nrk.no

Kjærasteparet Kasper og Amelia sel nakenvideoar: – Føler det blir feil å glorifisere det

Då kjærasteparet Kasper og Amelia mista jobbane, blei nakenbildesala ei nødvendig inntekt. Det førte til at grenser blei flytta.

9B0A9623

Då kjærasteparet Kasper og Amelia mista jobbane, blei nakenbildesal ei nødvendig inntekt.

Det førte til at grenser blei flytta.

9B0A9595

– Det einaste eg tenkte, var «Shit. Kvifor gjer eg dette eigentleg»

«Kasper» (27) og «Amelia» (22) har vore kjærastar i to år. I 2019, heilt i starten av forholdet, starta Amelia å selje nakenbilde, nakenvideoar, brukte truser og sokkar.

Berre nokre månader etter blei Kasper freista til å gjere det same.

Dei starta begge med det fordi det virka moro og for spenninga si skuld.

– Då han også starta, tenkte eg berre at det var ekstra «cash», flirer Amelia mot skjermen medan P3.no snakkar med dei gjennom Teams.

«Feetpics» og «dickpics»

Kasper og Amelia var glade for å kunne spe på budsjettet sitt, slik at dei hadde pengar til overs til å gå på byen eller kjøpe ein ny Ipad.

– Det blir mykje «feetpics» og «dickpics» og mykje «her er eg i bar overkropp», seier Kasper og løfter mobilen og gjer eit peaceteikn for å vise korleis han ofte tek bilde av seg sjølv.

Dei sette opp klare grenser for seg sjølve. Dei skulle ikkje gjere noko fysisk og skulle ikkje vise ansiktet på bilda og videoane.

– Eg skulle ikkje levere boksarar «in person». Eg ville berre tene litt ekstra pengar utan å bli utsett for noko, fortel Kasper.

Men plutseleg gjekk det frå berre å vere ei artig biinntekt til å bli ei nødvendig inntekt.

To personer sitter på ein benk med ryggen vendt mot kameraet. Det er ein gut og ei jente. Jenta har på seg ein blå singlet medan gutten har på seg ei kvit t-skjorte. Bildet er redigert slik at det skal sjå ut som eit knurvet papir.
BIINNTEKT: Nakenbildesalet skulle eigentleg berre vere ei artig biinntekt for Amelia og Kasper, men det endra seg. Bildet er trykt og fysisk manipulert i etterkant. Foto: Markus Indrebø-Langlo.

Måtte droppe ut av studiet

I januar 2020 var Kasper i full jobb, og Amelia var student med ein deltidsjobb. Dei hadde ikkje romsleg økonomi, men det gjekk rundt. Då pandemien slo til, mista både Kasper og Amelia jobbane sine.

– Rundt sommaren i fjor begynte det å demre for oss at vi ikkje kom til å vere ei varetatt sosial gruppe under pandemien. Det blei tydelegare at vi måtte skaffe pengar der vi kunne. Det var ikkje nok berre å ete meir ansvarleg og bruke mindre pengar. Vi måtte generere meir pengar, fortel Kasper.

– Sidan eg var student, hadde eg ikkje krav på dagpengar frå Nav. Det heile enda med at eg droppa ut av studiet for å få dagpengar. Det var ein kjip situasjon, seier Amelia og vender blikket ned.

Sjølv om dei begge fekk pengar frå Nav, var det ikkje nok til å leve av. Med ein ustabil arbeidsmarknad var det også vanskeleg å skaffe nye jobbar. Situasjonen blei meir og meir desperat.

Litt etter litt blei grensene deira flytta.

For å få meir betalt for undertøyet dei selde, begynte dei å møte kundane personleg for å overrekke trusene. Etter kvart begynte dei også å vise ansikt på enkelte av bilda og videoane.

– Folk er villigare til å bruke pengar på bilde med ansikt, seier Kasper.

Sjenerte kundar

Når Kasper og Amelia skal finne kundar, brukar dei ei norsk side som legg til rette for at seljarar og kjøparar kan kome i kontakt.

All kundekontakt skjer via Snapchat, der dei loggar av sine private kontoar for å logge på «arbeidskontoane». Kundane er som regel menn.

– Eg hadde først ei mental sperre og var ikkje så gira på at hovudklientellet mitt kom til å vere menn. Som mann må ein innsjå at det er menn som kjøper, fortel Kasper, men forsikrar om at han no ikkje har problem med at det er menn han må tilfredsstille.

Når Kasper skal beskrive den klassiske kunden, må han ta ein pause for å rulle ein røyk.

– Han er ung. Eg vil seie at han «pusher» maks 30 år. Dette er ein mann som tener altfor mykje pengar og har for lite å bruke pengane på. Dei klassiske kundane er veldig sjenerte, og eg må ofte mase om kva dei eigentleg vil ha, forklarar Kasper.

Han rullar ferdig røyken sin før han fortset.

– Dei er berre vanlege menn.

Då den økonomiske situasjonen forverra seg, måtte dei jobbe hardare for å skaffe kundar.

Må filtrere bort «creeps»

Kasper og Amelia kunne sitje i fleire timar og snakke med kundane om kva dei ville kjøpe. Dei kallar det for sekretærarbeid.

– Eg hugsar at vi begynte å annonsere oss meir. Vi brukte meir tid på å snakke med tullingar som eigentleg berre ville ha sex, sjølv om vi hadde sagt at vi ikkje sel sex. Det tek tid å filtrere bort «creeps», fortel Amelia.

Nokon held ein mobil med eit rosa deksel. Bildet er redigert slik at det skal sjå ut som eit knurvet papir.
SNAPCHAT: Amelia og Kasper har to kontoar på Snapchat, der den eine blir brukt til å snakke med kundar. Bildet er trykt og fysisk manipulert i etterkant. Foto: Markus Indrebø-Langlo.

– Det er mange som trakkar rundt grauten før dei tør å vere ærleg. Ein blir utmatta av å filtrere og finne kundar. Det er mykje bortkasta tid. Det er moro å «hustle», og så er resultatet ein Ipad pro. Det er mindre moro å «hustle» for å betale husleiga, forklarar Kasper.

For å få økonomien til å gå rundt, sa dei etter kvart ja til drygare førespurnadar.

«Handjob» for å betale husleiga

Kasper og Amelia har ein stamkunde, ein kunde som kjøper tenestene til paret utan å vite at dei er kjærastar. Dei pratar ofte med stamkunden via Snapchat.

Ein kveld tikka det inn ei melding til Kasper frå stamkunden.

– Han foreslo at eg kunne gjere ein «handjob» for han. Eg var litt sånn «ja, nei». Eg var nølande, fortel Kasper.

Med den økonomiske knipa i bakhovudet sa Kasper ja til å gjere ein «handjob» for å ha nok pengar til å betale husleiga.

Kasper beskriv seg sjølv som hundre prosent streit, men seier at han ikkje hadde problem med «handjobben».

Likevel har det sett i gang ei viss grubling fordi han gjekk så fort over ei tydeleg grense han hadde sett for seg sjølv.

– Eg trur ikkje eg hadde oppført meg slik om eg var økonomisk varetatt. Sånn sett stiller eg meg spørsmålet om eg kanskje om nokre år kjem til å tenke at «det var ikkje så bra», fortel Kasper.

Han skammar seg ikkje over å ha selt seg sjølv på den måten. Likevel føler han litt skam over at dei intime grensene hans har blitt skyvd på.

– Shit

Amelia har hatt fleire treff med stamkunden der han har runka til at ho tek på seg sjølv. Som regel er det ingen kroppskontakt mellom dei – det er ein del av avtalen.

– Det er av og til at han har lyst til å ta på meg, og så kan det hende han tek meg på låret, fortel Amelia og demonstrerer ved å legge handa si på Kasper sitt lår.

– Eg har blitt litt stressa, men det har gått bra.

Når ho får spørsmål om korleis det har vore å gå over sine eigne grenser, må ho tenke seg om før ho svarar.

Det er to personer som sitt på ein benk, men vi ser berre føtene. Det eine paret med føtter har på seg rosa sokker og kvite sko. Det andre paret med føtter har på seg svart bukse og kvite joggesko. Bildet er redigert slik at det skal sjå ut som eit knurvet papir.
INTIME GRENSER: For å betale husleiga har både Kasper og Amelia flytta på dei intime grensene sine. Bildet er trykt og fysisk manipulert i etterkant. Foto: Markus Indrebø-Langlo.

– Det einaste eg tenkte, var «Shit. Kvifor gjer eg dette eigentleg». Samtidig tenker eg at grensa har blitt skyvd, men eg har tent to tusen kroner på ti minutt.

Sjølv om dei har tatt på seg sjølv framfor stamkunden og selt handjobs til han, er dei opptekne av å framstille han som ein harmlaus kunde. Dei meiner han verkeleg bryr seg om deira velvære.

Stamkunden er den einaste kunden dei har selt fysiske seksuelle tenester til.

Hòlet i den norske velferdsstaten

Kristian Heggebø ved Velferdsforskningsinstituttet NOVA er ikkje overraska når han høyrer om historia til Kasper og Amelia. Han trur det finst fleire liknande skjebnar i Noreg.  

– Når ein går rundt og er kontinuerleg stressa for korleis ein skal få økonomien til å gå rundt, er det kanskje ikkje så rart at unge personar tyr til kreative løysingar for å sikre seg inntekt. Då kan ein i verste fall ta val som ein angrar på i ettertid fordi ein var i ein desperat situasjon, fortel Heggebø.

Ein mann med lyseblondt hår og lyseblondt skjegg ser alvorleg inn i kameraet. Han har blå auger og har på seg svart skjorte. Bak han ser vi så vidt ei bokhylle.
SYNLEG: Kristian Heggebø seier pandemien har synleggjort eit hòl i den norske velferdsstaten. Foto: NOVA/OsloMet.

Han har forska på posisjonen til sårbare grupper på arbeidsmarknaden og korleis det å vere arbeidsledig kan påverke helsa. Han seier unge menneske er spesielt utsette når dei blir arbeidsledige fordi dei ikkje har ei fast tilknyting til arbeidsmarknaden.

– Unge har få økonomiske bein å stå på, og mange har dessutan studielån. Samanlikna med foreldre- og besteforeldregenerasjonen har ikkje unge spart seg opp ein stor formue, og unge personar har ofte ikkje rett på dagpengar. Så unge har ikkje nokon overskotsmidlar å trekke på viss det byrjar å knipe økonomisk.

Ifølge Heggebø er unge som går arbeidsledig utan krav på støtteordningar som dagpengar, eit av dei største hòla i den norske velferdsstaten.

– Det har blitt veldig synleg under pandemien, men det har blitt innført fleire midlertidige endringar i dagpengeregelverket for å tette slike eksisterande hòl.

Ingen sjalusi

Sexolog Live Mehlum seier at ho forstår kvifor Kasper og Amelia blir freista til å selje nakenbilde og nakenvideoar, då det er pengar å tene.

 – Eg tenker likevel at det ikkje er noko eg vil anbefale nokon å gjere. Det kan dukke opp mange problemstillingar knytte til dette, for eksempel sjalusi.

ANGST: – Det kan også oppstå angstproblematikk om ein angrar i etterkant, forklarar sexolog Live Mehlum. Foto: Privat.

Det å skyve på grensene sine når det gjeld sal av seksuelle tenester, kan ifølge Mehlum føre til vonde følelsar og i verste fall psykiske problem.

– Livssituasjonen kan endre seg, og ein kan byrje å føle på at det ein gjorde, ikkje var greitt.

Kasper og Amelia synest ikkje at det er noko vanskeleg at begge sel nakenbilde og nakenvideoar, men ser heller på det som ein fordel.

– Det er ikkje noko grunnlag for sjalusi. Det er berre noko vi begge gjer. Sånn sett er jo det fint at vi begge gjer det fordi vi kan snakke saman om det. Eg trur eigentleg at det er betre enn om berre ein av oss hadde gjort det, seier Kasper.

– Vi har kvarandre til å realitetssjekke oss sjølve, legg Amelia til.

Glorifisering

Kasper og Amelia synest sal av nakenbilde og nakenvideoar har blitt altfor mykje glorifisert på sosiale medium det siste året og meiner at det blir framstilt som ei enkel inntekt.

– Det er sjeldan folk snakkar om dei negative sidene. Det blir snakka litt om kva som skjer viss bilda kjem på avvegar, men det blir snakka lite om kva som skjer viss du sjølv kjem på avvegar og kva som skjer om du mister litt kontroll over kva du eigentleg driv med, seier Kasper.

Det siste året har sider som Onlyfans fått ein enorm auke av brukarar. Den nordiske nettsida Mine Nakenbilder opplyser til P3.no at også dei har hatt ein betydeleg auke det siste året.

Frå 2019 til 2020 hadde dei ein auke på 62 prosent i nye seljarar, medan frå 2018 til 2019 var auken på berre på 5 prosent, ifølge tal Mine Nakenbilder har gitt til P3.no.

Kasper og Amelia er ikkje åleine om å meine at sal av nakenbilde har blitt rosemala dei siste åra.

«Datadetektiv» Mia Landsem uttalte til P3.no i fjor at ho såg seg lei på menneske som glorifiserer nakenbildesal og at ho reagerer på at det blir promotert så opent på sosiale medium.

Vi ser to personer langt unna. Den eine personen har på seg kvit t-skjorte og den andre personen har på seg lyseblå singlet. Dei går i eit omrdeå med grøne trær. Bildet er redigert slik at det skal sjå ut som eit knurvet papir.
FORDEL: Kasper og Amelia synest det er ein fordel at dei begge sel nakenvideoar og nakenbilde: – Vi har kvarandre til å realitetssjekke oss sjølve. Bildet er trykt og fysisk manipulert i etterkant. Foto: Markus Indrebø-Langlo.

Ønsker balanse

Kasper og Amelia ønsker ei meir balansert framstilling av verkelegheita til dei som sel nakenbilde og nakenvideoar, og håper at deira historie kan bidra til det.

– På TikTok blir det ofte framstilt som om Onlyfans er billetten din til å bli den neste Kardashian. Eg synest det er skummelt at nakenbildesal blir knytt til eit influensarliv. Eg føler det blir feil å glorifisere og uskyldiggjere det. Mange trur at det er enkelt å stå ved grensene sine, men du vil bli bedd om å skyve på dei, fortel Kasper medan Amelia nikkar og seier ho er einig i synspunktet hans.

Kasper og Amelia er framleis i ein økonomisk utfordrande situasjon, men med den gradvise gjenopninga har Amelia fått tilbake deltidsjobben sin. Kasper er framleis arbeidsledig og får sosialhjelp frå Nav.

Sjølv om dei ikkje jobbar like mykje som før med å skaffe kundar, er inntektene frå nakenbildesala ein viktig del av økonomien deira.

– Vi kjem ikkje til å slutte med dette på ei god stund, seier Amelia.

Kasper og Amelia er ikkje dei ekte namna deira, men P3.no kjenner identiteten deira.

LES MEIR PÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: