Har du noe å klage over?

Kva irriterer du deg over? Nyheitssaker med overskrifta «Hvordan få…»? Eller at du ikkje fekk tak i Bieber-billett? Hallo P3 vil høre fra deg!

Fortvil ikkje, for no set Hallo P3 i gong med ein ny runde med Klagofonen. Her kan alle de P3-lyttarar ringje inn på telefonnummer 03512 for å erkjenne dykkar største irritasjonsmoment.

– Er det noko nordmenn elskar, så er det å klage. Målet vårt er at dei ikkje skal klage til kollegaer eller vener, men til oss, seier Jørn.

Tuva meiner Klagofonen er ein fin måte å få ut aggresjon på.

– Eg er ofte ganske sint, og då treng eg å få det ut.

Premie til supersytar

Kvar onsdag skal Hallo P3 sende den beste klagen på lufta, og etter fire rundar sit dei att med fire finalistar. Dimed skal de stemme på dykkar favorittsytar, der vinnaren får ein Pinell Supersound Dab-radio.

Klagofonen er open 24 timar i døgnet, så om kebabkøen vert for lang, treng du ikkje vente til neste morgon for å ringje inn.

– Du kan ringje inn når som helst, og verkeleg rase, seier Tuva.

– Kva irriterer de dykk over?

– Jørn irriterer meg ganske ofte. Her om dagen skulle han hente kaffi til meg under sendinga, og fylte koppen med pepper. Eg merka det ikkje, merkeleg nok, og drakk opp alt, seier Tuva.

Jørn irriterer seg mest over folk med caps.

– Folk som har Yankees-caps, til dømes. Likar du Yankees? Ikkje det, nei. Kvifor har du Yankees-caps då? No vart eg irritert.

Hat over papegøye

Førre Klagofon-vinnar var Nicolai Darre frå Rælingen, som ikkje set særleg pris på naboens papegøye.

Vinner av Klagofonen er

 

Ring Hallo P3s Klagofon på 03512 døgnet rundt.