nrk.no

Julie (25): – Eg veit at dersom eg drit meg ut, kan det potensielt skade karrieren

Cupid Girl veit ho må prestere i møte med musikkbransjen. Kvifor er bransjefestivalar så viktige?

For unge og lovande artistar kan éin enkelt konsert vere heilt avgjerande.

Men dei færraste blir booka til dei største sommarfestivalane med ein gong, og ikkje alle kan vere som Ballinciaga og debutere i Oslo Spektrum.

For mange artistar er det på bransjefestival at dei møter både publikum og bransje for første gong.

Bransjefestivalar har mykje til felles med vanlege festivalar, men fungerer meir som ein møteplass. Ferske artistar får sjansen til å vise seg fram for viktige aktørar som plateselskap, bookingagentar og arrangørar.

– Du skal prestere, «one shot, one opportunity», seier Julie Engelsviken.

Bilde av en dame i en svart skinnjakke, som står ute ved noen trikkeskinner og holder hendene bekymret mot ansiktet.
OPERAFAMILIE: Med to operasongarar som foreldre kom det ikkje som ei overrasking at Julie valde musikken.
FOTO: Morten Skogly, NRK P3

Julie er også kjent som popartisten Cupid Girl, ho er ei av dei heldige utvalde som spelar på bransjefestivalen Trondheim Calling.

Me treffer Julie på Havet Arena i Trondheim dagen før konsert. Det er ei viss nerve i lufta.

Toppidrettsutøvar

Med artistnamnet Cupid Girl speler ho på ein ironisk distanse rundt håplaus romantikk. I dag kjenner ho på at namnet klinger som ein popstjerne.

I likheit med mange av dei store popnamna legg ikkje Julie skjul på at musikkbransjen kan vere krevjande, både av og på scena.

– Eg veit at dersom eg drit meg ut, kan det potensielt skade karrieren, seier Julie.

En dame lener seg mot en grafittivegg i en skinnjakke og ser kul ut.
SJØLVIRONISK POP: Cupid Girl er «Månedens Urørt» med låten «Time Will Tell». Foto: Morten Skogly, NRK P3

Å gjere godt inntrykk kan leie til nye konsertar og samarbeid. Skulle konserten gå dårleg, kan til dømes draumen om å bli booka til utlandet eller å bli signert bli knust.

Ho samanliknar det med idretten. Du må prestere når det gjeld.

– Men det er ingen som coachar deg slik som ein idrettsutøvar ville blitt.

Som idrettsutøvarar flest tek Cupid Girl heller aldri heilt fri.

Også av scena er det musikken ho tenker på.

– Det er jo altoppslukande. Ein går rundt og tenker på ting i eit slags musikalsk filter.

No eller aldri

Konsertdagen er her.

Det kryr av folk rundt konsertscenene i Trondheim, for Julie og bandet nærmar det seg konsertstart.

– Det kjennest ut som eit «no eller aldri»-augneblink.

Eit forventningsfullt publikum samlar seg ved scenekanten.

Showtime:

I folkemengda står både svoltne konsertgåarar og ein granskande bransje.

– Det blir fleire lag med eit slags press, så me vil gjerne levere, seier Julie.

Tre aktørar om kvifor dei meiner bransjefestivalar er viktig:

En mann med hettegenser og svart lue, smiler lurt.

DAG AUDUN KÅRTVEDT

Bookingansvarleg for Trondheim Calling:

– Det handlar om å finne samarbeidspartnarar som kan vere med å bygge karrieren. Men det er vel så viktig å bygge publikum i visse byar! Er prosjektet ditt liv laga skal ikkje ein bransjefestival «make or break you». Vil du satse på livespeling, så er ein slik festival særs viktig, men det handlar ekstremt mykje om timing.

Foto: Emilie Wulff Skårild

SIMEN KORNELIUSSEN

Festivalsjef for VillVillVest:

– Å spele på ein showcasefestival er ein sjanse for artistane til å skine og vise kva dei er gode for. Sjølvsagt, øving er nøkkelen, men det er også essensielt å invitere musikkbransjen til sin konsert. Det er viktig å hugse på den utrulege verdien som ligg i å utnytte den unike samlingen med bransjefolk fullt ut. Me er her for å inspirere og minne alle artistar om å gripe moglegheitene som møteplassen byr på, for å verkeleg gjere inntrykk og kople seg på nye moglegheiter.

En mann i en svart t-skjorte. Nærbilde av ansiktete som et passfoto.
En mann med en svart jakke og en grå genser med briller og bart, smiler.

ERIK EGENES

Dagleg leiar for Bylarm:

– Artistane får ein unik sjanse til å spele for mange toneangivande aktørar. Og dei kan få veldig konkrete resultat av konsertane sine. Me lukkast best når artistane har ein god plan på kva dei vil oppnå. Når me bookar tenker me: korleis kan me spele artistane gode? Musikkoppdaging skjer jo i sanntid i 2024, ikkje éin gong i året på ein festival. Derfor må ein bruke anledninga og momentet for det det er verdt.

Foto: Amanda Iversen Orlich

Etter gig

Etter 30 minutt er det heile over, Cupid Girl takkar for seg og går av scena.

– Det var både gøy og nervepirrande på same tid.

Sjølv om 25-åringen stort sett er nøgd, gjekk ikkje alt som planlagt under festivalen. Under den eine konserten hennar stod tekniske problem i kø, mikrofon utan kabel og trøbbel med lyttinga for musikarane på scena.

Sjølv om Julie alltid blir nervøs før konsert, tek ho slike utfordringar med eit smil.

– Alle stod og skjønte at det var teknisk trøbbel før konserten var i gong. Ein må berre gjere det beste ut av det.

Trass teknisk bry skryt Julie av publikumet i Trondheim og festivalen.

– Eg er sjokkert over kor interesserte dei var i ny musikk.

– Det er kjempeviktig fordi heile bransjen er samla på ein stad. Det er ingen annan plattform som har akkurat det.

MEIR OM «URØRT»:

Siste fra P3.no: