Jonis er smitta av korona: – Det er eit dumt tabu over heile denne koronagreia

Jonis Josef gjorde narr av bestekompis og «Karakter»-kollega Henrik Farley for at han var så nøyen på handvasken. Ei veka seinare hadde Jonis korona.

– Det er eit dumt tabu som ligg over heile denne koronagreia, som eg ikkje skjønar bæret av! Me er midt i ein pandemi liksom, seier programleiar i radioprogrammet «Karakter», Jonis Josef Afra Abdulle.

På onsdag fekk han vita at han var smitta av covid-19, og han bekrefta dette på sin eigen Instagramprofil på fredag.

Jonis er klar på at han meiner det er viktig å vera ærleg i ein slik situasjon. Uansett om ein er ein profilert person eller ikkje.

– Eg merker at det er mange som føler på skam, men me er i ein pandemi! Det kjempedumt, kjempeteit og skadeleg. Me må gjera det motsette – vera open og ærleg. Det gjer at me kan minska smitte og hjelpa folk, seier han over telefonen.

Er ikkje tabu

Jonis vil fjerna «koronaskammen» som mange føler på. Han trur mange ikkje vågar å seie ifrå når dei har testa positivt, på grunn av denne skamma.

– Eg trur folk tenker: «Oj, han har korona, då har han vore uforsiktig», men eg synast det er dumt. I denne tida me er i, er det ikkje tabu å ha det. Den skamma må verkeleg bli sat til sida, seier han.

Jonis fortel at ein kan jo ikkje kontrollera ein pandemi, og at det einaste ein kan gjera, er å fylja råda til myndigheitene. Men han innrømmer at han sjølv kanskje har losna litt på smittevernreglane den siste tida.

– Det er mange som slacker meir av, og det var nok det som beit meg til slutt. Eg har vore flink med folk eg ikkje kjenner, men eg har hatt ein tendens til å gløyma avstanden til dei som står meg nær, vedgår han.

Kjærasten og kompisar er også smitta

Det var førre helg at Jonis fekk beskjed om at ein kompis hadde fått påvist korona. Jonis hadde vore saman med vedkommande før helga.

– Eg var på hyttetur med nokre kompisar den laurdagen eg fekk beskjeden. Eg vart ringt av helsefolka, som sa at eg måtte i karantene med ein gong eg kom heim frå hytteturen.

Alle som var med på hytteturen vart pålagt karantene.

– Den måndagen kjente eg at eg hadde vondt i hovudet. Då bestilte eg ein time for å få testa meg neste dag.

Det tok berre ein dag før det positive svaret kom. Sambuaren til Jonis og fleire frå hytteturen har også testa positivt. I samband med eiga helsa synast ikkje komikaren at det var særleg skummelt å få det positive prøvesvaret.

– Eg synest det var kjedeleg, men det ikkje så skummelt. Eg er ikkje i risikogruppa, så eg prøver å halda meg rasjonell, sjølv om kjærasten min er litt meir redd for permenante skader.

Hadde svake symptom

Og forma er fin.

– Det var nokon dagar med hovudverk. Eg hadde litt raspete hals – føltes ut som om eg hadde røykt sigg, men alle symptomene har vore svake.

Dei neste vekene blir det heimekontor og avslapping saman med kjærasten, noko Jonis absolutt ikkje har noko problem med.

– Det er utruleg chill! Eg koser meg veldig med å sjå på seriar og har det veldig fint, seier han.

– Kva råd har du til andre?

– Ta det seriøst. Kjenn etter symptom, test deg og høyr på myndigheitene. Dette er noko som går over, men det er ein kollektiv innsats. Og ikkje reis til Spania, legg han til lattermildt.

Var oppkledd i kattekostyme då beskjeden kom

Også «Karakter»-kollegaer Martin Lepperød og Henrik Farley har halde seg heima sidan det positive svaret til Jonis kom på onsdag.

TRYGG AVSTAND: «Karakter»-gutane med trygg avstand på jobb. Foto: Christopher Oulie

Martin var på jobb på NRK då han fekk beskjeden om at han måtte gå heim og få testa seg, for å vera på den sikre sida.

– Eg følte meg som eit vandrande virus, og den følelsen var litt rar. Det var nesten som om eg bar på ein ekstrem løyndom. Eg stod nede i eit greenscreenrom saman med kollega i eit litt for lite kattekostyme då eg fekk beskjed om å forlata NRK snarast. Så det var litt surrealistisk, fortel P3morgen-programleiaren.

Både Martin og Henrik har vore symptomfrie, men dei vart testa sidan dei hadde vore saman med Jonis på fredagen. Henrik fortel at han var litt nervøs før testen.

– Eg har sett masse videoar av folk som testar seg og det ser ekstremt intenst ut, men det var som å få klorvann i nasen i fem sekund, så det var ikkje noko big deal, seier Henrik.

«Karakter»-kollegaer testa negativt

Under telefonintervjuet får Henrik svar på testen. Både han og Martin testa negativt for covid-19.

Martin er ikkje akkurat sjokka over at Jonis har fått korona.

– Eg var i all ærlegdom ikkje kjempeoverraska at denne dagen kom. Jonis er ein sosial fyr, så eg har venta litt på det eigentleg, vedgår Martin.

Alle «Karakter»-gutane fortel at dei har vore påpasselege med å halda oppe avstanden når dei har vore saman på jobb, og på fritida.

Tyder ikkje på eit «utbrot» i P3

P3-redaktør Camilla Bjørn synast det er bra at Jonis er open om å vera smitta.

– Han bidreg til mindre stigma og spreier bevisstheit. seier ho.

Bjørn fortel at det er ingenting som tyder på at det er eit «utbrot» i P3.

– Men me har valt å halde to medarbeidarar heime denne veka, og bedt dei teste seg sidan dei hadde vore saman sosialt med Jonis godt over 48 timar før han utvikla symptom. Dette for å vere på den sikre sida.

Vidare understrekar ho at ein jobbar ut frå strenge smitteverntiltak i P3.

– Desse gjeld for alle i NRK og er i tråd med helsemyndigheitenes anbefalingar. Det betyr for eksempel at me er nøye med avstandsreglane og at ein ikkje får komma på jobb viss ein er sjuk eller pjusk. Me har låg terskel for å sende folk heim, og oppmuntrar til testing ved mistanke om covid-19. Me samarbeider sjølvsagt også med lokale helsemyndigheiter i smittesporingsarbeidet, seier ho.

Martin skal be Henrik om hygienetips

Tidlegare haust hadde Karakter ei sending med tema «Hygiene». Då kom det fram at Henrik er litt meir påpasseleg når det kjem til vasking av hendene, enn Martin og Jonis.


Desse uttalalsane angrar Martin litt på no.

– I ettertid ser eg at eg burde følgt Henrik sine råd om vasking, og ikkje mine eigne. Er det noko eg har lært av denne pandemien så er det at ein må vaska hendene i tjue sekund for at ein skal bli rein! Det visste eg ikkje! Så er det ein fyr eg skal snakka meir med om hygiene, så er det Henrik, seier Martin og ler.

Og denne innrømmelsen har sjølvsagt Henrik eit godt svar på.

– Sjølv om det sikkert er mange som er sjokkert over Martin sin mangel på grunnleggande hygiene, så er det også viktig å hugsa på at han gjer sitt beste og har fått til mykje, til trass for si nedsette funksjonsevne, svarar Henrik lattermildt.

Artikkelen vart oppdatert kl. 17.32, rundt kva som skjedde då Martin Lepperød vart varsla om Jonis sin positive koronatest.