måle seg med eit unikt plagg i god kvalitet. Og dei to kriteria oppfyller ikkje moderne mote.

– Alt kan kjøpast, alt er tilgjengeleg og ingenting er verkeleg eksklusivt. For å få noko som verkeleg er eksklusivt må du kjøpe vintage. Eg er fullt klar over at me som går i vintage ser like ut utanfrå, men faktum er at plagga er unike. Dei er umoglege å kopiere.

Opplever fordommar

Ida si interesse for film er ikkje berre ein hobby. Då ho flytta til København, studerte ho filmvitskap. No arbeider ho blant anna som filmskribent og ballettanmeldar, og ho lagar filmprogram for filmfestivalar og kinoar. Som kvinne i ein mannsdominert bransje opplever ho at det er vanskeleg å bli tatt på alvor.

– Eg nektar å kle meg annleis for å bli tatt seriøst. Folk får ta seg saman og vere litt mindre fordomsfull i forhold til korleis folk kler seg.

Ida opplever at særleg det motsette kjønn reagerer på klesstilen hennar. Den gammaldagse og feminine stilen vekker haldningar, særleg hjå menn, hevdar Ida.

– Eg kan ha så mange oppegåande feministiske haldningar som eg vil, men stilen min vekker eit tankemønster hjå andre. I møte med meg kjem det fram mange fordommar om kvinner, som dei kanskje ikkje var klar over at dei hadde ein gong.

– Eg har faktisk ofte høyrt orda: «Kven skulle tru at du var smart og». Alt som ikkje samsvarer med det utprega feminine er ei overrasking. Det er akkurat som om ein vert mindre frisinna i møte med nokon som meg, som har ein stor kontrast mellom personlegdom, kompetanse og visuelt uttrykk.

Ofte føler Ida at folk ho ikkje kjenner, trur at ho har «tradisjonelle kvinnelege dyder», som det å vere sjenert, stille og audmjuk. Tvert imot er 30-åringen utåtvend og sprudlande. Det overraskar mange.

– Vintage er ein hobby for meg. Det er eit kreativt utrykk, det er ein leik – men det er ikkje min identitet.

Gjer det ikkje for merksemda

Det er ikkje til å kome frå at ein får mykje merksemd når ein ser ut som ein filmkarakter frå 1930-talet. Ida opplever av turistar tar bilete av ho på gata og at folk tar lettare kontakt fordi dei alltid har noko å prate om – altså stilen hennar.

– Eg er ikkje spesielt sjenert, men eg kan føle meg malplassert fordi eg får mykje merksemd som eg ikkje nødvendigvis liker. Men det skal seiast at merksemda og kan vere positiv fordi ein vert lagd merke til, og ein vert hugsa, legg ho til.

Ida opplever jamt å bli konfrontert med spørsmål frå framande, slik som: «Kvifor kler du deg slik om du ikkje vil ha merksemd».

– Det finst faktisk andre grunnar til å kle seg annleis enn at ein vil ha merksemd.

– Føler du sjølv at du har ein ekstrem stil?

– Dette er veldig naturleg for meg – dette er min stil. Det er eit samansurium av referansar og interessepunkt som tilfeldigvis passar veldig godt i det tidsutsnittet eg har valt. Stilen min er ikkje ekstrem dersom ein ser han i forhold til punkarar.

«Har du kledd deg ut?» er eit spørsmål Ida Cathrine får høyre med jamne mellomrom. Det tenkjer ho ikkje er så rart.

– Eg synest ein bør forvente å få høyre det, for det er jo uvanleg å gå slik kledd. Mange følgjer trender for å vere del av ei gruppe eller eit fellesskap, men eg vert ein tydeleg representant for at det finst alternativ til å passe inn.

I København har retrolooken frå 1990-tallet blomstra for fullt. Ida Cathrine ser på trenden med eit humoristisk og ironisk, blikk.

– Eg må seie at eg synest det er ekstremt morosamt med dei som påpeiker at eg går retro kledd, og så er dei kliss lik karakterane i 90-talsfilmen «Fucking Åmål», seier ho og ler.

Inspirerer andre

Medan negative fordommar er ein del av livet til Ida, har stilen for det meste ført med seg positive ting, blant anna Instagram-suksess.

– Eg hadde ein heilt vanleg instagramprofil fram til 2015, og så tok det heilt av. Det kom plutseleg mange framande følgjarar til profilen min.

Heilt uventa var det kanskje ikkje då nettsida Buzzfeed.com omtalte Oslo-jenta. Og dette på ei tid før vintage var trendy.

– Ein pionér innan vintage er eg neppe, men akkurat den stilen eg går med som er ballettinspirert 1930–40-talls, er ein inspirasjon som hovudsakleg kjem frå min profil når han har spreidd seg på Instagram.

«Idacath» har 90.000 følgjarar frå inn-og utland. Ifølge Ida er det fyrst i seinare tid at folk flest har fått opp augo for vintagemote.

– Det var ikkje så utprega for seks år sidan som det det er no. Ein ser fleire som går kledde slik, og kjolane er vesentleg dyrare no fordi det er blitt så populært.

Eig ikkje jeans

Utanom treningskleda ho går med på ballettrening (pastellfarga, sjølvsagt) og nokre få designarplagg, eig ikkje Ida Cathrine anna enn vintageklede.

Det finst ingen slitne joggebukser å bytte til når ho kjem heim etter ein lang jobbdag, men å sitte heime i sofaen med ein kjole frå 1939 er verken eit behageleg eller praktisk alternativ. Derfor går ho som oftast i underkjole og ein cardigan når ho er heime.

– Kva gjer du om du skal ein kjapp tur ut døra?

– Om eg skal på matbutikken og ikkje orkar å kle på meg fordi det kan vere litt omstendeleg, så pleier eg berre å gå ut i underkjole og trenchcoat. Dersom du ser meg i trenchcoat så har eg mest sannsynleg ikkje kledd på meg, fortel ho og ler.

Det er ikkje berre det å kle på seg som er omstendeleg. Dei gamle plagga kan ikkje vaskast i vaskemaskin, så Ida handvaskar alt.

– Desse kleda blir aldri nye, men dei har ei historie. Dei har ein magi som eg synest at moderne klede manglar.

Ida sin definisjon av ordet «casual» er ein litt annan enn for dei fleste andre. For ho er ein kjole, krølla hår og raud leppestift kvardagsleg.

– Mamma kallar meg for «spetakkelet». Når me er på hytta om sommaren og me skal inn til Tønsberg for å handle, i det som eg ser på som eit casual antrekk, då spør alltid mamma: «Skal eg gå saman med det spetakkelet?», fortel Ida og ler.

– Våg å vere deg sjølv

Ida Elise Eide Einarsdóttir er redaktør for motenettstaden «Melk & Honning». Ifølge ho er ikkje Ida Cathrine åleine om å ville skilje seg ut frå det moderne motebiletet.

– Eg trur at moten slik me kjenner han står framfor eit paradigmeskifte der personleg stil trumfar alt. Det handlar ikkje lenger om å gjere slik som «alle andre», men å finne si eiga stemme og sin eigen stil.

Mote- og trendeksperten meiner at sosiale medium kan ta noko av æra for denne utviklinga.

– Ein kan seie mykje negativt om sosiale medium, men det har for alvor løfta fram mikroinfluensarar og heilt vanlege folk som uttrykker kven dei er gjennom mote, eller gjennom mangelen på mote, såkalla anti-mote.

SKIL DEG UT: Redaktør for motenettstaden «Melk & Honning», Ida Elise Eide Einarsdóttir, meiner at fleire bruker mote for skilje seg ut og ikkje lenger er like opptatt av å følgje trendar. Foto: Privat

Sjølv om ein ser denne utviklinga i motebiletet, trur Einarsdóttir at dei fleste som vågar å skilje seg ut framleis vil oppleve fordommer, slik som Ida gjer.

– Alle som har ein stil litt utanom det vante og trygge, kan vel med handa på hjartet seie at dei av og til kan få rare blikk. Det har aldri vore populært å skilje seg ut, men det blir heldigvis stadig vanlegare – og etter kvart meir akseptert.

Til alle som har ein liten individualist i magen, har Einarsdóttir ein klar oppfordring:

– Gjer det! Våg å vere deg sjølv. Eg veit at det er lett å seie, og kanskje ikkje like lett å gjennomføre i praksis. Finn inspirasjon i folk som Ida Cathrine og mange, mange andre. Meir enn nokon sinne handlar mote om så mykje meir enn berre trendar og tendensar, kanskje snarare tvert imot.

Les meir om livsstil: