Kaffi – rett frå tarmen

På ferie fekk P3morgen-Markus ein genial idé: Lage ein ekslusiv kaffi på bønner som har gått gjennom heile tarmsystemet hans.

I eit halvt år har Markus Neby jamleg rota i avføringa si etter kaffibønner han svelgde unna dagen i førevegen. Kva kan få nokon til å frivillig leite gjennom sin eigen bæsj?

Kva er Kopi Luwak?

  • Ein av verdas dyraste kaffisortar
  • Kan koste 500 kr for ein kopp
  • Produsert i Indonesia
  • Asiatisk palmesivett, eit kattedyr, et kaffibær og kaffibønnene kjem ut saman med avføringa
  • Kaffibønnene blir fermetert av enzym i fordøyingsprosessen, og skal ha ein mindre beisk smak enn annan kaffi
  • Dyra må for det meste sitte i bur, og produksjonen av kaffien har skapt debatt om dyrevelferd

Det heile starta i april 2017, då programleiaren reiste til Bali. Under opphaldet vitja han ein kaffiplantasje som produserte det dei reklamerte for som «verdas dyraste kaffi».

Kaffien «Luwak Coffe» blir laga ved at luwaken, eit mårliknande kattedyr, et modne kaffibær som går gjennom fordøyingssystemet før kaffibønnene kjem ut saman med avføringa. Bønnene blir plukka, reingjort og brent til ein kaffi som kan koste så mykje som 500 kroner for ein kopp.

Neby bestemde seg for å gjere det same.

Vanskeleg å skaffe bæra

Det viste seg å vere fleire utfordringar knytt til prosjektet. Neby snakka med barista Ida Kristine Stephansen som kunne informere om at det ikkje berre var problematisk å fysisk gjennomføre prosessen, men også å skaffe kaffibæra.

Det var ikkje mange som trudde han skulle klare det, men Markus Neby ga seg ikkje. Foto: Kim Erlandsen/NRK P3

– Eg har jobba med kaffi i meir enn 15 år, og eg har aldri sett eit kaffibær i Noreg, fortel Stephansen. Vidare poengterer ho at Neby, dersom han kjem så langt, må finne nokon som går med på å brenne kaffibønnene for han.

Heilt frå starten av valde Neby å gå til lyttarane for hjelp, og det gav resultat. Ei mor med eit kaffitre vart løysinga, og Neby fekk tilsendt 40 kaffibær.

Var det umoglege mogleg?

Men så kom den verkelege utfordringa. Ekspertar meinte at det ikkje ville vere fysisk mogleg for kaffibønna å gå gjennom fordøyingssystemet til eit menneske. Det var derfor stor spaning knytt til første gong Neby skulle ete bæra.

Saka blei større enn meg, og vart etter kvart viktig for mange.

2. mai vart den skjebnesvangre dagen. Markus åt tre bær på morgonen, og kunne då ideelt sett finne seks kaffibønner. På veg heim frå jobb kjøpte han ei pakke med plasthanskar for å vere førebudd på å starte leitinga. Utpå kvelden kjente han at han måtte på toalettet. Han gjekk på do, og snudde seg for å leite. Med hanskar på, plukka han opp avføringa og fann heile fire kaffibønner. Dette augeblikket skildrar Neby som ein av dei største oppturane under prosjektet.

– Eg motprova ekspertar då eg fann bønner i avføring den første gongen. Og då innsåg eg verkeleg at prosjektet var mogleg, fortel Neby.

https://www.youtube.com/watch?v=i8YyuthI7Oo&feature=youtu.be

Bæra skapar fleire problem

Kaffibæra skulle vise seg å lage fleire problem for Neby. Dei byrja å rotne. Då sat han der brått med ein sjeldan pose frukter som måtte kastast.

Tidlegare Noregs- og verdsmeister i baristakunst, Tim Wendelboe, vart redninga. Han stilte med bær frå sitt eige, personlege kaffitre. Han kunne i tillegg informere om at bæra kunne frysast.

Eg bryt barrierar og opnar moglegheiter med prosjektet.

I byrjinga åt Neby berre tre bær om gongen, som då kunne gje seks kaffibønner. Dette var etter anbefaling frå lege då det er eit høgt koffeininnhald i bæra. Etter kvart fann han ut at han ikkje trengte å svelge dei heile som han hadde gjort før, men kunne ta ut bønnene, og berre svelge desse. Etter å ha fått snakka med ein ekspert på fordøying, turte han å auke talet på bønner også, og byrja etter kvart å svelge så mange som tjue bønner. Dette fekk fortgang i ein prosess som lenge gjekk ganske treigt.

Ein tung periode

Det å grave i eiga avføring var ei påkjenning for Neby. Sjølv med utstyr og ei innarbeidd rutine var det strevsamt, og ikkje minst særs tidkrevjande. Neby brukte 45-60 minutt kvar gong han skulle leite etter bønner, og fann ikkje alltid tid i ein travel kvardag. Periodevis gjekk det så mykje som tre veker mellom kvar gong han svelgde bønner.

– Då kom det fleire daudfødslar. Fleire gonger der eg kanskje hadde svelgd tjue bønner, og så fann eg ingen. Det var ein tung periode, seier Neby.

Det var også slitsamt reint psykisk å halde på med noko så ubehageleg, og lenge ikkje få dei ønska resultata. Neby fortel at han var innom tanken å gje opp heile prosjektet fleire gonger, men at det aldri faktisk var aktuelt.

– Saka blei større enn meg, og vart etter kvart viktig for mange. Det hadde vore utruleg egoistisk av meg å gje opp berre for at eg skulle kjenne meg betre, fortel han.

Programleiaren meiner han bryt barrierar med sitt kaffi-prosjekt. Foto: Kim Erlandsen/NRK P3

Det var eit slags pilotprosjekt, då det ikkje finst noko lett tilgjengeleg dokumentasjon på at nokon andre har gjort noko liknande før. Og dette hjelpte Neby å halde motivasjonen oppe, og fullføre det han hadde starta.

Neby seier også at dette er eit slags avantgardist kunstprosjekt.

– Eg bryt barrierar og opnar moglegheiter med prosjektet.

Så kom dagen, 5.12.2017. Dagen kanskje berre Neby sjølv hadde tru på. Dagen der han stolt kunne vise fram 101 kaffibønner, plukka frå eigen avføring. No hadde han nok til å trakte ein kopp kaffi.

Bønnene skal brennast

Resten av prosessen var ikkje like langdryg, men det stod fortsatt nokre utfordringar igjen. No skulle bønnene reingjerast grundig, før dei skulle varmebehandlast i steikeomn i eit døgn. Igjen gjekk Neby til lyttarane i P3morgen. Kunne nokon bidra med ein omn?

Kom nokon til å la Neby legge kaffibønnene, reingjort, men likevel ikkje sterilisert på nokon måte, inn i deira steikeomn?

Svaret? Ja.

Fast lyttar Maren Angel Christensen stilte villig opp. Ho kunne fortelje at ho har hatt andre sin avføring i kjøleskapet, då ho blei behandla for salmonella. Christensen er ei av fleire som har fått andre si avføring sprøyta ned i magesekken og opp i endetarmen som ein del av behandling, og ho har dermed eit meir avslappa forhold til bæsj enn dei fleste. Christensen fortalde at ho såg på dette som ein moglegheit til å ta opp eit aukande problem med tarmplager i samfunnet.

Bønnene var no tørka, og barista Tim Wendelboe kom inn att i biletet. Bønnene vart skrelt, så ein sat med grøne kaffibønner, også kalla råkaffi. Så vart bønnene brent i ein varmluftsbrenner, som når ein sluttemperatur på 205 grader. Etter det var bønnene avkjølt, før kaffien skal kvernast og bryggast under julefrukosten på onsdag.

https://www.youtube.com/watch?v=fbrZfx626_M&feature=youtu.be

Skapte stort engasjement

Neby har fått mykje støtte og merkar eit stort engasjement rundt prosjektet. Nokon han trur kanskje ikkje har det mest gjennomtenkte engasjementet er kollegaer Silje Nordnes og Ronny Brede Aase. Etter den første skepsisen har dei begge engasjert seg for at Neby skal klare å få nok bønner til å trakte ein kopp.

– Det dei kanskje gløymer litt er at dei også skal smake på kaffien, seier Neby. Då hadde dei kanskje ikkje vore like positive.

Også blant kaffiekspertar har Neby etter kvart merka mykje engasjement. Det er mange som kjem med informasjon og hjelper han undervegs i prosessen. Særleg Wendelboe har blitt ein stor del av prosjektet. Han fortel at han såg på dette som ein fin måte å setje fokus på korleis produksjonen av Kopi Luwak er. Då særleg at dyra som blir brukt ikkje har det særleg bra, og at resultatet heller ikkje blir det beste.

– Å la kaffi passere eit tarmsystem er ikkje ein bra måte å produsere god kaffi på. Det burde vert forbode å produsere denne Kopi Luwak-kaffien, seier Wendelboe.

Kva tenkjer du om å smake på kaffien til Neby?

– Eg kan vel trygt seie at eg gru-gler meg. Eg trur det blir meir morosamt enn det blir ei god kulinarisk oppleving. Men at det blir ei oppleving eg aldri vil gløyme er heilt sikkert, fortel Wendelboe.

https://www.youtube.com/watch?v=fYvVsDkYZJk&feature=youtu.be

Gler seg til å smake

Målet, kanskje til og med draumen, vart nådd. Onsdag 20.12.2017 blir Markus Neby sin eigen kaffi, heilt frå botnen av, servert på årets julefrukost. Og Neby, han gler seg til å smake.

– Eg trur faktisk det blir ein ganske bra kaffi, det er fine bønner som har vore gjennom ein god prosess, og dei er i dei beste hender hjå Tim Wendelboe.