Kasta sigarettar på publikum

Radioresepsjonen kåra Chesterfield-røyken til dagens beste, og feira med å kaste gratis røyk etter tilskodarane.

Radioresepsjonen kastar røyk etter publikum

Radioresepsjonen kåra Chesterfield-røyken til dagens beste, og feira med å kaste gratis røyk etter tilskodarane.

Fleire hundre møtte fram for å sjå Radioresepsjonen opptre live på Hovefestivalen. Mange sat klare allereie ein halvtime før Bjarte, Steinar og Tore entra scena, og endå fleire stoppa opp ettersom showet kom i gang.

Marius Hagland fekk tak i røyk– Dei er geniale, seier Marius Hagland og tek eit par drag av Chesterfield-sigaretten Bjarte, Tore og Steinar kasta frå scena. Røyken blei kåra til dagens beste og Marius var ein av horden som sprang fram til scenekanten for å knipe til seg eit par røyk som trioen kasta på publikum.

– til å vere ferdigpakka er denne overraskande god, seier Marius som helst røyker rullings sjølv.

Tacofest!

Som kjent et det viktig å kle seg riktig, men stilfult, når ein er på festival. Ettersom årets tema er Taco, har Radioresepsjonen gått for den meksikanske mariachi-looken med matchande sombrerohatt.

Radioresepsjonen med meksikansk look

Radioresepsjonen på Hovefestivalen: