– Det starta med nokre teikningar eg gjorde av ein figur. Til slutt blei denne figuren som ein slags maskot, og vi ville ha han med i musikkvideoen vår, fortel Jim Protector-medlem Alexander Svanberg til P3nett.
Lytt og last ned gratis Jim Protector på Urørt.
No er musikkvideoen «French» nominert til beste musikkvideo under Stavanger Kortfilmfestival som startar 11. september. «French» kom også gjennom nålauget til MTV og kjem dit ein gang utpå hausten.
Sjå videoen her:
– Det er jo kjempegøy at vi er nominert. Vi blir jo så små i forhold til nokre av dei andre som er nominert, seier ein avslappa Svanberg.
Jim Protector skal også opp mot blant andre Animal Alpha, Kaizers Orchestra, Draumir, Skambankt, Kurt Nilsen og Urørtkollega Trenchtown i kategorien beste musikkvideo. Men Alexander tek det med stor ro:
– Det kjekkaste er jo å skulle opptre, poengterar han.
Den franske
Musikkvideoen er laga av animatør Seth Piper og handlar om ein robot og hans ferd gjennom dagen og møtet med skuffelsar, sorg og urettferdigheit.
Korfor heiter låta «French»?
– Av og til er tittlar ganske unødvendige, meiner Alexander. Det er ikkje alltid vi har namn på låtane våre, men ettersom denne minna om fransk housemusikk så kalt vi den for «den franske».
Debutplata til Jim Protector, «Shields down», kom ut i fjor. Korfor brukte de så lang tid på å få ferdig musikkvideoen?
– Musikkvideoen er viktig for oss. Det gir ein større opplevelse av musikken. Det er ikkje alltid ein treng å gjere det så grundig, vi kunne heilt sikkert ha laga ein enklare video, men denne gangen blei det til at vi ville bruke god tid, forklarar Alexander.