nrk.no

– Ingen artistar såg ut som meg

Då Uzia ikkje såg noko til dei forbilda ho ville ha, bestemde ho seg for å ta jobben sjølv.

Då R&B-artisten Uzia Yakobo (23) fekk vite at ho var kåra til «Månadens Urørt» for mai, var det lite som vitna om eit oppblåst ego.

– Eg vart eigentleg sånn «kvifor skal de ha ein heil månad om meg?»

Ting har med andre ord ikkje gått til hovudet på henne etter at ho var med på Melodi Grand Prix jr. med songen «Stjerner» i 2013. Nokre år har gått, og om ikkje du kjenner henne att, er det fleire andre som gjer det. Til dømes ved dei ulike barnehagane og skulane Uzia har arbeidd ved.

Uzia står ved siden av en brusautomat på et T-banestopp og ser bort. Hun har rødfarget hår, blå bukse og hvit magetopp.
INGEN VIKTIGPER: Det er ingenting som vitnar om at Uzia sit på eit særleg stort ego. Foto: Håvard Sandvik, NRK P3.

Ho har merka seg eit mønster i kven det er som hugsar henne. Det er i hovudsak dei melaninrike barna. I dag studerer Uzia til å bli lærar, og fortel om særleg éin åttandeklassing som kom bort til henne då ho var i praksis ved ein skule i Oslo.

– Ho sa ho kjende meg att fordi det endeleg var nokon som såg ut som henne på TV. Det tok meg attende til barndommen.

Vil vere eit forbilde for dei som manglar det

Då Uzia kom til Noreg frå Kongo på starten av 2000-talet, sleit ho sjølv med å finne nokon å identifisere seg med på TV.

– Ingen i reklamane hadde krølla hår, ingen artistar såg ut som meg. Eg trur dei einaste melaninrike eg såg på TV, var Madcon. Eg hugsar eg vart heilt starstruck berre av å sjå dei der, fortel ho.

Ho skildrar seg som både ambisiøs og perfeksjonist, men det som kanskje kjem tydelegast fram når P3.no slår på tråden, er at ho er målretta. Mangelen på nokon å kjenne seg att i har gitt henne ein ekstra motivasjon.

– Eg veit kva eg vil bidra med i den norske musikkscena. Ikkje berre på eit musikalsk plan, men også samfunnsmessig. Det finst mange forskjellige folk her med ulike etnisitetar, men eg føler ikkje at det viser ordentleg.

Uzia sitter på huk fremfor en betongvegg, og blir truffet av gult og grønt lys. Hun har farget håret rødt og har på seg en svart jakke.
HJARTESAK: Ungdom treng forbilder dei kan kjenne seg att i, seier Uzia. Foto: Håvard Sandvik, NRK P3.

Uzia peikar på at medan det finst fleire mannlege melaninrike artistar som gjer det stort, er det langt færre av dei kvinnelege. I alle fall blant dei som kjem seg heilt til toppen.

– Bortsett frå Stella Mwangi har eg til den dag i dag ikkje sett ei afrikansk dame vere så høgt oppe i gamet at alle kids veit kven dei skal peike på og referere til som eit forbilde. Eg venta på at ein artist skulle dukke opp og vere det forbildet for meg. Det var ingen, så då får eg ta den jobben sjølv.

Må skrive frå sitt eige perspektiv

Mykje startar med sjølvtillit, særleg om målet er å kjenne seg stolt. Låten Uzia er kåra til «Månadens Urørt» for, «What I Like», handlar nettopp om å kjenne seg digg og bra.

Skal ein ut og forføre nokon, er det jo viktig at ein føler seg sjølv.

– Det meste eg skriv om no er sjølvsagt «woman empowerment». Eg veit korleis det er å vere kvinne, og eg veit korleis diskriminering kjennest, så eg må jo skrive frå det perspektivet. Eg kan ikkje skrive frå eit manneperspektiv.

Ho held fram.

– Du har jo desse andre tinga, som kjærleik og sorg, som eg også vil skrive om, men nett no er fokus på empowerment.

Uzia står i et digert vindu over en betongtrapp. Det er utendørs. Hun har på seg blå bukse og hvit topp.
EKTE: Uzia fortel at ho berre kan skrive ting som reflekterer den ho faktisk er. Foto: Håvard Sandvik, NRK P3.

Sjølv om sjølvtillit og stoltheit er eit sterkt fokus for Uzia nett no, er ho tydeleg på at ho vil forsøke andre ting, eller smake fleire smakar, som ho sjølv seier. Så lenge det er noko ekte ved det.

– Eg vart spurd om å vere med og skrive på noko som var meir i trap-landskapet. Der er det mykje flexing og pengar, og ein har gjort både ditten og datten. Eg har ikkje hjarte til det, for det blir jo berre løgn og rart. Heile sjela mi berre… Det er ikkje riktig, liksom. Står det at eg har skrive ein låt, er det noko eg eller nokon nær meg har opplevd, eller noko eg sjølv har kjent på.

Nøyaktig kva dei nye smakane er, er ikkje heilt avgjort, men ho skal ut av komfortsona.

– Eg vil gjere det folk ikkje forventar. Folk forventar kanskje rap, og eg vil forsøke det, men det er ingen som forventar rock, så det vil eg prøve meg på. Eg er eventyrlysten og vil utvikle meg.

Fekk lovord frå superstjerne

Heilt ut av det blå opplevde Uzia å få skryt frå uventa hald. Ho hadde lagt ut eit opptak på YouTube av at ho spelte og song låten «I’m a mess» av Bebe Rexha akustisk, og ho hadde eigentleg gløymt det heile. Brått dukka den opp i ein video av at superstjerna reagerer på coverversjonar som fans har laga av hennar.

– Eg likar fylden i stemma hennar. Ho minner meg om Jewel, seier den imponerte stjerna.

I videoen får ein også sjå Uzia reagere på den heiderlege omtalen.

– Godt jobba, Uzia! Wow, du har talent. Aldri gi opp, avsluttar Bebe Rexha, og ein kan vel trygt seie at Uzia ikkje har gitt opp.

Nina Gjertsen, programleiar i Urørt på P3, er heilt samd med superstjerna:

– Sjølvtilliten, attituden og utstrålinga til Uzia er av den typen som treffer deg rett i magen og smittar over. Ho slår meg som ein uredd og ambisiøs artist som har kasta seg ut i musikken med heile seg, og det trur eg vil bere frukter. Eg gler meg til fleire pop- og R&B-hits frå den kanten framover.

Nærbilde av Nina Gjertsen på en gressplen.
BEGEISTRA: Progamleiar i Urørt, Nina Gjertsen, lar seg imponere av Uzia. Foto: Helene Mariussen, NRK P3

Urørt er P3 sin plattform for uetablerte og usignerte artistar, der dei kan laste opp sin eigen musikk. Kvar månad vert éin av dei løfta fram og gitt ekstra merksemd med tittelen «Månadens Urørt». Kvart år vert éin av dei kåra til «Årets Urørt» og får med det spele på P3 Gull i november.

Det er langt fram dit, men det hindrar ikkje Uzia i allereie å ha tankar om korleis det ville sett ut.

– Ouff, du veit, med ein gong eg fekk høyre det, såg eg på korleis scenene har sett ut før og byrja å tenke på korleis eg skulle gjort det. Eg veit eg hadde hatt dansarar. Eg skulle hatt eit show!

LES FLEIRE SAKER FRÅ URØRT:

LES MEIR FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: