– Taco kvar fredag!

Kronprins Haakon Magnus pratar om seriesjåing og fredagstaco i sitt første direkteintervju nokon gong.

(P3morgen): – Det første som skjer om morgonen er at eg trykker på slumre-knappen. Eg legg meg alltid ein time for seint, fortel kronprins Haakon Magnus.

Morgonen heime hjå kongefamilien består av det samme som hos folk flest: Påkledning, frukost, leiting etter alt som skal vere med på dagens ferd. Og litt somling, kanskje.

– Me er ofte litt seint ute, det burde me jo ikkje vere, men det er me, seier Kronprinsen lattermildt.

LES OGSÅ: Kronprinsen brøt sammen og spilte ABBA

Fredagstaco er også eit fast innslag heime hos Kronprinsen. Og sjølvsagt går det i litt seriesjåing.

Kva ser du på av seriar for tida, då? Spør Ronny.

– Eg ser på The O.C. sjølvsagt… Neida!

Sjå kronprinsen fortelje om TV-favorittane i videoen under.
https://www.youtube.com/watch?v=4SVmRb3PS_Y

– Men eg trur favoritten min gjennom tidene må vere The West Wing, og kanskje The Newsroom.

Høyr heile intervjuet med prinsen i P3morgen HER.

Som far så dotter

På fredag byrjar Ungdoms-OL i Lillehammer, og då er det Prinsesse Ingrid Alexandra som skal få lov til å tenne den Olympiske ilden.

Kva slags råd vil du gi ho? Sidan du tross alt tente den samme ilden i 1994, spør Ronny.

– Det er jo ikkje så hokus-pokus, ho skal opp og øve litt, og kjem nok til å klare det heilt fint.

Kva tenkte du i 1994 då du stod der og skulle fyre opp ilden for ei heil verd? Spør Ronny.

– Åh, det augeblikket hugsar eg veldig godt. Me skulle taime det heile, eg skulle tenne ilden akkurat sånn at det passa med musikken.

Åpningsseremoni i Lysgårdsbakkene. Kronprins Haakon tenner OL-ilden.  (Foto: Lise Åserud / NTB / Scanpix)
Åpningsseremoni i Lysgårdsbakkene. Kronprins Haakon tenner OL-ilden. (Foto: Lise Åserud / NTB / Scanpix)

– Det som skjedde var at eg skulle få eit teikn i musikken når eg var på veg opp trappa, og på øvinga fann eg ut at eg skulle vere rundt halvvegs i trappa når teiknet kom.

Men på den faktiske ild-tenninga gjekk ikkje alt som planlagt:

– Teiknet eg skulle ha midt i trappa kom i det augeblikket eg fekk fakkelen i hånda.

Sjå korleis det gjekk då kronprinsen skulle tenne OL-ilden i videoen under.

– Om ein ser litt nøye på videklippet frå 1994, kan ein sjå at eg snur meg rundt og spring så fort eg berre kan, utan at det skal synast.

Når prinsen er nesten på toppen kjem teiknet hans i musikken på nytt. Då har han plutseleg veldig god tid.

– Til slutt stod eg der på toppen og tenkte «det var bra at eg kom fram i tide». Og så smilte eg litt, såg ut mot folka, og lét som det var slik det skulle vere.

I ettertid viste det seg at det faktisk var slik det skulle vere. Kronprinsen hadde berre fått litt betre tid, utan å få beskjed om det.